tirsdag 31. januar 2017

Speidergjester

I går var det så fint vær at eg og lillesøster spurte speidarane i familien om vi kunne få vere med på speidermøte. I går skulle de ikkje vere så mange på møtet, og de skulle ut i skogen med lommelykter og planer om kveldsmat på bål. Sjølvsagt fikk vi lov å vere med - gøy!
Kveldsstemning med Venus og månesigd.
Lillesøster har veldig lyst å begynne på speideren, men da i samme gruppe som storebror; og det kan ho jo ikkje sidan ho ikkje er stor nok. Men det var stas å få vere med på eit ekte speidermøte!
Vi gjekk til eit lite vatn og leita etter bålplass. Til slutt fant vi ein stein vi kunne tenne bål oppå. Alle som ville fikk prøve å tenne med tennstål først. Det vart fyr, men det var heilt vindstille, så mannen måtte jobbe ein heil del for å få bålet i gang!

Med lystige flammer kunne speidarane spidde seg grillpinner, og grille pølser på bålet. Det er ikkje så masse som smaker betre enn det! Det var kaldt og mørkt rundt, og lunt og lyst ved bålet. SÅ MYKJE betre enn å vere heime! Før vi fikk snudd oss var speidermøtet over og vi måtte gå heim igjen med kalde kinn og mette mager. For ein fin måndagsettermiddag!

mandag 30. januar 2017

Tanker om fred

"Jeg holder på å finne opp en veldig høg stang som virker slik at når jeg trykker på en knapp vil alle våpen i hele verden bli lekevåpen. Også vil jeg ta alle fabrikkene som lager våpen og flytte de til områder der det er mange flyktninger. For eksempel langs strendene der de kommer i land. Der skal vi lage de om til fine leiligheter som flyktningene kan flytte inn i gratis."

Storebror for president!

søndag 29. januar 2017

FundaySunday

For ein søndag vi har foran oss! Nokon var på nyttårsbord i går og kjem til å vere litt sliten, men eg trur ikkje han kjem til å rekkje å tenkje på det ein gong! Vi skal i kyrkja for å sjå storebror som har vore der på eit arrangement i helga, vi skal ha venner på middag og når de har gått skal eg sitte med beina på bordet og spise siste rest av browniesmuffins med kaffekrem som eg skal lage til dessert medan han tuslar ut på ein planleggingsmøte i speidaren. Mykje matlaging og mykje folk! Det er ikkje så mange betre vegar å ha sundagar - i alle fall når været er det motsatte av det som viser på biletet her:

lørdag 28. januar 2017

Skogstur før storm

Rett før ein av de mange stormane som var rundt jul og nyttår i fjor gjekk eg meg ein tur medan mann og barn satt heime og spelte Wii (enkelte har snubla over ein veldig god pris på finn.no).
Digger lyset som kjem når det er skyer og sol. Det blåste ganske friskt, men som det jo er i skogen; innimellom var det heilt vindstille der eg var medan eg høyrte vinden rasle i tretoppane.


Takk - da har eg fått dagslys! Da kan stormen berre komme!

fredag 27. januar 2017

Venninnelunch

I dag flotter eg meg med lunch på restaurant saman med ei god venninne som bur nordpå - og som akkurat denne helga er i Bergen ein tur! Eg må avspasere for å rekke å treffe ho, men det er jo nettopp slike høve det er kjekt å bruke avspaseringstimar! Ikkje det at det ikkje er kjekt å bruke timar på planleggingsdagar altså, men denne er litt kun for meg!
Eg ser fram til oppdatering! Det er eit år sidan vi såg kvarandre og MYKJE har skjedd! Spørs om eg rekker heim til middag i dag :)

torsdag 26. januar 2017

Jobb trumfer alt!

I dag hadde eg heile tre planar som går i vasken fordi eg skal vere på jobb heilt til kvelden. Enkelte gongar er det maks uflaks at mange kjekke ting kjem samtidig. Ikkje det at jobben min går under kategorien "kjekke ting" da - men alle de andre tingene. Og da prioriterer eg sjølvsagt jobb. Har eg eit val? Den eine kjekke tingen eg går glipp av tar eg igjen neste veke. Den andre tar eg igjen i morgon. Men den tredje kjem ikkje tilbake.
Men når arbeidsdagen er over kan eg få liv i folk igjen. Og det er jo hyggleg! *Eg skal nemlig på førstehjelpskurs i ettermiddag / kveld - og det er nyttig kunnskap ☺
Sol i enden av vegen!

onsdag 25. januar 2017

Almost there!

