tirsdag 30. september 2014

Vi *hjerte* Torbjørn Egner

Vi leser for ungane kvar kveld - og det siste kanskje halve året har lillesøster ville lest Folk og røvere i Kardemomme By. Vi kan den nesten utanatt alle saman :)

Det er ikkje nok at vi leser eit kapittel kvar kveld. Lillesøster leser i den sjølv også. Og høyrer den på lydbok. Vi kan alle songane, særlig liker lillesøster Frøken tante Sofie sin sinte vise! Vi møtt Sofie i Kardemomme By i sommar, og har eit morsomt bilete av lillesøster som blir holdt i øyrene av den strenge tanta! Kjempegøy!
Og knapt noko er vel søtare enn å høre den lille stemma synge seg igjennom "Åhuffamegåhuffamegjegersåsintsomfy!" med søte talefeil og missforstått tekst!
Tidlegare har vi hatt lange peroioder med Karius og Baktus (særleg med storebror - vi las den kvar kveld da han var rundt to år), og sjølvsagt Dyrene i Hakkebakkeskogen. Ein av mine favorittar frå da eg var barn er Da Per var ku. Den har vi også, men ingen av ungane synas å like den like godt som meg. Men forfattaren - han liker vi alle saman!

fredag 26. september 2014

Hyttetur!

I dag reiser vi innover til Myrkdalen Fjellandsby der firmaet mannen jobbar for har ei leilighet som ein kan låne. Vi var her sist haust også, den gongen med foreldra mine. Denne gongen er vi der med venner med barn.
Vi var faktisk på hyttetur UTAN barn for nokre veker sidan da yngste broren min fylte 30 år. (Her vil eg skrive lillebror, men det blir kanskje litt dumt når han har runda 30?) Da var vi i Bremanger, og sjå kor kjekt det var å komme opp på rommet vi skulle få låne for natta! Snacks er aldri feil! :)
Her går mellom andre eldste broren min (til høgre) med ei gammal postvogn full av grillmat og drikke, vi skulle ned til eit naust som høyrer til hytta/huset for å grille der.
Sjå den nydlege kveldssola! Varmt og godt var det også - i sola vel å merke - ellers var det fint å få låne ei ulljakke av ei svigerinne!
Ut frå naustet.

Hunden til bursdagsbarnet var sjølvsagt med, men var ikkje heilt i partyhumør :) Men veldig fin da!
Her har vi yngste broren min til venstre, mannen i midten og eldste broren min til høgre. Knakandes kjekke karar alle tre! Her bygger de grue som vi kunne grille i.
Sola gjekk ned og det var nydlege fargar på himmelen i vest! Heilt herleg å sitte ute med denne utsikta! Sidan eg skulle springe halvmaraton veka etter drakk eg kun eit glass vin, men det glasset brukte eg god tid på å nyte altså! Maten var for øvrig toppers - vi var så mette at vi var dårlege heile gjengen. Nam!

torsdag 25. september 2014

og slik gjekk dagane

Denne veka har kroppen fortalt hovudet kvar skapet skal stå. I dag måtte eg trosse influensa og trappe opp hos kiropraktor med tårer i augene og minimal rørslefridom. For 550 kr fikk eg kjeft, men også 45 minutter behandling. Og ikkje minst "Nei, det er ikkje rart du har vondt! Eg er sikker på at kroppen er glad du vart sjuk så du måtte ligge litt i ro."
Ingen trening, kiropraktoren sin ordre. Kun småturar. Og slapp av. Bli frisk. Jobber framleis med den siste der. Influensa slepper ikkje taket når den først har satt seg.

mandag 22. september 2014

Heimedag

I dag sitter eg heime med influensa og vondter over alt!
Om ikkje anna ser det ut som om eg får lest ut e-boka mi. Men eg skulle heller ha vore frisk!

søndag 21. september 2014

Hummus

Proteiner er muskelmat! Når ein jobbar med å lære musklane å prestere er det lurt å mate de. Ikkje rett på McDonalds etter langkøyring sjølv om ein kalorimessig trygt kan gjøre det. Grove knekkebrød med hummus deriomt! Midt i blinken! Etterfulgt av gulerot med hummus som dipp. Køyr på!


Oppskrifta er enkel. Den består av ting de fleste alt har i huset, for oss gjelder det å kjøpe kikkerter så er vi der.

