lørdag 30. september 2017

Barselgåve

Ti år etter at eg kjente på min lille spire i magen, har ein av venninnene mine fått sin første baby! Det er så stor stas! Ikkje minst det å strikke noko lite i babystørelse! Det gjør eg nesten aldri. Strikkesokker saman med eit heimelaga moster til å henge på vogna blir sendt nordover.
Lillesøster laga ei fin teikning - babyens første kunst som han kan henge på rommet sitt - saman med denne lille teksten i hjørnet. Hahaha. ho er så artig!

tirsdag 26. september 2017

Stavanger

I påska vant mannen noko så kjekt som ei gratis hotellovernatting! Den valgte vi å ta i Stavanger i begynnelsen av september slik at vi ikkje måtte ha stor barnevaktjobb i forkant. Og for å gjøre helga enda betre - så lånte vi Tesla til køyreturen!
Når nøkkelen ser slik ut :)
Vi er ikkje interesserte i bilar nokon av oss, men eg synas Tesla er så utruleg fin, og eg er superglad for at det er MANGE slike på vegane i Bergen! No skulle eg prøvekøyre den i timesvis også!
Så mange fancye duppetitter! Love it! Og ein batterikapasitet på topp! Vi kunne ha køyrt t/r Bergen-Stavanger på batteriet, men vi tok oss ein superlader-pause ved Haugesund på veg heim. Berre for å sleppe å kjenne på rekkeviddeangst.
I Stavanger hadde vi resten av laurdagen på å vandre i gatene, shoppe litt, spise og slappe av.


Det var varmt og godt i sola, så vi kunne sitte ute og spise! Det er ikkje kvardagskost! På kvelden åt vi deilig indisk før vi gjekk på ein av barane langs vågen og drakk Mojito.
Dagen etter var det ikkje anna å gjøre enn å spise lang frukost og pakke oss ut. Heimturen i Teslaen var knall! Hahaha. eg ville ikkje levere den frå meg da vi kom heim! Meeeen, vi beholder Qashqaien nokon år til :)

lørdag 23. september 2017

VM-byen Bergen

Vi er alt inni VM-helg nummer to, også er det over! Det har på mange måtar vore stor stas å bu og jobbe i VM-byen Bergen - vi er mange erfaringar rikare alle saman trur eg! Og ikkje minst håpar eg at eit bilfritt sentrum kanskje har blitt ein ide hos fleire. Det har vore så stille og roleg i byn om morgonen. før sykelistane, med ingen bussar gjennom Noregs travlaste bussgate; Christies gate, der eg går av bussen kvar morgon. Her er det vanlegvis 22 000 reisande kvar dag! Denne veka har alle de blitt slusa til Bystasjonen. Da har vi vel vist at det går ann?
Sist helg vart nytt i sola på verandaen, og da boka mi var utlest og grillmaten hadde sunket litt, tok eg turen opp på Lyderhorn. Eg trur eg aldri blir lei sol og fjell. Himmel og hav. Det er berre så nydleg!
På søndagen sykla damene og mennene kvar sitt temporitt over Askøybrua og vidare forbi i bakgården vår. Her er vi på plass for å heie damene fram!
Nokon timar seinare var vi på plass igjen for å heie på mennene! Stor stemning og masse kjentfolk! Også er det gøy å vifte med flagg ein anna dag enn 17.mai!
Vi skal få med oss noko VM-stemning denne helga også. Det har vore litt vanskelig i veka sidan vi har jobba, men no er det endelig helg igjen og vi tar turen til byn for å heie der.

torsdag 21. september 2017

Sol- og regnværstur

I vinter begynte eg å gå turar i skogen eit par gongar i veka for å få frisk luft og kanskje litt dagslys om eg var heldig. I sommar har det ikkje blitt så mange slike turar, så no er det nesten så eg gler meg til hausten kjem skikkelig slik at fjell er uaktuelt og skog kjem på dagsorden igjen.
Været har vore så variert i sommar, og ein må liksom kle seg for allslags vær. I august gjekk eg skogstur med ei venninne, og vi gjekk i regnjakke og joggesko. Finfint (men litt varm og klamt) i begynnelsen, vått på slutten. Bileta her er frå ein tur eg gjekk aleine - den gongen heldigvis med støvler og regnjakke. For etter sola kjem regnet, også avslutta vi med sol igjen. Samma det - bringebær og blåbær er uansett ekstra gode når de er våte av regn! Mmm, eg gler meg til nokon skikkelige hauststormar! DA skal eg ut og gå da!

mandag 18. september 2017

Navn!

