fredag 30. september 2016

Etterlengta fredag

Nokon fredager kjem som bestilt; og denne gjør det. Eller - faktisk bestilte eg den til i går, men vi skal ikkje vere vanskelige. Kvardagane er i gang og da susar hausten av stad! Tenk at det alt er siste dag av september! "Svisj" sa det!
I dag håpar eg at vi kan vere heime alle fire i alle fall i nokon timar. Det er så masse som skjer på alle kantar, at eg trur vi snart må begynne å booke inn familietid. Biletet er frå Karlstad i sommar. Ungane oppdaga villbringebærbusker fulle i bær rett bak hytta vi leigde, og brukte de som pålegg på polarbrød. Mmmm!

torsdag 29. september 2016

Nye venner

I lillesøster sin klasse er det ingen som ho tidlegare har gått i barnehage med, men det har absolutt ikkje vore noko problem - som vi trudde det ikkje kom til å bli. De er ikkje så mange jenter i klassen, så de som er der har fått ei fin tone alle saman, og det er kjekt og viktig. I dag er lillesøster for første gong med ein av de nye venninnene sine heim etter sfo. Det er så spanande å sjå rommet; det er jo det som er mest stas!

For tida går det nesten litt for masse i venner sidan det blir ein kombinasjon av planlagte besøk som i dag og uplanlagte der venner kjem og ringer på (k.v.a.r.e.i.n.a.s.t.e.d.a.g.). Det er veldig kjekt, men utfordringa ligger i leksetid og tid til dusj (og kanskje litt roleg tid?). Det er ein organiseringsjobb dette foreldreskapet.
Ein unge eller fire unger. Fem?
I helga var ingen av ungane våre heime, men så kom det nokon venner på besøk likevel. Så masse for litt barnefri! (Eg sendte de heim etter ein halvtimes tid altså) Opne dører i alle hus! :)

onsdag 28. september 2016

Konferansedagar

I dag og i morgon er det påfyll som gjelder! Det er fritidskonferanse i Bergen og eg gler meg til mange gode innlegg og forhåpentligvis inspirasjon! Bonus er jo hotellmat i to dager! Det gledast!
Frå Bergen Assembly

tirsdag 27. september 2016

Uflaksmåndag

Det var i utgangspunktet ein god dag, men noko skjedde rundt middagstid - også tok den seg ikkje opp igjen.

Lillesøster og meg bestemte oss for å sykle til danseskulen sjølv om det striregna ute, så vi kledde på oss fult regntøy og trilla ut på vegen. Lillesøster sykla foran meg og da såg eg at sykkelhjulet hennes var flatt. Ho hadde i utgangspunktet ikkje vore så happy med all påkledningen, men hadde latt seg overtale sidan det betydde sykkeltur. No måtte vi trille syklane heim igjen og ta bilen. Uflaks.

Medan ho var på dans spaserte eg heim igjen. Eg hadde tenkt å sykle meg ein tur, eller evt jogge - men med regntøy og ingen sykkel vart det gåtur. Det var nesten sol og i alle fall ingen regn, så heime skifta eg av meg de store støvlane og tok på joggesko. Da eg gjekk ut igjen begynte det å regne skikkelig masse og eg var blaut før eg hadde gått opp bakken. Uflaks.
Etter ti minutter med styrtregn slutta det og eg fikk ta eit bilete som vart
svart/kvitt fordi det var slik verden såg ut akkurat da. Flaks.
Vel heime etter dans henta eg posten og kjente at det måtte vere siste gong eg henta den i verdens styggaste postkasse. Seriøst - vi har den verste postkassa i historien! Den er stor nok - ja, men den er full av gaffatape gone bad, sprittusj og rust. Den styggaste postkassa på stativet! Da mannen kom heim var klokka nesten 8 på kvelden, men eg satte meg i bilen likevel og køyrte til butikken for å kjøpe ny postkasse. Og nye regnklær til storebror som på ein eller anna måte har klart å miste sitt. Etter lang tid på butikken for å finne rett postkasse oppdaga eg i kassa at eg ikkje hadde tatt med meg penger. Uflaks.
Utsikt mot Sotra kl.17:30 i går
Eg køyrte heim igjen og henta lommeboka og køyrte tilbake og betalte. Mannen i kassa hadde alt pakka tingene mine i pose (flaks) og forsikra meg om at eg ikkje var den første som kom utan lommebok denne dagen. Etter ein tur innom ein anna butikk for å kjøpe regntøy kom eg heim litt seinare enn eg set pris på. Eg viste mannen postkassa, og når vi prøvde å opne den viste det seg at den opna seg nedover, noko som ikkje går ann med vår plassering på postkassestativet, og derfor må den leverast tilbake. Uflaks.