Ein boks kikkerter
Kvitlauk
Chili
Sesamfrø
Ein skvis sitron
God olivenolje

Køyr med stavmikser til alt er blanda, og voila! Maten er servert! Ein kan sjølvsagt køyre på meg olje slik at den blir meir rennande, ta meir eller mindre chili - alt etter kva ein liker. Eg liker den fast i fisken og med MYKJE chili og kvitlauksmak!

lørdag 20. september 2014

Rotete rom og flinke barn

Eg leser innimellom nettvettartikklar - og særleg de som omhandlar korleis voksne behandlar barna sine på nett. Her om dagen las eg ein slik artikkel der det stod som ein av 7 feil foreldre gjør på nett; nemleg publisere bilete av barna sine rotete rom.
Små teikningar over heile rommet! Resultat av ein time med "Frost" på CD og ro.
Her har det vel noko å gjøre med konteksten. Om barnet ditt er 14 år og du vel å leggje det ut på facebook slik at alle foreldra i klassen fikk sjå - med ein kommentar om at "Jensegut er så rotete! Eg blir gal!" så er eg heilt enig om at det er dårleg nettvett. Fordi om du ser godt etter på tenåringsrommet kan du skimte litt av eit fy-fy manneblad under puta.

Lego, lego, lego!
Rommene er ungane sine. Og sjølv om vi må rydde de innimellom for å støvsuge og vaske litt, så er det ikkje eit problem for meg at det ser ut som om det bur ungar som leikar der. Det er jo derfor de har rom!

Men sidan dette kan bli tolka som dårleg nettvett, og mobbing av eigne barn, utjamnar eg det med desse to kommentarane:

Når eg leverer lillesøster i barnehagen er det nesten som om eg leverer Elsa, eller Dora. Ho møter alltid ein haug med beundrere som oppfører seg som om det er ein evighet sidan sist de såg bestevennen sin.

*det er ikkje ein popularitetskonkurranse, men eg tolkar dette som eit teikn på at ho har mange venner som er glade i ho, og det er eg glad for å sjå!

Da eg henta storebror på SFO fikk eg høyre at han var ein av de beste i klassen å lese!

*det er ikkje om å gjøre å vere best - men det betyr at han er flink å lese - og det er eg veldig glad for å høyre!

fredag 19. september 2014

Ettermiddagstur til Fløyen

I heile går hadde eg Eli Kari sin verdensrekordsending om været på som bakgrunnsstøy på jobb. Derfor hadde eg fått godt med meg at desse flotte dagane vi har no - med sol og varme - får sin ende til laurdag. Eg satt i bilen på veg heim og tenkte at vi burde ha reist på stranda og grilla middag - verkleg utnytta ettermiddagen! Så da storebror spurte om vi kunne gå på Fløyen etter middag var eg heilt med!
Utsikt mot Løvstakken
Mannen kunne tenkje seg å klippe plenen, og lillesøster som hadde hatt turdag med barnehagen ville vere heime. Men da eg foreslo at vi skulle ringe nokre venner for å høyre om de ville vere med var plutselig lillesøster med på notane - og da hadde ikkje lenger mannen noko val.
Vi gjekk frå Skandemyren - dvs at vi hadde kjørt godt halvvegs opp. Dette er ikkje noko lang tur, og det var derfor eg sa ja til at vi kunne gå. Det viste seg at lillesøster var sliten, og storebror går igjennom ein periode no der hyl og skrik er reaksjonen på det meste som går han litt imot - så vi har jo hatt betre turar.

Straks framme!
Fire gode venner
Men da vi var komt opp storkosa de seg på leikeplassen - åt litt kveldsmat/middagsmat - også serverte vi sjokoladekjeks i trappa med utsikt over Bergen.

Nok ein finfin dag er snart forbi.
Vi gjekk ned ein litt anna veg enn vi gjekk opp - men prinsippet er det samme. Grusveg i svingar - og mange snarvegar å gå/skli ned.


