November kom og gjekk ganske kjapt, og eg tenkte i går på at eg hadde gløymt kva tida vart brukt til. Heldigvis hadde eg alt lagra bileta - og da kjem eg på i alle fall dette!
Ein av byens mange musikkfestivalar hadde opningskonsert i ein av middelalderkyrkjene i byen. Det var ekstra mørkt og kaldt - og det hadde vore ei lang veke - men sidan eg hadde sagt at eg skulle komme, så måtte eg jo det. Og det er eg så glad for! Dette var ei musikkoppleving av de sjeldne!Det regnar forferdelig mykje! Dagslystur for å sjå kor høgt vatnet var blitt i skogen like ved oss. Og det var høgt. Også er det gøy at biletet kan sjå ut som om det er i svart-kvitt, men det er det ikkje. Det er berre slik november 2024 såg ut innimellom.
Det er tidleg morgon og det er sol. I koppen er det latte på havremjølk. USA hadde nett fått ny president, og eg kjente på skam der eg gjekk med amerikansk brand i handa. Den skammen kjenner eg faktisk framleis på, så eg trur eg må finne meg nokon andre som lagar like god latte på havremjølk.
Morgonsol over Festplassen - på veg til foredrag om kunstens rolle i den søramerikanske politikken.
Ein kamerat frå vidaregåande held konsert i byn, og vi er sjølvsagt tilstades for å klemme, klappe, le og catch up.
Eit yogastudio ikkje så veldig nær meg, men nær nok, har yogaconvension. Eg får med meg tre ulike timar og enda fleire gode minner!
Vi har blitt invitert med på Diwalifeiring - og lærer at "en liten matbit" er det samme som buffet med alt ein kan ønske deg av deilig mat! For ein kveld vi hadde! Dette gjør vi igjen!
Det er farsdag, og vi feirer ved å gå på kafé og spise frukost. Det var deilig, men litt styrete.
Eg ville bruke nokon avspaseringstimar og tok turen til Danmark. Eg hadde ein fin dag i Aalborg i lyst og kaldt vintervær.
Også hadde eg det fint på båten ned og opp. Det var lite folk, god plass og roleg stemning. Finfint til å lese og strikke. Og drikke shamekaffe.
Eg er i bursdagsfest hos ei venninne som har denne utsikta frå huset sitt. Så vakkert!
Vinterbading er ei oppleving! Dette biletet er frå den dagen det var minus tre grader på land og pluss tre grader i vatnet. Vi møttes rett etter jobb denne dagen for å få litt dagslys. No ser vi ikkje dagslys etter jobb på nokon veker enda. Men plutselig er lyset der igjen!
Det skal også badast i varmare vatn! Fleksitidluksus - og bading midt på dagen. Saman med pensjonistar og barneskuleklassar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!