På det tidspunktet tok eg meg ei gulrot og sa takk for meg.

Dagen i dag er så langt upåklagleg. Mann og barn skal dessutan på familiedag på Brann Stadion i dag, så eg skal spise middag aleine medan eg ser film på TV og hauststormen hyler rundt hushjørnet. Det er luksus! Flaks!

mandag 26. september 2016

Familiedag i Stoltzekleiven

I går var det familiedag i Stoltzekleiven, og sidan vi har så gode minner frå i fjor ville vi gjerne vere med også i år! Lillesøster skulle i bursdag, så vi valgte å ikkje stresse igjennom løypa og heller la ho vere heime medan eg og storebror gjekk. Vi var faktisk heime like før bursdagen begynte, så vi hadde nok klart det - men slike ting er vanskelig å vite.
Vi var på plass like over kl.10 og var derfor nokon av de første opp trappene. Storebror skulle bestemme fart, noko som kan bety full fres eller sirup. I går var det sirup så eg trudde eg skulle forgå. Eg veit ikkje om det var ei litt for klar mamma som skulle ønske det gjekk ein del fortare, eller om han faktisk gjekk for sakte. Fleire som vi gjekk forbi sa ting som "hei kamerat - veit du at du går oppover?" eller "han har jo knapt spaseringspust". Og eg berre "vi har NETTOPP hatt pause!" Hahaha, det er ingen kjære mor! Ein gong vi gjekk på tur med nokon venner så kom denne lille samtalen (så eg har nok ei "no går vi litt på"-holdning):

Venn: Åh, eg er så sliten!
Eg: Bra!
Lillesøster: Det er ikke noe vits i å si noe. Mamma sier alltid at det er bra.

Til tross for eit roleg tempo kom vi oss oppover. Ved Melkesyren hadde vi avtalt kjekspause. På dette tidspunktet hadde eg kapitulert, dessutan viste eg at vi snart var oppe. Men tungt var det ikkje blitt.
Siste delen av trappene gjekk som ein leik med masse medvind som dytta oss oppover! Det var veldig gøy! Det var heile 20 varmegrader og masse vind på toppen! Vi gjekk opp til Sandvikspilen, men der blåste det så veldig at vi fort gjekk ned igjen og vidare på løypa mot Fløyen.
Sterk vind!
Nydleg lys over Ulriken.
Vi gjekk via 4 poster og ei lunchpause og kom i "mål" like ved Skredderdalen. Der fikk storebror ei drikkeflaske i premie før vi gjekk ned til Fjellveien og bort til bilen.
Ikkje det at sjølve runden er så spanande, men legg merke til at vi kom til bilen på nøyaktig 5 km! Det stemmer ikkje, for det stod 4.99 da vi kom fram. Vi gjekk eit lite stykke tilbake for at den skulle lande på 5. Sa nokon tallnerd? Vi skulle klart det på 14 sekunder mindre, og forbrent 2 fleire kalorier - oh my!

Det er fint å berre vere to innimellom! Og rolig fjelltur har vel aldri drept nokon!

søndag 25. september 2016

Vareopptelling

Sidan eg likte så godt Erlend Loe sin formidlingsevne da han leser bøkene om Doppler, leita eg aktivt etter han som høgtlesar på Storytel-appen min. Han hadde også lest inn "Vareopptelling" ifrå 2013; så da høyrte eg den medan eg bretta klær og vaska opp over to helger. Denne var også kort, noko som er fint når eg ikkje skal ut på lange køyreturar. Med 10-11 timerslydbøker tar det for langt tid å komme igjennom når du kanskje får høyre ein time iløpet av mange smådelar ei helg.
I Vareopptelling følgjer vi ein lyrikkforfattar som nett har gitt ut ei "comeback"bok som ikkje får så gode anmeldelser i avisene. Ho er heilt tydleg veldig sjuk og forstyrra - og det som skjer iløpet av denne dagen er heilt utruleg, det er tatt heilt ut i det ekstreme; ho har ingen filter! Det blir både psykologisk ekkelt og overdrevent morsomt på ein gong. Eg begynner jo å lure på Erlend Loe sjølv, når han klarer å finne på alt dette som skjer både i denne boka og i Dopplerbøkene! Det er jo forfattaren de har til felles.