Nok eit draumehus. Mannen: "Har du ein ti-tolv millioner på bok?"
Kule gule postkasser!
Vel heime fjerna vi flått frå lillesøster (eg trur ho har hatt mellom 10 og 20 flått i sommar), også var det rett i seng. Vi har sove som steinar i natt alle fire, så det lønner seg å gå på ettermiddagstur! Men eg trur vi skal la konseptet ligge til neste vår og prøve igjen da. Evt ikkje gå tur samme dag som lillesøster har gått tur i barnehagen og storebror er som ein frustrert tenåring.

torsdag 18. september 2014

Yoga

Første gong eg prøvde yoga gjekk eg heim og stupte i seng. Eg sov som i koma i 14 timar! Da eg var i permisjon med storebror gjekk vi på mor og barn-yoga på Yogarommet i byn. Storebror var svært så fleksibel som baby, og er det forsåvidt enda. Eg har også tatt yogatimar som del av jobben min, på Frivilligsentral og på sats. I begynnelsen av august var eg med på Kunst + Yoga som er eit tilbod på kunstmuseet KODE 1. Yogatimen begynner med ein kort omvisning og samtale med kurator om utvalgt kunst som er i museet før vi samlast og har halvanna time med yoga medan museumsbesøkande prøver å liste seg veg mellom ein haug med folk som står med rumpa i været og puster :) Dette er den hardaste yogaøkta eg har vore med på - instruktøren er ein av de beste i Bergen, så det var topp!

Slike gamle Bergenshus draumer eg meg heilt vekk i! Eg parkerte foran dette, og Stotzen er rett bak.
I går var eg på stoltzenyoga. Denne timen foregår på toppen av Stoltzekleiven, så oppvarminga består ikkje av å puste inn og ut nokre gonger - men å taske seg veg oppover 908 trappetrinn i ulik størrelse og bredde. Dette er ein knalltøff tur!
 Om halvanna veke er det motbakkeløpet "Stoltzen Opp", så det var (som vanleg kanskje?) fult i folk nede i Fjellveien der løypa starta, og oppover heile vegen.
 Vel oppe venta ei fantastisk utsikt over Bergen og Askøy. Eg brukte litt mindre tid opp enn eg trudde (takk til halvmaratontreninga), så eg hadde god tid på toppen til å nyte sola og den friske lufta før yoga starta kl.19.


 Også her var det ein veldig flink instruktør - og det var heilt nydleg å stå ute i frisk haustluft å trene yoga. Eg hadde hatt med meg ein ullgensar opp, for det vart fort litt kjølig. TV2 var der også, så det blir sendt eit innslag på God Morgen Norge, men eg veit ikkje når.

Etter ein time var vi godt utstrakt og møre. Eg gjekk opp igjen til Sandvikspilen for å sjå litt på solnedgangen i vest - nydleg! Heldigvis vart eg der ikkje lenge, for innan eg var komt meg ned igjen var sola gått ned, og det begynte å bli vanskelig å sjå kvar trappetrinnene var.

Ein flott avslutning på ein heilt vanleg onsdag!


onsdag 17. september 2014

D-pearls

Frå LikenShare fikk eg tilsendt ein pakke med D-pearls til utprøving. Etter denne knallsommaren er det vel knapt eit menneske i dette land som lider av D-vitaminmangel - men det er jo opplest og vedtatt at det er vanskelig å få nok D-vitaminer her oppe i nord. Hos oss går det i tran, sana-sol eller vitaminbjørner på vinterhalvåret (alt etter kven du spør), så i år har eg tjuvstarta på tilskotssesongen med ein liten gul pille kvar kveld.
Pillen er så liten at ein fint kan svelge den ned utan vatn, og ein kan også tygge den. Vitaminen er "blanda" med god olivenolje - så når eg tygger den smaker det faktisk godt! Frisk olivenoljesmak er deilig - nesten så eg burde ha dyppa litt focaccia i det! ;) Det hadde blitt vanskelig, for det er ikkje store perla:
So far so good! I tillegg utnytter eg sola så mykje eg kan, så det er vel nummeret før det blir vitaminoverdose her. Neida. Joda.

tirsdag 16. september 2014

Søndagstur over Vidden

Fred og ro på fjellet ein godværssøndag i Bergen går ikkje ann - men saman med masser av andre mennesker gjekk vi Vidden på søndag, i knallvær! Dette var mann og barn sin første tur, derfor var eg den einaste som stressa litt i forkant - eg viste jo kor langt det var!
For å spare føttene tok vi Ulriksbanen opp. Dette er jo ein turistmagnet - og kostar den nette sum av 290 kr! I tillegg til 150 i parkering. Det er ikkje gratis å ta seg ein søndagstur altså. Dette er første gong ungane tar bana opp. Tidlegare har vi gått opp, også har mann og barn tatt bana ned medan eg har gått ned. Med kø inn til ledig vogn, og tur opp til bilen på nedsida tar dette rundt samme tid.