Den følelsen som kjem når ein er i ferd med å bli frisk igjen! Det er NESTEN så det er verdt å vere sjuk! Men berre nesten.

Det går framleis i halsdrops og mengder av te, men i dag kunne eg kjenne at eg ikkje lenger hadde vondt i alle muskler og ledd - og det var godt! Da blir dagen så mykje betre med det samme! Heldige meg som får nyte dagen med ekstra lang arbeidsdag - men pytt pytt. Det er sikkert endra betre i morgon!
Inn med vitaminer - ut med basselusker!

tirsdag 24. januar 2017

100 dagar!

I dag er det stor fest på 1.trinn! De har nemlig gått på skulen i 100 dagar! HURRA!
Lillesøster leser leseleksa si høgt for klassevenninna ho hadde med heim sist veke.
De feirar med pysjamasparty, ekstra god nisteboks, ein bamse i sekken, disko og den opne invitasjonen "de kan ta med noko som har noko med 100 å gjøre". Vi fant (heldigvis) ingenting der - men ho har med seg ein bamse, og ho har nugatti på den eine skiva si. Og ein lussekatt :)
Det er så stas! 100 dager! De begynte å telje alt første skuledag, så det er ein svært etterlengta fest!

mandag 23. januar 2017

Roleg helg

For ei fin helg vi har hatt! Lillsøster og eg har vore slitne med forkjølelse, så vi har tatt det heilt piano med lesing, strikking og kvile. I alle fall heile laurdagen! I går var ho fin igjen, og var på besøk store deler av dagen.
Storebror er supersosial for tida, og var heime med venner på rommet - eller heime hos de - heile helga. Da blir det jo ekstra roleg for oss som er heime! Mannen har hatt tid til å fikse småprosjekter som har venta ei stund - som mellom anna å lappe sykkeldekket til lillesøster. Fritid er fint!

søndag 22. januar 2017

Proteinrundstykker

Desse er så enkle og gode! Oppskrifta er herfrå. Desse har eg laga nokon gonger når eg vil ha noko raskt og ekstra godt å spise til lunch eller kveldsmat. Det tar ca.25 minutter frå du setter i gang til du kan spise varme rundstykker!
100 gr havregryn
2 egg
2 ss yoghurt/ cottage cheese/ kesam
Miks saman og legg på steikebrett ved hjelp av to skeier. Steik på 200 gr i 15 min.
De er nydlege med smør og ost! Og det beste av alt - desse tre ingrediensane har eg alltid i hus; derfor krever det ingen planlegging!

fredag 20. januar 2017

Te!

No som eg jobber meg utav ein forkjølelse som har bestemt seg for å etse hull i halsen min er ein kopp te heilt fantastisk! Det kan også vere godt med saftis når ein har vondt i halsen, men akkurat denne runden krever noko varmt!
Telandet over alle teland er vel Sverige! I fjor kjøpte eg fleire pakkar te da vi var der og det viste seg at det var full smakspott på alle! Denne med mintsmak skulle eg ønske eg kjøpte minst fire boksar av - den var så god! Som AfterEight i teform - mmmm!
Denne fine eska med honning - og sitronte kjøpte eg mest fordi den var så søtt innpakka. Men den er veldig god også, og ligger på jobb!
Desse!! Kvifor har vi ikkje sånne gode i Bergen? Har eg berre leita på feil butikk? Ingenting er som ein kopp med ein av desse etter ein iskald tur ute! Tjukk og varm drikke - fantastisk!
Denne er frå coop, men eg har ikkje sett den på butikken her! Litt søt og fruktig - kjempegod saman med ein liten pepperkakemann!

Vi er i disse dager i ferd med å bestemme sommarferie 2017. Samma kor vi reiser så lenge de har gøy te i butikken!

torsdag 19. januar 2017

Fem fine ting før lunch

1. Vere heilt nedsylta i forkjølelse på kvelden, for så å vokne i dag og føle seg (nesten) heilt frisk

2. Leite etter Puste på morgonen i dag for så å finne ho og lillesøster inne på det nye badet. Puste liker ikkje det nye badet, og i dag er første gong ho var der inne av eigen fri vilje! De to jentene altså!
3. Sitte ved morgonkaffe på jobb og le høgt og lenge av ein kollega sine historier om vokenetter etter at ho fikk seg katt i helga.

