søndag 30. mars 2014

Kalle Kanin

Oppskrifta på laks og wok fann eg i eit blad ein gong - og er framleis noko vi liker godt og ser ut som om vi ikkje blir lei av :)
Mango er verdas mest spiste frukt, og det er ikkje rart! Nammis!
Kok ris, steik laksen, eller grill den slik vi gjør, og wok ein pose grønsaker frå frysedisken eller bruk friske grønsaker. Dette er kvardagsmiddag for oss, så vi brukar frossenpose. Mot slutten tilsetter du ein mango som du har rensa og delt opp i bitar.
Tilsett ein boks med kokosmjøk og la det putre litt. Salt og evt pepper, også:
Laks med ris og wok. Eller Kalle Kanin som de i bladet kallar denne retten:) Vi har pimpa det litt opp med usalta peanøtter og koriander.

lørdag 29. mars 2014

Bursdagsgut!

Ikkje eige nettbrett enda - neida - han skal få ny sykkel i gåve av oss:)
I dag må det TO HENDER til for å vise kor gammal han er! Seks år - det er MYKJE! Vi har planlagt bursdagsfeiring lenge, og jobba heile veka for å få alt klart til i dag! Spidermankake, gele i mengder, brus, pølser i brød, snopeposar og leikar. 11 unger og glade lydar! Heldigvis er det sol i dag, så vi vurderer om vi skal ha oss ein tur ut i hagen med alle gjestane for å springe av oss litt energi.

Bileter frå dagen kjem ein anna gong. I dag nyter vi dagen og den flotte guten vår!

fredag 28. mars 2014

Spent!

To minutter før klokka ringte i dag kom storebror tuslande inn på soverommet.

- Mamma? Det er jo lang på dag!
- Nei, klokka har ikkje ringt enda.
- Men det er jo lyst ute!
- Det er fordi det er vår!

Det er spanande å vokne den dagen det skal vere bursdagsfeiring i barnehagen. Den tredje eldste av alle ungane; og klar som eit egg! Alt før eg hadde kledd på meg hadde han vore på do, vaska seg, kledd på seg OG vekt lillesøster! Det veit eg å sette pris på ! :)

I går spidda eg frukt og bær på spyd som avdelinga i barnehagen skal kose seg med i dag. Det norske flagget var oppe da vi kom i barnehagen, og den eine ansatte på avdelinga kjente nesten ikkje igjen storebror "for du har jo vokst SÅ MASSE i natt!" til storebror sin store begeistring! Lillesøster dansa rundt han og klemte og klemte på han, stolt som berre det! Det er så kjekt å vere midtpunkt! Den eine kameraten hans hadde laga ei flott teikning til storebror i går der han hadde skrive: "Jeg liker deg veldig mye. Håper du får en fin bursdag." Mammahjartet sprekker av glede!

I ettermiddag baker vi kake og lager gele. Fyller godteposer og gleder oss til den ekte bursdagen i morgon!

Tenk - for seks år sidan viste eg ikkje at eg berre om ein dag skulle bli mamma for første gong. For seks år sidan i dag avtalte eg og mannen at vi skulle sove lenge neste dag, som var ein laurdag, også ta oss ein tur på butikken. Men slik vart det ikkje. Og seks år seinare er vi her :)

torsdag 27. mars 2014

Heimedag

I påvente av tidenes overtidsveke neste veke avspaserer eg i dag. Eg skal vaske huset, og eg skal med god samvittighet shlække i sofaen og sjå på TV. Eg lurer på om eg skal jogge ei runde i dag, men samtidig tenkjer eg at det kanskje er lurt med ein kviledag etter fjellvandringa i går. Eg blir så full av energi når det endelig er sol og ok varme (og før pollen slår meg ut), men er eg lur (og det liker eg jo å tru at eg er ;) ) porsjonerer eg energien litt ut. Eg får vaske hus til svetten tar meg - også sette meg på verandaen i solsteiken og kjenne på kor deilig det er å vere heilt i ro.

onsdag 26. mars 2014

Turdag

Vi utnytter solrike dager; og sjeldan har vel ein vårfin kvardagsonsdag blitt brukt betre! Etter at vi kollektivt vart enige om at det var for dumt å vere inne heile dagen når det var så fint vær ute på jobb i går vart vi enige om å ta med oss lunchen vår på fjellet i dag. Nærmare bestemt Damsgårdsfjellet (344 moh). Litt kald vind på toppen, og isete; men ein fantastisk tur med sol og tørr og god sti det meste av vegen. Årets første fjelltur for meg! Og dagens første, men ikkje siste.
Utsikt frå Damsgårdsfjellet. Bilete lånt herfrå.