Nok ei god bok med perfekt munnleg gjengiving!

lørdag 24. september 2016

Hvetebrødsdagene er over!

I dag er det game on og tar du utfordringen! For første gong skal Qashqai'en vår vere med på kombitur til Åsane. Vi snakkar full bil begge vegar. Kasser fulle av ting vi ikkje lenger bruker til Fretex og ein tur innom Ikea etterpå. Som sagt. Hvetebrødsdagene er over kjære venn.
Ny bil foran. Gammal bil bak.
Greit at du er god å køyre, men har du plass til ein treseters sofa og fire Billi-hyller baki? OG to unger?

(vi skal ikkje ha ny sofa og nye hyller, men vi skal ha noko. Og det er større enn- ja - ein del andre ting)

Spørsmålet er: kjem vi (for første gong) til å sakne Avensisen i dag?

fredag 23. september 2016

Stillhet og lyd

Det siste året eg var student var eg journalist i HF-fakultetet sitt magasin Atrium. Frynsegodene bestod mellom anna i tilgang til pressevisning av nye kinofilmar før premiere. Dette tilbodet benytta eg meg masse av og eg drøymer framleis tilbake til morgoner der eg heiv meg på sykkelen i Sandviken, stakk innom Narvesen og kjøpte kaffe som eg drakk i kinomørket sidan klokka var 9 om morgonen, og når du er student er det tidspunktet samanliknbart med 7. Før klokka var 11 hadde eg sett ein god film - og da var dagen alt god!
I dag skal eg gjennoppleve dette! Det er BIFF (Bergen Internasjonale FilmFestival) og vi har fått lov å sjå film i arbeidstida. I dag skal eg sjå "In Purcuit of Silence" kl.09.05. "En hyllest til stillheten." Eg ser fram til ein tankevekkande film og kaffe. Denne gongen trur eg at eg går for Starbucks; mmm!
Bileta er frå Bergen Assembly 2016 sitt lokale i gamle Sentralbadet i Bergen. Her har kunstnaren og komponisten Tarek Atoui skapt eit ustillings - og forsøkslokale for lyd. Da vi kom fikk vi opplyst at hovedspråket her var teiknspråk - det likte eg! Mellom anna fikk vi oppleve lyd gjennom spesielle ryggsekkar som vibrerte der lyden var for mørk til at vi kunne oppfatte den med øyret. Fleire av stasjonane gav oss høve til å utforske lyd gjennom andre sansar enn øyret. Saman med lokalene (sjølvsagt - de er jo fantastiske!) var dette ei oppleving! Sidan besøket her ikkje er så langt unna vil eg tru at det gjer ein ekstra dimensjon til filmen eg skal sjå.

torsdag 22. september 2016

10 x dagens


  1. Antrekk: Jeans og topp og store øyredobber
  2. Dagens mimring: Høyre podcast med professoren min frå universitetet
  3. Arbeidsoppgaver: Starte marknadsføring av arrangement og skrive køyrelister
  4. På radioen i bilen: Morgenklubben med Loven & Co
  5. Til lunch: Knekkebrød med jalapeno-ost og ei appelsin
  6. Konstorsnacks: Lakerol Salty Caramel
  7. Tekopp: Yogi Tea Black Chai
  8. Planer for ettermiddagen: Besøk av de andre foreldrekontaktene med barn
  9. Dagens middag: Falafel med heimelaga tomatsalsa
  10. Planer for kvelden: To timar yoga i Sandviken

onsdag 21. september 2016

Første leselekse

Denne veka kom lillesøster heim med sin aller første leselekse i sekken! Du må tru det var stas! Samtalen gjekk meir eller mindre slik:

Lillesøster: Jeg har fått leselekse! Lesebok 6!
Storebror: JEG FIKK IKKE EN HEL BOK SOM MIN FØRSTE LESELEKSE! DET ER URETTFERDIG! VRÆÆÆL!
Vi forklarte det med at lillesøster KAN lese, og det er ulike lærarar/ulike opplegg. Han gav seg snart, og las sin eigen leselekse utan eit knyst.

