onsdag 31. januar 2018

Ski in and ski out

Ein skulle tru at når ein bur i Noreg er snø noko som skjer kvar vinter, men her i Bergen er det ikkje slik. I fjor vinter hadde vi snø der vi bur ein dag. Det var heldigvis i ei helg, men det var berre den dagen. I vinter har det vore annleis, og her ei veke hadde vi snø mange dagar etter kvarandre! Det kom berre meir og meir, og været var riktig så fint!
Vi valgte å gå på ski i nærmiljøet istadenfor å køyre langt til fjells. Her er det ikkje preparerte løyper, og vi lærte at det ikkje var noko sjakktrekk med tanke på ungane. De er kjempeglade i å gå på ski, men her på landevegen inn i skogen var de sure og grinete og vanskelige å ha med på tur. Litt for godt vandt der altså.
Slik som innimellom hender stoppa de medan eg gjekk dit vi hadde planlagt at turen skulle gå før eg snudde og gjekk tilbake. Da åt vi lunch og humøret steig på veg heimover.
Det burde jo ikkje vere mogleg å vere sur når ein er i slike omgivelser, men slik var det altså. Det er lettare å gå i preparerte løyper, og det blir naturlegvis det vi gjør mest, men når ein for ein gong skuld har høve til å ski in and ski out i Bergen - ja da GJØR vi det! Neste gong også. Det er vel ikkje nokon fare for at det skjer de første åra uansett.

mandag 29. januar 2018

Strikkesokker

Etter åresvis med lite eller ingenting på babyfronten ligger det per i dag 4 små i mager rundt omkring som vi gler oss til å helse på! Tre nye familiemedlemmer og ein av bestekameratane til storebror som omsider skal bli storebror han også.
Derfor strikker eg litt. Desse sokkane har eg masseprodusert sidan eg fant oppskrifta for 8-10 år sidan. De er så gode på og henger skikkelig fast uansett kor mykje babyen sparker! Og de er mjuke rundt foten - det er minst like viktig! Desse blir sendt til Florø der ein liten tremenning nettopp har komt til verda.
De to andre kjem i mai, også kjem det ein rundt lillesøster sin 8-årsdag i juli - så eg har god tid på meg til å knote saman fleire ting!


lørdag 27. januar 2018

Søppeltur

Det er så mykje boss overalt! Etter at eg skifta jobb i august begynte eg å samarbeide ein del med ansatte som jobbar innan klima. Og det påvirker altså! I haust og vinter har eg plukka boss når eg har gått tur. Ikkje planlagt, men eg har røska med meg til hendene er fulle - også kastar eg det i nærmaste busstoppboss.
Eit steinkast unna huset vårt er det ein topp - ein ås - som ungane liker å gå på. Den er ikkje så høg, så eg seier ofte nei, også går vi på eit skikkelig fjell. Men de dagane det ikkje er "skikkelig fjell"-vær er denne toppen fin. På ein særdeles blåsete søndag gjekk storebror og eg runden opp på åsen og ned igjen.
Utsikt ned til huset vårt.
Vi tok med oss plastposer heimfrå og plukka boss. To stapp fulle og tunge poser fikk vi! Og i tillegg ein pose med boss som låg slengt oppi fjellsida og ein PC-skjerm som vi tok med heim for å kaste i spesialavfall.
Det er satt opp bosspann over alt. så eg skjønner ikkje kva som er så kult eller enkelt ved å berre kaste ting frå seg! Særleg hundeeiere (der trur eg nokon få ødelegger ryktet for mange som er flinke å ta med seg bæsjeposane) og snusere. Fy skam seg! Eg er sikker på at om alle hadde tatt ein søndagstur og fylt opp ein vanleg pose med boss hadde det meste av slikt småsøppel langs vegen vore vekke på ein time.