Etter at storebror og mannen har vore på fotballtrening skal eg og ei venninne gå ein tidleg kveldstur på Lyderhorn (396 moh). Dagens og årets fjelltur nummer to. I juli skal eg gå Galdhøpiggen med mamma og pappa, så med dette er opptreninga i gang! Eg er framleis øm etter styrketreninga måndags ettermiddag; det kjem med fornya kraft etter natt to! Men eg kjenner at det løyser seg godt opp når beina får jobbe litt oppetter fjellsidene. Hjelpes kor heldige vi er som har så mange flotte turmoglegheiter i umiddelbar nærleik! Og sol!

Utsikt frå Lyderhorn. Bilete lånt herfrå.


tirsdag 25. mars 2014

Vaffeldag

Musikalsk ettermiddag. Duett. 
SOL SOL SOL SOL! Do we LOVE it?? Jeppsipeppsi! I dag er det vaffeldagen, så vi benytter høve til å bruke opp både kremfløyte og rømme som snart går ut på dato, og lager feit og god vaffelrøre som vi skal servere med rømme og siste lille rest av heimelage ripsgele til kveldsmat. Etter den steinharde styrketimen eg hadde på sats i går er det på sin plass å fylle på med sikringskost dagen derpå! Eg er stiv og støl overalt, og digger det!
Vi skal sjølvsagt utnytte ettermiddagen ute, før vaffelspising. Eg skal sage vekk ei gammal ripsbusk eller to som vi ikkje klarer å kave oss fram til å juli når de er fulle av blader og rips. Ellers skal vi rydde litt på naturtomta vår (for det er eigentlig det den er) og glede oss over spirane som jobber seg veg gjennom rusk og rask som ikkje vart rydda vekk etter hausten.

I dag fikk eg ein sjanse gjennom LikenShare som eg ikkje kunne la gå frå meg. Eg leser bok på senga kvar kveld, men har enda ikkje prøvd meg på e-bok. No har eg fått sjansen, og gler meg til å prøve det og sjå om eg trivast med å lese bok på nettbrett. Boka, som eg gler meg skikkelig til å lese, er "Mannen som ville dø lykkelig" av Knut Georg Andresen. Den får ligge på vent til været blir verre, for desse dagane som kjem skal eg vere uteuteute så mykje eg berre kan!

mandag 24. mars 2014

Tåkete lykke!

I mangel på bilete av tåke eller dis går eg motsatt veg - klare og våte plastperler.
Vi VEIT at det skal vere sol i Bergen i vekesvis! I alle fall denne veka, og garantert nokon dagar. Sola var her da vi tusla ut 07:35 i dag tidleg, men når eg nærma meg sentrum var heile byen dekka av tjukk, kvit tåke. Og over tåka var sola. Alt blir skugger, og den lyse tåka reflekterer sola slik at det kjennes som om ein beveger seg i lett glødande masse. Eg elsker denne morgontåka med sol! Den minner meg om Kina; Beijing og til dels Shanghai, romjula 2005. Der var nok tåka forurensning, og den var litt gråare, men lyset var ganske likt. Eg er i Kina kvar gong det er slik her; og det kjennes så urbant på eit vis. Også - rett i feriemodus! :)

søndag 23. mars 2014

Venner!


Lillesøster har eit aktivt sosialt liv. Ho er heldig å ha mange gode venner å leike med både i barnehagen og heime. I går fikk ho vere med på Vennebyenshow på Forum Scene saman med en av bestevennene. Apas Magiske Trylleshow - de må tru ho var oppspilt!
Vi prøvde å få på ho den eine Vennebyengensaren ho har, for å vere skikkelig blodfan liksom, men ho ville heller gå med den gule kjolen som ho har på bileta. På bileta har ho besøk av vennen som ho var på show med i går. Utan oss, men med foreldrene hennes.
Haha, eg må av og til le av bileta eg bruker her inne. Mykje hår overalt! Men anonyme er de :)

Ha ein riktig god søndag! Vi venter vennebesøk - moussaka er i omnen - nam!

lørdag 22. mars 2014

Partrening!

