Vi bruker eigen pepperkakedeig som er velegna for pepperkakehus. Den skal i alle fall vere det! Her er lillesøster i god gang med å skjære ut formene.
Med to unger var det fint at alt skulle ha to deler. Ikkje ein einaste gong høyrte vi "urettferdig!",og det blir satt pris på! NonStop har vore på priskrig, men vi hadde litt igjen etter at vi pynta bidraget vårt til Pepperkakebyen. Vi pynta også med snumjuletrær og ymse smågodt.
Nytt av året var å ha melisglasuren i ein liten ziplock-pose og klippe av det eine hjørnet. Det fungerte som berre rakkern - no kunne ein jo kontrollere melisten litt!
Etter at lillesøster var i seng og storebror var opptatt med nettbrettet sitt kunne vi slå på litt Klem FM Julekanalen og lime saman stabburet med smelta sukker. Det gjekk bra til tross for enorme mengdar snop!
Til slut - ei trapp opp. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!