tirsdag 23. januar 2018

Nytt utstyr

Etter 51 fjellturar i 2017 oppdaga eg etter vask at turbuksa mi hadde rakna midt bak i saumen. Den har aldri vore spesielt trang, så det var nok meir timane med sittande pause i kombinasjon med at eg innimellom må sette meg ned på veg ned frå bratte fjellsider. Buksa kjøpte eg i 2009 - så den hadde vore med på fleire enn 51 turar, og åresvis med runder i vaskemaskina! Før siste fjelltur kjøpte eg meg ny turbukse. Det var nok sikkert på sin plass på fleire måtar enn ein.
Etter skiturar i romjula oppdaga eg at vinterbuksa mi hadde fått hull på eine låret. Her var det ingen saum, mest sannsynleg har eg komt borti med noko skarpt. Eg har brukt den etterpå også, men no er den ikkje lenger vanntett og fyllet tyter litt ut. Så da måtte eg kjøpe ny vinterbukse. Den eg hadde trur eg er frå 2007. Det er forøvrig jakka som eg bruker på skiturar også, men den er det ikkje hull i enda.
Det er fint å bruke klær til de er ødelagte. Vintertøy (og turbukse) er ikkje billig og det er fint at eg ikkje må kjøpe nytt av noko før minst om 8 år! Det neste som ryker er nok vinterjakka mi - huff, det håper eg er lenge til!

søndag 21. januar 2018

Vaffler på bål

Mannen kjøpte to turvaffeljern før jul - eit til søsteren og eit til meg! Ein dag med blå himmel fikk eg melding av ei veninne - vil de bli med på båltur i kveld? JA! Sjølvsagt - da vi traff kvarandre var det jo heilt mørkt, men ok.
Vi hadde med oss pølser og kakao (prøv å helle kakao i kopper når det er heilt svart rundt deg og alle ungane med tilhøyrande hodelykter har stukket av til skogs) og vaffelrøre på flaske. Først skulle vaffeljernet varmast godt opp. Skaftet var litt kort, så vi måtte reorganisere bålet for å få det til utan å bli brent.
Når jernet etterkvart vart skikkelig varmt gjekk det fort unna! Men fram til det kombinert med at vi var litt utolmodige etter å smake bålvaffler, gjekk det litt saktare. Fat hadde vi gløymt også, så vi brukte eit sitteunderlag. De låg ikkje der så lenge - med åtte sultne munner rundt bålet!
Med god vaffelrøre og upåklagelig stemning rundt bålet smakte vafflane deilig. Venninna til storebror sa at det var de beste vafflane ho hadde smakt, og det tar vi sjølvsagt med oss! Det var i alle fall stas og godt og blir heilt sikkert brukt igjen! Må berre hugse å ta med fat...

torsdag 18. januar 2018

Misslykka hueprosjekt

Med garn i boks og tid i jula starta eg på ei hue til meg sjølv. Oppskrifta fant eg på nettet - dette skulle vere ei tettsittande hue. Topp til turar! Heilt sikkert!
Eg synas den virka litt kort da eg begynte å felle! Og da den var ferdig var den det. Eller - den passa jo, men den var rett nedenfor øyrene, så da synas eg den er for kort. Lillesøster ville ha den, og dagen etter hadde ho den på seg på skulen.
"Nei, den var ikke noe god. Enten måtte jeg dra den langt nedover øynene mine, eller så sklei den opp slik at den stod som en topp OPPÅ hodet mitt!"

Ok - ut av huset med denne. Dårlege huer gidder vi ikkje å bry oss med. Sjølv om de er heimestrikka `snufs

onsdag 17. januar 2018

SNØ!

I går vokna vi opp til SNØ! Jippi! I byn var det regn, men det var lokale snøbyger - og ein av de var hos oss! Megaflaks altså! Ungane var i parken og akte i går ettermiddag, medan mannen måka fotballbana slik at han kunne trene der seinare. Akkurat den treninga vart kort sidan det snødde så tett at ballen ikkje - ja, eg veit ikkje, men det gjekk ikkje an å spele.
Slik såg det ut frå soveromsvinduet vårt i går kveld i 22-tida. Så fiiint! I natt har det snødd enda meir, og det var til og med litt snø i byn! Slik såg det ut frå kontoret mitt i dag:
Skiløypene rundt byn er preparerte, og hadde eg ikkje hatt unger i planleggingsdagsalder, skulle eg avspasert over ein lav sko desse dagane og berre kosa meg ute på ski! Oh, well. Det er fint og sjå på - og det snør vel i 2028 også :)

mandag 15. januar 2018

Kjærleiksbrev

Lillesøster kom heim frå skulen med sekken full av kjærleiksbrev.
eN VAKAR DAG SKAL VI SKYSE PÅ MUNEN
DU eR MIN PUS
Også dette hjertet da. Med banking og kyssing! Helledussen for ein skjønning! Den vakre dagen har enda ikkje komt, og eg trur at denne gryande kjærleiken alt veka etter var eit tilbakelagt kapittel. Det hadde vist blitt noko sjalusigreier med venninnene til lillesøster som ikkje likte at ho skulle henge med nokon andre enn de. Det er ikkje lett :)