Storebror liker å trene saman med andre. Her tennis i pausen av ein fotballcup.
Trening er kjekkare saman med ein venn blir det sagt. Eg liker best å trene aleine, gjerne i gruppe, men aleine. I dag skal eg prøve å trene saman med mannen! Han skal bli med meg på cycling på sats. 55 minutter, og med min yndlingsinstruktør. Han skal få låne pulsbeltet mitt (AKA god kone;)), og han skal ta seg heilt ut! Gu' kor gøy!
Backhand!
I alle fall for meg! Eg booka han inn på time utan at han viste det, men han er sporty og sa ok med eit usikkert smil. I går vart han meir og meir usikker på korleis dette skal gå. Eg er sikker på at det går veldig bra, og eg gler meg til å trene ved sidan av han . Kjekkas ! <3

fredag 21. mars 2014

Fredagsdate

Med bilete av tre finfine unger (som ikkje har noko med noko å gjøre - bortsett frå at ungane fikk ein ny tremenning i går - som fikk samme navn som kjekkasen i midten av biletet) tar vi helg!

Mamma har vore på besøk hos oss denne veka, så eg og mannen skal i kveld ut på vår andre date på fire dagar! På tysdag såg vi The Wolf of Wall Street på kino, og i dag skal vi spise middag på Zupperia før vi skal sjå Privatliv på DNS. Vi har det godt :)

torsdag 20. mars 2014

Hurra for Ibsen!

Muffins og blomar - hipp hurra!
I dag fyller Henrik Ibsen 186 år - og det jublast!! Du held deg knakandes bra - kjære, flinke, reflekterte mann!
Mitt STØRSTE Ibsenaugeblikk hadde eg for nokre månadar sidan. Eg hadde nett komt meg etter at Hedvig skaut seg sjølv i Vildanden, etter at Ellida drukner i Fruen Fra Havet, og etter at Nora gjekk ut døra. Etter at Osvald stille seier "Gi meg solen mor" i Gjengangere. Vi veit at det kjem, men likevel knuser det hjartet når det skjer.

Så var eg så heldig at eg fikk oppleve ein av våre store Ibsentolkere; Toralv Maurstad spele ein av sine yndlingsscener frå Peer Gynt, Mor Åses Død.

Ein mann, ein stol og to roller. Heilt fantastisk! Mot slutten satt heile salen og hiksta av gråt. Ein kan godt vere tøff ei god stund, men med ein slik skodespelar foran deg vil det før eller sidan renne over.

Ja,var det ikke det jeg vidste?
Nu blev der em anden dans

(angst)

Hvorfor ser du, om øjet skulde briste?
Moer! Er du fra samling og sans-!

(går op til hovedgærdet)

DU skal ikke likke og glane!-
Snak, moer; det er mig, din gut!

(føler varsomt på hendes pande og hænder; derpå kaster han snoren bort på stolen pg siger dempet:)

JA så! - Du kan hvile dig, Grane;
for ret nu er rejsen slut.

(lukker hendes øjne og bøjer sig over hende.)

Hav tak for alle dine dage,
for bank og for barne-bys!-
Men nu får du takke tilbage-

(trykker kinden mod hendes mund)

Se så, det var tak for skyds.

Akt 3, Scene 4

Så gratulerer med dagen Henrik! Du er i aller høgaste grad i live i dag! La meg avslutte med eit av mine yndlingssitater som eg siterer Ibsen på rett som det er: 

Tar De livsløgnen fra et gennemsnitsmenneske,
så tar De lykken fra ham med det samme.
(Doktor Relling, Vildanden, 5. akt)

onsdag 19. mars 2014

Storfint møte!