Da vi kom køyrande mot Haukeland Universitetssjukehus såg vi ikkje toppen av Ulriken i tåka. Det var heilt magisk da vi kom over tåka på veg opp med bana. Skyene låg tett nedanfor og over heile byen - heilt utruleg! På fjellet var det steikandes sol og knallblå himmel! Vi kunne ha blitt her og stirra i timesvis (eller i alle fall til morgontåka hadde gitt seg), men vi kom oss av gårde innover mot Vidden kl.10:30.
 Ungane var fulle av energi - og sprang så fort at ein av de sjølvsagt tryna midt i gjørma - og skreik så høgt og mykje at eg tenkte at vi kanskje måtte snu. Men fiksinga på problemet var å ta av buksa (og da ville barn nummer 2 også gjøre det), derfor gjekk ungane Vidden i berre trusa. Det var for varmt å gå i bukse også da! Her kjølner vi oss litt ned i eit av de mange fjellvatna vi gjekk forbi.
 Etter rundt 2 km var vi komt til sjølve Vidden - eller i alle fall det eg tenkjer på som Vidden - varderekka. Her ligger vardene tett, og det er super motivasjon. Eg veit ikkje om ungane eigentlig trengte det, men det var kjekt - også la vi steinar på nesten alle! Det er i jamnt og litt ulendt terreng - perfekt for barneføtter! Litt opp og litt ned. Det høgaste vi var var 700 moh. Det lågaste var 100 moh - men det var når vi var nede igjen :)
 Her ser vi litt av Bergen by på venstre side. Rundemanen med tårnet i det fjerne. Her var vi på veg. Vi hadde med masse mat og drikke, og hadde to matpauser og ein snackspause, i tillegg til utallige drikkepauser. Når det er så varmt synas vi aldri at vi har med nok vatn, så eg og mannen sparte slik at ungane ikkje skulle bli tørste. Dette lærer vi tilsynelatande aldri noko av, men eg håpar vi gjør det snart. MEIR DRIKKE! Heldigvis hadde vi også med kakao (!!) og smoothie.
 Vi er så imponerte over de små føttene vi hadde med oss! Det er langt - og sjølv om det ikkje er så mange høgdemeter på ein gong - er det litt av ein tur! Ungane var i godt humør stort sett heile vegen, særleg lillesøster på 4 år var superhappy! Ho er verkleg så glad i å gå på tur! Storebror synes det var litt langt, og gjekk lenge heilt stille. På eit tidspunkt fresa han "Dette er den dummaste fjellturen eg har gått!", men da han såg det gamle skihoppet i tre som ligger litt skjerma og usynleg til steig humøret fleire hakk og munnen gjekk i eitt!

Da vi kom på baksida av Rundemanen (på biletet over her) tok vi ei pause før vi gjekk nedover mot Svartediket. Tanken var at det skulle vere kortare. Eg er usikker på om det var det, men vi slapp i alle fall å gå opp på Rundemanen. Frå krysset her er det veg (uansett om ein går opp og vidare mot Fløyen eller om ein går ned mot Svartediket), så det går litt fortare.
 Sol, sol, sol - men på vegen ned til byn var det mykje skugge. Det var godt etter mange timar på fjellet i solskinn! Når vi starta på Svartediket gjekk eg frå de tre andre for å gå tilbake til bunnen av Ulriksbanen der eg kunne hente bilen. Les om Svartediket her! Glad eg ikkje hadde gjort det før eg gjekk der aleine på søndag! Kl.17:30 var alle på plass i Toyotaen vår. Vi brukte altså 7 timar på turen, inkludert masse pauser :) Fantastisk! Lengden til slutt var 15.61 km. Det står respekt av å gå den distansen når du er 4 og 6 år! Lillsøster hadde eit gnagsår på lilletåa, ellers var vi alle i fin form etterpå. Maks utnyttelse av ein fantastisk seinsommarsøndag!

mandag 15. september 2014

Planleggingsdag

Bonusfri! Det er planleggingsdag i skule, SFO og barnehage, og eg er heime med ungane og nyter finværet!


