fredag 19. september 2014

Ettermiddagstur til Fløyen

I heile går hadde eg Eli Kari sin verdensrekordsending om været på som bakgrunnsstøy på jobb. Derfor hadde eg fått godt med meg at desse flotte dagane vi har no - med sol og varme - får sin ende til laurdag. Eg satt i bilen på veg heim og tenkte at vi burde ha reist på stranda og grilla middag - verkleg utnytta ettermiddagen! Så da storebror spurte om vi kunne gå på Fløyen etter middag var eg heilt med!
Utsikt mot Løvstakken
Mannen kunne tenkje seg å klippe plenen, og lillesøster som hadde hatt turdag med barnehagen ville vere heime. Men da eg foreslo at vi skulle ringe nokre venner for å høyre om de ville vere med var plutselig lillesøster med på notane - og da hadde ikkje lenger mannen noko val.
Vi gjekk frå Skandemyren - dvs at vi hadde kjørt godt halvvegs opp. Dette er ikkje noko lang tur, og det var derfor eg sa ja til at vi kunne gå. Det viste seg at lillesøster var sliten, og storebror går igjennom ein periode no der hyl og skrik er reaksjonen på det meste som går han litt imot - så vi har jo hatt betre turar.

Straks framme!
Fire gode venner
Men da vi var komt opp storkosa de seg på leikeplassen - åt litt kveldsmat/middagsmat - også serverte vi sjokoladekjeks i trappa med utsikt over Bergen.

Nok ein finfin dag er snart forbi.
Vi gjekk ned ein litt anna veg enn vi gjekk opp - men prinsippet er det samme. Grusveg i svingar - og mange snarvegar å gå/skli ned.


Nok eit draumehus. Mannen: "Har du ein ti-tolv millioner på bok?"
Kule gule postkasser!
Vel heime fjerna vi flått frå lillesøster (eg trur ho har hatt mellom 10 og 20 flått i sommar), også var det rett i seng. Vi har sove som steinar i natt alle fire, så det lønner seg å gå på ettermiddagstur! Men eg trur vi skal la konseptet ligge til neste vår og prøve igjen da. Evt ikkje gå tur samme dag som lillesøster har gått tur i barnehagen og storebror er som ein frustrert tenåring.

1 kommentar:

  1. Åh, for noen flotte bilder! Formidabel utsikt, herskapelige hus og kveldssol - maken til turomgivelser!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...