4. Møte ei datamaskin som ikkje har internett, og medan det blir jobba med sentralt få tid til å gjøre kjedelige ikkjeinternettoppgåver. Det var ikkje gøyt i seg sjølv, men no er det jo gjort!

5. Få ein klem av ein kollaga berre fordi "Du er jo ALLTID så positiv!"

onsdag 18. januar 2017

Pannebånd

For lenge sidan skreiv eg ut ei oppskrift på panneband via Nøstebarna sine nettsider. No ser eg at oppskrifta er vekke, men det er for så vidt ikkje noko spesielt ved den. Men det stod at vi skulle strikke med trippelt garn! Eg handla inn garn på nille, og med dobbelt garn (trippelt vart altfor masse!) og oppgitte masker, vart pannebandet for lite for lillesøster! Eg sydde det saman på toppen, og "vips" (hahaha) vart det ei misslykka hue til babyen.
Nytt forsøk! Eg hadde kjøpt inn garn til to panneband. No tok eg litt færre masker. Da vart den akkurat lang nok til at det akkurat passer til lillesøster. Da kan eg gje den vekk i gåve i mars, da har vi eit søskenbarn som blir 6 år.
For den vart jo så søt med den lille sløyfta på! Bak er den øka og minska i maskene slik at den er smalere bak på hovudet. Eg likte de eigentlig ganske godt, så eg trur eg vil kjøpe inn meir garn og strikke nokon fleire. Superraske var de også - gjort på ein ettermiddag!

tirsdag 17. januar 2017

Vinterhelg

For ei fantastisk helg vi har hatt! Det var snø og sol og helg - og den trioen er uslåeleg! Omsider kunne vi finne fram akebrettene!
I parken var det mange venner å leike med for ungane, og mange voksne å prate med for de voksne. Vi tok oss sjølvsagt nokon turar ned bakken vi også! Storebror fikk vere der aleine da lillesøster vart kald etter rundt to timar.
På søndagen pakka vi to sekkar fulle av ved, ekstra klær, mat og varm drikke - og gjekk gjennom Alvøskogen til Gullaksdalen saman med to vennefamilier.
Vel framme i Gullaksdalen var klokka blitt 12, og sola steikte rett inn på bålplassen!




Vi grilla pølser, pinnebrød og ostesmørbrød på bålet. Vi var 12 som var på tur i lag, og samla sett hadde vi hugsa alt vi trengte! Utgangspunktet for turen var faktisk ein kikk i fruktskåla vår, og eg som sa at "no må vi spise epler, for det har vi så mange av". Mannen spurte storebror om han ville lage eplekake, og da foreslo eg at vi tok oss ein tur der vi kunne servere eplekake. Som sagt så gjort, og alle fikk servert deilig eplekake etter lunch.


Ungane hadde med seg akebrett, noko som var lurt sidan det gjerne er tungt å bevege seg langt i vinterdressar og varme sko - og sidan det gjør 7 km skogsveg mykje kjekkare!
Vi brukte ein time inn, halvanna time på spising og leiking, og ein time tilbake - og vips hadde vi utnytta nesten heile soldagen! I dag er det plussgrader, regn og vind, så no forsvinner den fine snøen vi har hatt i nokon dagar. Håper det kjem ny snø og slike helger igjen ganske snart!

mandag 16. januar 2017

Elisabeth er borte

Denne boka sin "jeg"-person er ei gammal dame med alzheimers . Det er nettopp det som gjør denne boka så spesiell, og som gjorde at eg var like overraska over slutten som det ho var! Boka vekslar mellom no og da ho var ung; noko som er fint. Ein kan fort gløyme at eldre mennesker ein gong var unge, og dette gav ei fin virkning på boka. Den er trist og skremmande, og ganske sjokkerande. Men eg lærte noko om det å vere gammal. Finfin bok!

søndag 15. januar 2017

Tur Gullaksdalen

Nok eit knippe turbilete i sol frå spasertur til Gullaksdalen! Denne turen er nesten 8 km lang og så fin! Akkurat denne dagen gjekk eg så tidleg på dag at nesten ingen andre var ute på tur enda. Eg såg og såg etter hjort som eg veit er masse av i Alvøeskogen, men eg såg ingen. Eg er vel ikkje stille nok.
Den lave vintersola er så nydleg! Og den varmer jo!
Gullaksdalen ligger i skugge så tidleg på dag (skjønt, det er jo ikkje tidleg - men den lyse delen av dagen er så kort).