Lave skuldre? Yes! Frost CD på repeat? Yes! Film og lunch i sofaen? Yes! Happy day? Yes!

søndag 14. september 2014

Ut på tur!

Etter å ha vandra opp og ned på byfjellene i heile vår har vi hatt pause i fjellturar i sommer (med unntak av Preikestolen). Dette gjeld familien - enkelte andre har vore i djup treningsmodus og gått både ein og to gongar opp på ymse fjell for å nå rett puls over lang nok tid.

Sånn post-halvmaraton gledar eg meg over energi som eg kan bruke på familieaktivitetar - som fjellturar. I dag er det sol og deilig vær, og vi skal gå Vidden frå Ulriken mot Fløyen. Eg har gått fleire gongar, men det er første gong for mann og barn. Vi hadde tenkt å berre ha med storebror, men så bestemte vi at vi skulle gå alle fire. Vi vurderer å gå ei anna rute ned, så eg er usikker på kor langt det blir. Frå Ulriken til Fløyen er det ca.13 km. Men det er ok/flatt terreng og nydleg utsikt heile vegen. Vi tar Ulriksbana opp for å spare tid og krefter der.
I dag skal desse føttene og fjellskoene gå ein lang tur!
Vi kjøpte fjellsko til ungane i vår som alt er brukt mykje. De har også avlasta joggeskoene ein del, noko som er bra - de blir gjerne godt brukte før de er for små. I dag er det nok tørt og fint; det har det for så vidt vore heile sommarhalvåret; men Gore-tex er gull i fjellsko! Vi kjem nok til å kjøpe eigne fjellsko til ungane neste år også! Riktig utstyr er jo halve jobben (også rosiner da;))!

lørdag 13. september 2014

Bremykt steke og bake

Sist veke fikk vi ein ny buzzador-pakke på døra. Denne gongen fikk vi prøve ut Bremyk sin nye smørtype "Bremyk steke og bake". Vi bruker vanlegvis Bremykt på brødskiva, men Tine Smør til steiking og baking.
Pakken frå buzzador i kald isoporeske.
Sponsa av Bremykt? Neiiiidaaaa...
Vi la vekk restane av Tine sitt smøt, og har no brukt Bremykt Steke og Bake i ei veke. I forhold til Tine synas vi det fungerer like bra - det lager god steikeskorpe på kyllingen vår, og fungerer heilt fint. På tysdag denne veka hadde vi middagsbesøk, så da satt eg bolledeig rett etter middag slik at eg kunne servere nybakt bollepizza til kveldsmat. Dette er NAM NAM! For å få ein mest mogleg luftig bakst er det lurt å elte inn smør i terningar heller enn å smelte det og ha det saman med mjølka. Her såg eg ein stor forskjell frå Tine sitt smør. Bremykt vart fortare mjukt i romtemperatur, noko som er TOMMEL OPP sidan eg alltid gløymer å ta fram ingrediensane før eg skal bake. Å elte kalde og harde smørterningar inn i deig tar tid! No gjekk det mykje fortare - og det liker eg!
Bollepizza er snadder, og nesten alt forsvant! Ingenting er vel så godt som ferskt og varmt bakverk? Det fall i alle fall i smak hos alle åtte!
Kan vi forsyne oss no?
Eg har også tenkt å bruke Bremyktsmøret når eg skal prøve meg på småkjeks med mykje smør i - for å verkleg teste smak og konsistens! Denne kjeksdeigen skal kvile og elte og smelte og avkjøle - så det har eg ikkje hatt tid til å gjøre enda. Men det ligger inni planane!
Nok ein kjekk buzzadoroppgåve er utført og vi har kosa oss med god mat! Også er det jo kjekt å gjøre noko ekstra utav vanlege dagar! Godt smør er nesten eit must i godt bakverk og god mat generelt. Eg er usikker på om eg kjem til å bytte ut Tine heilt, men kanskje vi kjem til å bytte litt på? Dette er i alle fall sunnare, med 20% rapsolje - sikkert grunnen til at det blir fortare mjukt på kjøkkenbenken?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...