I jobben min treffer eg mykje bra folk. Eg gjør eit nummer ut av at eg ikkje googler folk før eg treffer de; for å treffe de som de er der og da - ikkje å treffe de med media sin versjon av de fremst i pannebarken. Men når eg, som i dag, er med på eit stort arrangement der eg sitter på bord med ein eldre herremann som eg SER at alle andre i rommet ser på; da skjønner eg at eg burde ha googla.
Eg liker ikkje å bruke mobil når eg er saman med andre, så i to heile timar satt eg ved bordet og småprata med mannen og kona hans medan eg sakte danna meg eit lite bilete av kven han er og var. Ingen moglegheit til å finne ut kva viktig han har gjort, men all moglegheit til å snakke med han og høyre på det som vart sagt.
Vel tilbake på kontoret googla eg han og kona - og eg fann ut kven eg har sitte ved. Jakob Sæthre Skarstein og kona hans Inger-Lise Skarstein. Veit ikkje du kven det er heller, så må du lese om dei på Wikipedia. Eit lite stykke Noregshistorie - og eg er så heldig at eg har snakka og smilt med de i dag. 

Nok ein god dag på jobben :)

mandag 17. mars 2014

Kakao!

Ofte betalar ein for det ein får. Eller får det ein betalar for. Denne kakaoen fikk vi til jul (så av og til får ein det andre har betalt for), og den får posekakaoen til Freia til å smake som sølevatn; dette er GOD KAKAO!
Mykje handlar sjølvsagt om vi blandar vatn med pulver eller om vi blandar varm H-mjølk med pulver. Eg ser ikkje vekk frå at freia rett-i-koppen er god med H-mjølk. Men når vi da skulle smake denne kakaoen slo vi til med feit mjølk. Og det var SÅ GODT! Med mjuke marshmallows som smelta og skikkelig rik kakaosmak. Nesten for god til å dele med andre enn ein er gift med! Og trur du at kakaosesongen er over har ikkje du vore på tur i Sogn og fjordane i helga ;)

søndag 16. mars 2014

Kunstnerisk periode

Storebror er inne i ei ny kunstnerisk periode. Han har vore innom AngryBirds spelebrett-periode, SuperMario-periode, skattekart-periode, veg-periode, og no er han inne i ein hus-periode. Teikningar av denne typen blir produsert kvar dag i barnehagen! Dette er kun ein versjon, og etterkvart som dagane og vekene har gått utviklar innholdet i teikningane seg kraftig.

Det som alltid er likt er at det er eit hus med pipe, strand, flytebrygge og båt - og storebror og lillesøster som bur saman i huset. Storebror elsker lillesøstra si, så når de blir store vil han at de skal bu saman ("Eg vil ikkje gifte meg med nokon eg ikkje kjenner" seier han). På denne teikninga, som er den mest dramatiske så langt, fortel storebror at det er ein stor kjempe på veg mot huset deires. Det er den orange saken som er i himmelen. Storebror springer først (til høgre) og er veldig glad med eit stort smil fordi han har pakka ein sekk med viktige ting no som de må rømme frå huset sitt. Lillesøster (til venstre) griner - ser du tårene? - fordi ho ikkje veit korleis de skal få med seg båten sin.

Tidlagare har han teikna at de badar, fiskar, leikar eller berre står der. Alltid med store og glade smil :) Til no har vi rundt ti versjonar av dette scenariet, og eg tar godt vare på alle med forklaring bakpå om kva vi ser. Gøy!

lørdag 15. mars 2014

Kunstprosjekt: sparegris

Ungane fikk sist sommar kvar sine sparegrisar med tilhøyrande maling av mormor og morfar slik at de kunne dekorere de sjølve. Kunstprosjektet har eg spart til "a rainy day", men den dagen kom aldri, så sist helg fann eg det fram til de likevel.
Dette minner meg litt om kunstprosjektet CowParade, så eg var spent på korleis ungane ville gripe det ann! Begge smelte på auger og smilemunn før de begynte å male øyrene.
Storebror gjekk for gule øyrer og lillesøster for orange. Klare og fine fargar!

Desse småboksane fylte med, men sidan eg har hatt de liggande ei stund var storebror sine litt inntørka. Heldigvis har vi ein skuffe full av maling, så det var ingen problem.
Ferdig resultat! Storebror sin til venstre og lillesøster sin til høgre! Lillesøster fikk ein 20 kroning i sin, men så såg vi at holet i botnen ikkje var stort nok til at den kunne bli tatt ut igjen! Vi klarte å lirke den ut holet på toppen, men altså - ingen store kroner nedi desse! Kun lappar ;)

fredag 14. mars 2014

Førfest!