Vi fikk ein mail av læraren til lillesøster sist veke der ho skriev at ho skulle finne noko som gav lillesøster noko å jobbe med. Da må eg seie at eg vart både skuffa og lattermild da lillesøster susa igjennom 14 sider med dette:
Eg meiner - om dette er noko av det første barn møter når de skal lese sjølv er det ikkje rart at nokon finner ut at lesing ikkje er noko for dei. Dette er jo ikkje bra eller spanande eller interessant! Det er knapt nok eit innhold som ein får noko utav!

Samtidig er det ikkje lett å lage god litteratur når ein skal ha korte ord og kanskje berre eit knippe bokstavar. Hovedsakleg skal det kanskje vere gleda ved å lese sjølv som er viktig her, ikkje innholdet. Eg ser den. Læraren kan kanskje ikkje la den første leseleksa vere så mykje vanskeligare enn dette heller, kva veit eg.

Men når lillesøster leser Karius og Baktus-boka på sengekanten burde ho kanskje få noko anna enn dette. Ho er på eit anna nivå, og på det nivået er det mykje bra!

Eleven på si side var superfornøyd og las skikkelig igjennom heile boka med resten av familien som publikum. Vi skal på foreldresamtale etter haustferien, så vi følgjer med og håpar at interessen held seg/at ho får med seg noko  med innhold snart.

tirsdag 20. september 2016

Søndagstur over Vidden

Det er to år sidan vi gjekk Vidden sist, så de siste vekene har eg vore på leit etter ein dag med ok vær og tid til å gå på nytt. Sist var lillesøster 4 år og storebror 6. No har vi ein seksåring og ein åtteåring, så eg var mykje meir avslappa før denne turen!
Vi parkerte ved Ulriksbanen og tok den opp. Vi reiste frå knallblå himmel og sol heime til litt meir skyer og tåke som de ser på biletet. Vi hadde til og med pakka med oss shorts og solkrem - det skulle jo vere sol! På toppen var det kald vind, så vi begynte raskt å gå!

På veg innomver mot varderekka

Ved første varde stoppa vi for å drikke litt kaffe (vi hadde komt oss avgårde så tidleg at vi rakk ikkje kaffe heime først) og kakao. Det var godt med noko varmt, for med det samme vi stoppa vart vi kalde. Vi hadde nok med klær så lenge vi holdt oss i rørsle, så det vart ein kort stopp med litt vardebygging før vi gjekk vidare.
No var det berre å følge varderekka bortover. Dette er min favorittdel. Jamt og gods underlag med mange gode stiar i lett terreng.
Heile tida låg tåka nedi byn, til venstre medan det var sol og fint i Arna til høgre. Vi som var i midten fikk begge deler.
Rett før Borgaskaret fant vi ein lun stad der vi åt lunch. Her har vi komt opp på Altfjellet (637 moh) og gjekk ein litan utstikker for å sjå ned på Lone Camping der vi låg ei natt i det nye teltet vårt i august. Sjå solstrålane da! Herfrå begynte tåka å tetne til, og innimellom var det så tett at vi kun såg frå varde til varde. Det var spanande og gøy sidan vi kjenner vegen godt, det er tett mellom vardene, og det var ganske mange andre som også gjekk - så vi viste at vi var på rett veg. Heldigvis klarna det heilt opp før vi kom til den bratte delen ved Øvre Jordalsvatnet; der er det stup på eine sida og veldig bratt sti ned så der er det godt å sjå skikkelig. Etter at vi kom ned hadde vi nok ei matpause.
Her er vi på veg opp mot Rundemanen (568 moh). Det er fin grusveg som svingar seg oppover, og på toppen var det lovd kjeks og sjokolade til alle!