fredag 12. januar 2018

Helgeplanar

I dag suser lillesøster til Hemsedal sammen med ei venninne og familien hennes som har hytte der. Ho har gleda seg og hatt nedtelling heile veka. På Hemsedal er det masse snø og det er meldt skikkelig kaldt! I går var ho heime heile ettermiddagen fordi "jeg kan ikke kose på deg, pappa og Toulouse i helgen, så jeg må kose ekstra mye i dag." :)
Med kun det eldste barnet heime i helga kjennes det nesten som om vi har barnefri. Han kan vere heime aleine nokon timar om vi må ut begge to. Hei frihet! Vi vurderer uansett sterkt å gå på skitur i morgon. Storebror er veldig rask, så berre oss tre betyr god puls og sjølvsagt tid til å berre sette han i fokus. Eg trur det blir fint.

torsdag 11. januar 2018

Snopestopp

Dette var mannen sin ide etter n'te dag med smågodt i jula. "Eg foreslår at vi tar snopefri januar eg." "Ok"
Babyhoggorm
Angrer litt på det no altså! Første veka gjekk fint. Det gjorde det mest sannsynleg fordi vi da åt opp siste rest av julekaker. Vi rekna ikkje det som snop. Snop er smågodt, sjokolade og chips - slike ting. Men etter at det var tomt vart det ikkje meir sukker. For ein ting er å spise opp julekaker - ein anna ting er å bake nye sukkerting og spise det. Så da kjennes det at det er ein stopp. Mannen knakk alt 7.januar (!), men kun med ei lita rute sjokolade. Eg er meir sta og sprekker nok ikkje. Men det hadde smakt godt med sjokolade på fredag, det hadde jo det. Fredag 2.februar - DA! Da er det sjokolade i skåla på kvelden altså!

onsdag 10. januar 2018

Laurdag - sol og ski

Etter nokon månader på venteliste kunne eg i går gå på biblioteket og hente Flatland si bok "En moderne familie". Eg begynte å lese i den og liker den veldig godt så langt! Ganske tidleg i boka står det at de er opplærte til at ein måtte utnytte fint vær - være ute! Sjølvsagt er det eit søsken som ikkje gjør det, men likevel. Det er vel store sjanser for at ungane våre kjem til å ta eit bevist valg når det er laurdag og sol - og de ikkje lenger er ein naturleg del av det eg og mannen bestemmer at vi skal gjøre.
Laurdag sist veke var det meldt sol og vi strakk til Totland saman med venner for å stå på ski - igjen! Denne gongen stod vi i ei anna løype og åt lunch på det som eg lurer på at kan vere Grindåsen (313 moh).
Det var faktisk litt varme i sola så det gjekk ann å sitte der litt utan å bli for kald. De siste julekakene fikk bein å gå på her også, berre velstand! Tilsammen gjekk vi ein mil på ski denne dagen - herlig!

mandag 8. januar 2018

Vinterløping

Lenge har eg trudd at jogging på vintertid ikkje var noko for meg. De gongane eg har prøvd det har eg endt opp med vond hals etterpå og kven gidder vel å trene på seg sjukdom?

Etter at 52 fjelltoppar-prosjektet mitt tok ein naturleg slutt da eg nådde fjelltopp nummer 52 i november har joggeskoene mine trippa etter å bli brukt meir. Eg jogga ein del i 2017 også, men langt frå så masse som eg normalt sett gjør - kvar veke. Derfor er eg i starten av ein ny forelskelse i joggeturar og vil ut. Så ofte som mogleg! No er det januar og det er kaldt, så da må eg jogge i kulde. På fredag avslutta eg arbeidsdagen på møte på Laksevåg, så mannen min kunne køyre meg heim. Da stod bilen vår framleis parkert ved bussholdeplassen, så ut måtte eg sjølv om eg eigentlig ville shlække på sofaen etter middag.
Lav sol på veg vestover langs Kringsjåveien.
Slik fikk eg min første joggetur i 5 minusgrader! De andre joggeturane har vore i 5-6 plussgrader og lett regn, typist Bergensvintervær. Denne gangen var det glatt og mørkt, men det gjekk fint - eg tryna ikkje ein gong! Litt vondt i lungene kanskje, men det gjekk fort over. Og ikkje nok med det - det vart ny pers på distansen! Livredd på isglatte vegar - ikkje rart det gjekk fort :D Det var finfint å jogge med stjernehimmel over seg også. I kveld skal eg ut igjen og eg gleder meg alt!

torsdag 4. januar 2018

Speiltur


Blå himmel og skyer. Vindstille og klart vatn.