I dag er vi i Florø og feirer storebror som snart fyller 6 år! Han er ein ettertenksom og reflektert ung mann; flottare enn flottast! På biletet skriver han bursdagsbrev til Emily. Han har lenge vore interessert i tal, og de siste månadane har interessen for bokstavar komt for fullt.

Tenkt at han store her ein gong var han lille der!

torsdag 13. mars 2014

Malte dører

Dørene i huset vårt er frå 1968. Da vi pussa opp badet sommaren 2013 fikk vi laga nye karmar der slik at ei ny dør passa inn. Skulle vi ha kvite dører i resten av huset måtte vi ha bytta karmer der også, så vi gjorde den enkle løysinga - male. Heldigvis var listene rundt og karmen alt kvit.
I følge dama på butikken skulle det holde med to strøk - men det var framleis litt skjoldete etter to strøk, så eg malte eit tredje strøk også. No ser det (nesten) ut som om dørene er skikkelig kvite. Her er døra inn til badet, og døra inn til vårt soverom.
Nede i kjellaren går det fire dører inn i hallen. Ei dør vart mala sommaren 2010 da mannen malte veggane kvite - før var de 70-tallsguleorange. Her er døra bak til bakkjellaren og døra inn til storebror sitt soverom.

Slik vart det etterpå - ein stor forandring! Vi skifta sjølvsagt også ut de stygge dørklinkene slik at vi no har de i børsta stål. Ein dum bieffekt av maling er at plutselig ser de andre fargane litt meir knæsj ut - her i hallen er det de mulifarga flisene som ikkje akkurat vart vakre med masse kvitt rundt seg. Men de er absolutt praktiske, så de får berre vere stygge. Det er greit med raske og billige ting vi kan gjøre sjølve slik at huset blir meir og meir vår smak :)

onsdag 12. mars 2014

Manuelas muffins

Eg snubla over Manuelas Cupcakemix frå Mølleren i ei tilbodsvogn her ein dag, og røska med meg både muffins- og toppingmiks. På søndag miksa vi saman sjokolademuffins (røra smakte NAM!) og kvit sjokoladefrosting som vi kunne servere vennane når de kom på besøk. Storebror hjalp til heile vegen.

Huff så kjedelig det er med pulverpakke! Og når ein må mikse i smør, egg og fløyte i tillegg kan ein like gjerne bake alt frå botnen av! Noko eg også liker best å gjøre. Men muffinsane smakte forsåvidt godt de! Alle ungane likte de og åt, men to av fire barn skrapa av toppingen. Det eine barnet ville også at vi tok av den delen av muffinsen som hadde vore borti toppingen. Så den falt ikkje heilt i smak kan du seie. Våre to barn åt alt, men eg misstenker at det er fordi de hadde bestemt seg for at de skulle like det, for det gjekk ganske så treigt.
Vi likte ikkje toppingen så godt vi voksne heller. Konsistensen var veldig fin, men den smakte ikkje godt/ingenting. Vi pynta med fin-fin pynt som eg har hatt liggande så lenge at det var gått ut på dato. Når desse sukkerestoffgreiene går ut på dato veit du at du har hatt det liggande lenge! Kameraten til storebror sa "Mmm, pynten smakte best!"

Neste gong lagar eg med eigne oppskrifter :)

tirsdag 11. mars 2014

Vårpels

Puste begynner å merke våren. Da gjør vi også det - i form av store kvite pelsdottar på sofaen om morgonen. Av og til i form, av og til kleistra rundt på sofaputa.
Gode vinterpelsen er på veg av - og det er mykje å ta av! Godt at ho er så innmari fin!

mandag 10. mars 2014

Endelig ute!