Vidare gjekk vegen forbi Brushytten og til Fløyen der ungane fikk leike litt i klatreparken. Så gjekk vi ned til sentrum via Skansen Brannstasjon frå 1903.
Den siste halvtimen fikk vi tida til å gå ved å leike "Mitt skip er lasta med", noko som var lurt sidan nokon av oss var leie etter å ha vore på tur i 6 timar.
I byn gjekk vi på Zupperia og åt middag.
Tom Kha Gai - verdens beste suppe!
Bilen stod framleis ved Ulriksbanen, så etter middag tok eg sekken på ryggen og gjekk for å hente den. Mann og barn kjøpte is og tok etterkvart bussen heim. Heime var det godt med ein dusj, også satte ungane på musikk og dansa. Hahaha, sprekinger altså!
Mobilen min brukte masse batteri på turen, og eg måtte slå av RunKeeperen min etter 8 km. Men sidan mobilen uoppfordra tel skritt fikk eg denne meldinga da eg var komt heim. Når eg gjekk 28110 steg; tenk kor mange steg ungane gjekk da!
Her er mannen sitt resultat, som også er de tre andre sitt. I overkant av 17 km på 6t45min. Det er turen sin det! I tillegg gjekk eg frå den raude prikken ved Zupperia og tilbake til nedanfor den grønne prikken der bilen vår stod; 3,4 km ekstra. Det blir nesten ein halvmaraton til saman det. Eg var litt øm i lår og rumpe i går, som seg hør og bør! Eg er i alle fall kjempeglad for alle slike turar vi tar saman; det fyller opp minnebanken vår!

mandag 19. september 2016

O

"I dag tegnet jeg en liten o inni en stor O og da ble det en mann som synger. Dokke kan se bilde i sekken min."
Sist veke var det "O" som var bokstaven i 1.trinn og eg trur de framleis ser Øisteins bokstav. Denne var knas! Ho er god altså! (både læraren og eleven) I dag kjem ho heim med den første leseleksa; spanande!

søndag 18. september 2016

Meter over havet

Søndag + sol = tur

I dag befinner vi oss ein del meter over havet og nyter dagen! Eg har eit ønske om turval, eg håpar eg klarer å overtale de andre til å bli med!
Brusdalsvatnet, 0 moh

lørdag 17. september 2016

Det Alice glemte

Eg las "Ektemannens Hemmelighet" i vår og likte den så godt, så da eg hadde litt tid å slå ihjel før kino med mannen kjøpte eg med meg ei anna bok av samme forfattar, denne gongen "Det Alice glemte". Bakpå virka den interessant; ho voknar opp frå eit fall og har gløymt de siste ti åra av livet sitt. Ho trur ho er nygift og gravid med sitt første barn. Det stemmer ikkje overeins med virkeligheten i det heile tatt!
Lenge var boka ganske så kjedelig og langdryg. Så pass lenge at eg vurderte å slutte å lese den. Men så tok den seg litt opp. Den vart ikkje knallbra, men den vart betre enn dårleg. Det var morsomt å lese korleis ho forholdt seg til de tre barna sine og mannen etter at ho omsider skjønte kva som hadde skjedd med ho. Korleis ho ler av at han snakker så "pappaete" og rart. Når ho oppdager ungane og synas det er snålt at de lever og er heilt eigne individer - men liksom hennes. Slike ting kan framleis slå meg også, kor rart det livet vi lever i dag måtte ha virka for oss i 2006. Livet før og etter barn er uendelig annleis! Eg og mannen hadde fleire samtalar om dette medan eg las boka, som tankeeksperiment er det veldig gøy! Også om vi går ti år fram. Korleis hadde vi klart oss? Korleis snakkar vi eigentlig med storebror når han er 18 år? Kvar set vi grensene for 16 år gamle lillesøster?
Kveldsmat, bok og ender på Lone Camping
Det er også så rart korleis Alice er som 39-åring - så enormt forskjellig frå korleis ho var da ho var 29. Er det vanleg å forandre seg på heilt grunnleggande verdiar på den måten? Så totalt? Eg veit at det berre er ei bok, men eg hadde litt vanskeligheter med å kjøpe den delen.

