onsdag 19. mars 2014

Storfint møte!

I jobben min treffer eg mykje bra folk. Eg gjør eit nummer ut av at eg ikkje googler folk før eg treffer de; for å treffe de som de er der og da - ikkje å treffe de med media sin versjon av de fremst i pannebarken. Men når eg, som i dag, er med på eit stort arrangement der eg sitter på bord med ein eldre herremann som eg SER at alle andre i rommet ser på; da skjønner eg at eg burde ha googla.
Eg liker ikkje å bruke mobil når eg er saman med andre, så i to heile timar satt eg ved bordet og småprata med mannen og kona hans medan eg sakte danna meg eit lite bilete av kven han er og var. Ingen moglegheit til å finne ut kva viktig han har gjort, men all moglegheit til å snakke med han og høyre på det som vart sagt.
Vel tilbake på kontoret googla eg han og kona - og eg fann ut kven eg har sitte ved. Jakob Sæthre Skarstein og kona hans Inger-Lise Skarstein. Veit ikkje du kven det er heller, så må du lese om dei på Wikipedia. Eit lite stykke Noregshistorie - og eg er så heldig at eg har snakka og smilt med de i dag. 

Nok ein god dag på jobben :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...