Det merkast at ungane begynner å bli store. De begynner alt no å få eit sosial liv utanom oss voksne, og de vi vanlegvis plasserar de saman med. Sjølvsagt er vi med sidan det er henting og bringing og sms, men de tar sjølv initiativet. På søndag hadde begge to besøk av gode venner frå barnehagen. Det er utan tvil meir jobb med to jenter på treogeithalvt enn med to gutar på seks! Da gutane gjekk ut for å preparere grunnen for å lage hus (ja, du leste riktig - ikkje nokon vanlege unger dette;)) ville jentene også vere med.
Det er så deilig med vår og opplett og unger som kan bevege seg ute utan vinterdresser eller regnklær på! Gutane jobba så svetten silte og jentene vart jaga vekk - så de sprang rundt og rundt i hagen - opp og ned - heilt til begge var våte på buksene og lillesøster hadde skrapa opp kneet. Da var det nok og de ville inn igjen.
I dag skinner sola, men eg skal inn og svette på ein time styrketrening på sats i stadenfor å gå på fjellet (som eg heller har lyst til). Det er så godt og inspirerande med lyse dagar!

søndag 9. mars 2014

Hekla krage

Ungane fikk ein kjekk pakke i posten av oldemor i Ålesund! Storebror fikk strikkasokker, og lillesøster ein hekla krage som ho la si elsk på med ein gong!
Ho vil ha den på kvar dag - og aller helst i barnehagen. Da har eg sagt nei - eg vil ikkje at den skal bli skitten og kanskje til og med forsvinne. Derfor tar ho den på med ein gong ho kjem heim.
Kjempefin - overalt!

Her har ho også lånt sokkane som storebror fik. Arvebukse, tyllskjørt i str.1 år (som tydeligvis aldri blir for lite, og godt er det), strikkakjole som eg laga til ho da ho var 6 mnd - og som ho har brukt sidan (først var den for stor, så var den passlig og no begynner den å likne ein tunika), perlesmykke som ei venninne i barnehagen har laga til ho, og den nye kragen frå oldemor. Ho kan sette saman ein look denne jenta!

lørdag 8. mars 2014

Host begynner på...?

Vi snakkar masse om bokstavar heime. Storebror jobbar med bokstavar i barnehagen, der de fortel til oss at han er nummeret frå å knekke lesekoden. Lillesøster får sjølvsagt mykje med seg når vi fokuserar på bokstavar heime også, og kan mange. "Puste begynner på P" kan ho seie.

I går på morgonen var eg og lillesøster på badet, og ho nyser. Eg sa "bless you", og da ser ho opp på meg og seier "Bless you begynner på ein host."

Elsker det!

Forresten: Gratulerer med kvinnedagen alle flotte damer!

fredag 7. mars 2014

Trening!

I ettermiddag skal eg på vekas tredje treningsøkt! Det betyr kun ein ting: våren har komt! Eigentlig ikkje - sidan tre treningsøkter på ei veke i 2013 betydde to joggeturar og ein fjelltur med mann og barn. I mars 2014 betyr det ei langtrening på spinning, ein kombinert kondisjon og styrketrening i sal, og ein knalltøff intervalltrening på spinning. Men vi lar det bety at det snart er vår!

Lillesøster skal vere med ei lita venninne heim frå barnehagen i dag, og med kun mann og storebror heime trenger eg ikkje å vere der i ettermiddag. Dette høyres fælt ut, men storebror er superhekta på Pulverheksa på lydbok, så han bryr seg katta om kvar eg er. Mannen klarer seg nok fint utan meg han også;)

I kveld er det dette som står på menyen:


- og ein øl.

torsdag 6. mars 2014

La meg synge deg stille sanger

Da eg var heime aleine i helga og malte dører og lister; rydda og vaska, høyrte eg denne lydboka "La meg syne deg stille sanger" frå 2005. Eg har sett coveret fleire gonger, lest om den og lurt på om eg skulle lese den, men så har det forsvunnet frå meg igjen. Derfor vart eg glad da eg "gjennoppdaga" den på biblioteket før helga. Vond og sår handling, som innimellom fikk meg til å tenkje "Dette er berre ei bok, det har ikkje hendt - det har ikkje hendt" slik at minnene som vart fortalte ikkje skulle få meg til å miste trua på menneska. Sidan eg høyrte på den medan eg malte gjekk tankane mine rett tilbake til handlinga da eg stod på måndags kveld og reiv av maskeringstape rundt dørene og listene. Den hengjer litt i de nymåla flatene no medan historia står ganske klart for meg.

Ei god bok - absolutt verdt å lese! *snufs

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...