Slutten er fin. Boka tok seg inn igjen da. Men eg lar denne boka gå. Kun de aller beste får bli i bokhylla vår!

fredag 16. september 2016

Boblande glede

Herlege september! Bonussommar rett og slett! For første gong i år fant vi fram såpeboblene! Eg satte boksen med såpebobler og ymse blåsetyper i vindauget ved verandaen i vår, men månadane gjekk og det vart ikkje brukt. Eg lurte på om de hadde vokst frå det, noko som var dumt i og med at eg kjøpte ein treliter med såpeboble i fjor.
Men heldigvis hadde de ikkje det (kvifor skal de det eigentlig? Eg har jo ikkje vokst frå det enda). I alle fall ikkje lillesøster. I sommar har de vore så opptatt med venner og uteleik at eg trur det kan vere litt av grunnen til at bobler har blitt nedprioritert. I går sa vi "nei" til venner, og etter eit kvarter med sutring frå lillesøster var ho klar for bobletid.
Akkurat da stakk mannen av gårde for å vere speiderleiarmentor for ei nyoppstarta speidergruppe, og da vart storebror med (og på vegen sjå sitt snitt til å stikke til ein kamerat istadenfor). Vi to jentene kosa oss i sola på verandaen og bobla over heile dalen! Herleg dag!

torsdag 15. september 2016

Sol og forandringar

I dag måtte eg sitte inne i eit varmt møterom og snakke økonomi og risiko og kartlegging medan eg lengselsfullt såg ut på den knallblå himmelen og berre vart surare og surare! Eg er glad i jobben min altså, men enkelte dagar på kontoret bør alt bli bytta ut med frisk luft og sol!
Utsikt mot Askøy
Det var DIGG å komme heim til ferdiglaga middag servert i sol på verandaen. Av med kontoroutfit, på meg sommarklær og is til dessert! Snart er det til og med helg! La oss nyte!
Utsikt mot Sotrabrua og Lyderhorn frå gode venner i nabokommunen
For tida er vi veldig opptatt av eit enormt val vi vurderer å ta (hahaha, så kryptisk!). Vi trudde vi hadde bestemt oss, men i går snudde vi litt på flisa og sa "kva om?". Og svarene som kom gav umiddelbar sjelefred. Innimellom skulle eg ønske nokon kunne seie "Slik blir vegen vidare. No veit du det du trenger for å ta valget som er best for familien din." Akkurat no veit vi ikkje. Vi veit jo ikkje korleis framtida vil bli - vi kan spekulere og meine, men vi veit ikkje. Samtidig veit vi kva vi har, korleis situasjonen er no; og vi har løysningar på det vi skulle ønske var annleis. Slik det er no.

Arg! Er det rar eg blir potetmos mellom øyrene?

Likevel - det er berre vinn-vinn. Vi sitter godt i det uansett val. Trur vi :) Stay tuned.

onsdag 14. september 2016

Piken på toget

Butikken eg handlar lunch i ved jobben skulle flytte og da var det flyttesalg på det meste "slik at vi slipper å flytte med oss alt". Mellom stearinlys og matvarer låg det ei bok for slikk og ingenting, så den raska eg med meg.
Te i kopp - la oss lese!
Etter å ha lest mange bøker det siste halve året var det godt å lese ei krimbok igjen - det har eg ikkje gjort sidan påske. Historien er både rotete og kompeks, så det er vanskelig å gje eit godt bilete av den på kort plass. Det tar tid før eg forstod kva som foregjekk, kva veg boka bevegde seg.
Boka las eg medan eg var heime med omgangssjuk lillesøster. Ho var "tørrlagt", men slapp - så ho låg i sofaen med film på TV og eg satt ute i sola og las saman med Puste. Derfor las eg boka på to dagar. Den fungerte fint som ei intens bok! Eg forstod ikkje korleis det kom til å gå; den var spanande heile vegen ut.
Også te da. I "Verdens søteste lillesøster"-koppen min som lillesøster no har bestemt at er sin. Jaja, det gjelder vel begge!