Speglblank overflate

I dag griper vi (deler av) dagen og går til skogs med lommelykter for å tenne bål og grille kveldsmat saman med ein vennefamilie. Vi skal til der desse bileta er tatt, men denne gongen ser det litt annleis ut. Litt mørkare vil eg tru ;)
Vi går inn i ei finværsperiode igjen og det har vore litt gørr å sitte inne og sjå på sola i dag. Vi gler oss til helg og skitur med blå himmel!

onsdag 3. januar 2018

Jul og nyttår 2017

Denne gongen hadde eg nesten to heile veker med juleferie! Det var herleg å få ei så lang pause etter ein hektisk haust med ny jobb! To-do-lista mi på jobb var gjennoført før ferien også, så eg trur det var med på at eg ikkje sendte jobben ein einaste tanke før 1.januar.
Ungane våre fikk ski av oss til jul og FLAKSEN gjorde til at det var snø da vi vokna 2.juledag! Her er de på veg over vegen frå oss til ein stad der de kunne stå litt. Det var ganske våt snø, men de fikk i alle fall ein smakebit. Dagen etter kjøpte eg meg nye ski også - også begynte tre dager på ski!
Kakaokaffekopp i kakaokaffevott dag 1
Dag ein hadde vi vi Gullbotn. Her var det fleire kuldegrader og snøen var knallhard! Ungane slo seg skikkelig når de datt, og det gjorde de ofte sidan det var speilglatt i løypa. Men det var gøy å gå på ski! Været var meldt bra framover, så dag to tok vi turen til Totland.
Her var vi lavare, så snøen var litt meir porøs og det var ikkje fult så kaldt. Løypa var heilt perfekt for oss med opp- og nedoverbakker samt eit godt felt med flat veg. Vi vart alle merkbart betre på ski etter dag to, øvelse er bra! Denne dagen gjekk vi heile 8 km på ski!
Kakaokaffekopp i kakaokaffevott dag 2
Storebror hadde racerfart rundt løypa. Eg og lillesøster hang litt etter. Det var mange folk her, men området var så stort at det ikkje gjorde noko - det var masse plass til alle!


Kakaokaffekopp utan kakaokaffevott dag 3
Tredje dagen, altså 30.desember, var nok ungane litt slitne. Det var litt kort lunte før verden raste saman rundt de. Denne dagen fant vi ein nydleg rasteplass litt utanfor løypa på Totland.
Nyttårsafta hadde vi venner på besøk. Vi lagde tapas som vi åt etter at ungane hadde gått nyttårsbukk i nabolaget. Etter mat satte vi på film på storebror sitt rom. Det er fint med litt voksentid, og fint med underholdning som får tida til å gå. I 23-tida hadde vi pakkeleik til alles store glede, og da var det ikkje meir tid til noko før vi gjekk ut for å sjå på rakettane og fyre opp våre eigne.
1.nyttårsdag hadde vi middagsbesøk og like før dessert kom ein kamerat på døra som var med på pepperkakeknusing. Nam,nam - vi har framleis litt julekaker igjen!
Toulouse trur eg har hatt det fint med folk heime i mange dagar. Han har øvd seg på å vere ute og sidan vi gløymer at han er ute har han hatt nokon lange turar. Han har funnet nokon gøymeplassar og det ser ut som om han løper vekk når det kjem andre kattar. Han liker godt å vere ute og sover meir enn før. Også er han ein stad der han blir groskitten på labbane, så vi vasker golvet kvar dag. Puste var fødd ute, og kanskje derfor vart ho aldri skitten. Toulouse skjønner ikkje så masse ute, men eg håper at han snart 1)unngår gjørma og 2)begynner å gå på do ute. Det er ikkje lett når han ikkje har lært noko heimfrå! Her ligger han under treet der Puste låg i fjor.
Vi er godt i gang med veke ein av 2018. Det er først neste veke at aktiviteter begynner igjen, så vi har ein litt roleg start. Med vekt på litt. Uansett - med ein så lang og god ferie er det fint å kjenne litt på kvardagen igjen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...