Her bruker vi å sitte og grille. Det gjør vi i dag! :)

lørdag 14. januar 2017

Fin julekalender

I klassen til lillesøster hadde de ein herleg julekalender der de trakk eit hjarte kvar dag. På hjartet stod det eit navn, og no skulle klassen seie fine ting om denne personen. Hjartet fikk de med seg heim. Det var så masse fint på lillesøster sitt!
Akkurat det at ho er fin på håret er like masse til meg føler eg! Det er jo eg som fiksar ho kvar dag. Klapp på skulderen der altså... ;)
Alt dette er så sant, og det er så fint å lese at også andre mennesker (og ikkje berre mamma og pappa) ser alle de fine kvalitetane denne lille erta har!

fredag 13. januar 2017

Jul og romjul 2016

Som vanleg kjennas jula uendelig langt vekke med det samme vi har pakka den vekk, men det stemmer jo ikkje heilt - og her kjem nokon bileter frå jul og romjul 2016!
Mormor og morfar kom til Bergen på lillejulafta. Ungane ville vente med juletrepynting til de hadde komt, så jula kom skikkelig i gang da! Etter Snøfall på TV (her kunne eg ha skrive ein haug, for noko av det eg saknar mest no i januar er nettopp den daglege pausa der eg og mannen drakk te og alle fire satt foran TV og var like interesserte) lagde vi kakao og smurte julebrødskiver til kveldsmat. Vi spelte "Ryktet går" etter ønske frå ungane - og det er jo alltid like hysterisk morsomt!
Julenissen fikk kaker lagt på fat. De siste åra har han gløymt å lukke døra i ovnen etter seg, og denne natta var det meldt masse vind - så storebror skriv ein lapp der vi had han om å hugse å lukke døra før han gjekk opp i pipa.
På sjølvaste julafta gjekk vi i kyrkja, og tanta til mannen kom for å vere saman med oss. Storebror lagde riskrem som vi hadde til dessert etter pinnekjøttmiddag (mmm). Det var masse flotte gåver til alle under treet! Puste fikk ein boks med tunfisk i nissesokken sin.
1.juledag klarte storebror å bygge ALL legoen han hadde fått dagen før (skulle tru det var ei konkurranse!), og vi prøvde ut dette spelet som vi hadde fått (eller ungane da ;)). Kjempegøyt byggespel som alle vart like engasjerte (og konkurranseoppspilte) i!
Puste var happy for at det endelig vart tomt under treet. Her sov ho stort sett heilt til vi pakka det vekk igjen. Eg trur ho likar lukta av teppet som ligger under!
2.juledag var det meldt masse vær, men vi gjekk ut etter frukost før det verste været kom. Ungane hadde fått drikkesekker av oss til jul, og de fikk sin første tur!
Vi tok ein avstikkar over Harafjellet og der fikk vi høyre kor vinden tok i de store træra! Kjempestilig (for meg! Mannen vart litt usikker på om de kom til å blåse ned medan vi var der)
Utsikt mot Lyderhorn.
Moseseng.
3.juledag reiste mormor og morfar heim igjen, og vi tok oss ein tur ut for å lufte oss litt denne dagen også.

Sjølv om det ikkje var lange turen vi skulle ta måtte de nye drikkesekkane vere med! No - kun få dagar etterpå - kan eg ikkje heilt hugse kva ellers vi gjorde, og det er eit godt teikn. Vi slappa nok av vil eg tru.
På nyttårsafta gjekk ungane nyttårsbukk saman med fire venner. Her er vi innom heime før vi går vidare.
Det var full snopepott og masse godt i posane etter ein god times tur med song og glade ansikter hos naboane.
Kl.20 gjekk vi ut og skaut opp litt fyrverkeri, og hadde stjerneskudd. Begge ungane var i seng til vanleg tid, og kl.00:00 vekte vi storebror etter avtale. Det var ikkje noko stas å gå rett frå varm dyne og ut i kulden med lys og lydar overalt! Det endte med at han låg i sofaen og holdt seg for øyrene, så vi tok han fort tilbake i seng. Men no har han da prøvd det ut!

Eg og mannen satt og las bøker heile kvelden, men opna ei flaske vin kl.23. Ei roleg og fin nyttårsfeiring - og vi var veldig klare for det nye året!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...