tirsdag 13. september 2016

Blå himmel og varme

September leverer big time! Det er knallvarm og herleg! Etter nokre veker med pause frå verandaliv er vi back in business og henger i solveggen der. I vår åt vi så ofte middag ute at den eine dagen det var litt regn var vi glade for å endelig spise inne igjen. No er det stas å spise ute igjen!
Utsikt frå verandaen vår - blå himmel og sol!
I går forsvant dagen i fritidsaktiviteter rundt og forbi. I dag er det berre verandaliv og venner og is på menyen. Eg skal late som om det er slutten av mai. For det er kanskje den finaste tida eg veit om. På torsdag er det meldt knallvarme - da trur eg vi skal reise på stranda! SOMMAR!!!

mandag 12. september 2016

To i hus og sykling til jobb

I helga har eg og Puste vore heime i tosomhet medan mann og barn var vekkreist. Kva gjør vi heime aleine ei heil helg?
Puste finner seg ei skuff å ligge i. Ellers ligger ho i kroken mellom badet og soverommet vårt. Etter litt mykje sommarvær og utetid må ho øve seg på å bli kosete igjen. Det har vi øvd på. På natta har eg hatt ho ute. INGENTING skulle avbryte søvnen min!
Eg har rydda og vaska huset, kasta to banankasser og ein svart bossekk med gamle leiker og crap som eg fant på ungane sine rom. På lillesøster sitt rom har eg satt opp ei bokhylle og tatt vekk nokre gamle oppbevaringshyller slik at ho har meir plass til bøker og lego - og mindre plass til alle småting som ho samlar i esker rundtomkring (eg har kasta masse!). Eg har også revet teikningar frå 2012 ned frå veggane. Da ser rommene så mykje meir ryddige ut med ein gong!
Har du kasta noko sa du? Ingenting av mitt håpar eg.
Eg har sett fem filmar og laga album frå sommarferien. Eg har vore showgirl med dans og song i 70-årsdag og laga kaffe til 150 mennesker i fire timar før og etterpå.

I dag satt eg på sykkelsetet kl.07:20 og sykla til jobb sidan mann og barn og BIL kjem heim seinare i dag. Det var 12 grader og perfekt sykkeltemperatur! Morgonsol og ein del vind. Litt kjipt å måtte gire ned på flatmark fordi motvinden nesten gjorde at eg måtte stoppe opp; men heldigvis er det mange svingar - så det gjekk snart over. Eg blir veldig svett av å sykle; det er 9,2 km ein veg og 288 høgdemeter. Derfor har eg sekk på ryggen med klær, våtservietter og deo; også syklar eg med treningstøy. Etter 18 km på sykkelsetet i dag er eg i alle fall ferdigtrent!

søndag 11. september 2016

Festdag!


I dag er det festdag! Ein tidlegare kollaga fyller 70 år og har invitert til fest - kun de 150 nærmaste vennane lizzom. Eg skal ikkje vere der heile dagen, men skal innom som ein del av underholdningen. De siste vekene har kontoret øvd inn eit song - og dansenummer som vi skal ha i ettermiddag. Dette blir episk - hahahah!

Vi køyrer fult kostyme - og sminkeregime; divafakter og flagrande augevipper! Det er synd eg ikkje leggjer ut bileter av ansikter (eller film for den saks skuld); for dette blir morsomt! Eg håper og trur at også jubilanten set pris på det - for det ligger masse jobb (og latter) bak produktet!

lørdag 10. september 2016

Bursdagsgaven

Denne fikk eg av mamma etter at ho hadde lest den på sommarfeietur. Boka er basert på ei sann historie og handlinga foregår i sørstatane i første del av 1800-tallet. Annankvart kapittel er skrive frå "rik jente" side og slaveside. Det gir interessante vinklar på samme historie.
Lese saman med kveldsmat
Eg viste ikkje at kvite kvinner jobba så hardt mot slaveriet. Eg viste ikkje kor ille det var. Historia gjer eit anna syn på slaveriet - og det er virkelig interessant! Etter at eg hadde lest den ut googla eg boka og las om bakgrunnen for historia. Og det er alltid eit godt teikn! Da blir boka meir enn kun ei bok.
Lese medan utspydde sengetrekk tørkar i sola
No skal eg straks låne ei anna bok av Sue Monk Kidd; "Bienes hemmelige liv". Det er ikkje alltid eg synas at forfattarer er gode i alle bøkene de skriver (eller, det er de vel aldri); men eg håpar den boka er like interessant!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...