Da vi skulle få oss ny katt gjekk navndiskusjonen hett. Skulle også denne heite Puste? Ein kamerat meinte vi burde holde oss til tema, og kalle den neste Høyre eller Smake! Vi fant i alle fall ut at det berre var ein Puste, så den måtte vi gå vekk frå. Det var mannen og meg som bestemte navnet etter at vi las Aristokattene for lillesøster i sommar. Toulouse er også eit navn som passer på begge kjønn (gjør det ikkje?). Toulouse er forresten også ein by sør i Frankrike.

Eg veit ikkje kva det er, men vi klarer ikkje å holde oss til eit navn. Det gjorde vi ikkje med Puste heller, vi kalte ho mellom anna Avdeling for Fluff eller Pustefåluste.

Tollefosolle!
Tollefolei!
Tollings!
Tolle!
Toll!
Whats my name again?
Eg veit ikkje om han nokon sinne kjem til å forstå kva han heiter :)

torsdag 14. september 2017

Kultur - og sykkelby!

Om to dager starter Sykkel-VM i Bergen, og alt i dag har arrangementet laga krøll. Heile byen står på hovudet og verre skal det bli! Men det er også spanande og gøy - og ikkje minst blir heile byen vaska og rydda som aldri før! Det blir så fint! Også skinner sola også! Så får vi leve med at det blir trøbbel på vegane i nesten to veker (sjølv om det var mange forbanna folk på jobb i dag, inkludert meg).

Solnedgang frå verandaen vår.


Denne veka er det Norway Fringe Festival i Bergen og eg har vore på tre forestillinger som har vore heilt fantastiske! Eg har lyst å forkaste jobben min og bli med på reisen vidare - det er berre så gøy! I dag er siste dag og eg gidder ikkje å busse meg inn igjen til byn i kaoset meir enn eg må. Men neste veke skal eg og mannen på DNS og sjå "Henrik Ibsens Samlede Verker på 78 minutter" som vi har skyhøge forventningar til! Ja til meir kultur (og litt nei til så himla masse sykling midt i byn!)! Når det er sagt - det er masse kultur under arrangementet også, og vi håper vi kan få med oss noko av det! I tillegg til syklinga sjølvsagt som nesten sykler rett forbi huset vårt!

mandag 11. september 2017

Bergen!

Ein svært fin morgon i august var eg litt tidleg ute til eit kurs som vart holdt like ved Bryggen. Eg busser til jobb, og denne dagen vart det slik at eg var litt tidleg. Det var litt tidleg eller litt seint, så da var valget enkelt! Eg hadde tid til å sitte i morgonsola like ved Fisketorget og sjå på torghandlarane som gjorde seg klare for dagen. Drikke sitronvatn og vente på at dagen skulle starte. Det er kvardagsluksus altså!


onsdag 6. september 2017

Seinsommarhelg

Første helga av september viste seg å bli ei sommarhelg som vi pressa mest mogleg inn i! I omvendt rekkefølge gjorde vi desse tingene:
På søndagen møtte vi ein vennefamilie ved Krohnegårdsvannet for å grille middag på bål, ro i kajakk og bade. Det var deilig i sola, så nokon bada medan andre holdt seg på land. Ein flott ettermiddag var det uansett!

Lunchen denne søndagen vart inntatt saman med ein anna vennefamilie på Herdla på Askøy. Her var det familiedag, og vi fikk med oss mykje flott natur, torpedobatteri, museum, flyshow og salutt!
Laurdag vart morgonkaffien servert på Tyssøy der vi dagen før satte opp telt for vår andre natt med telt sidan vi kjøpte det i fjor! Andre natt totalt, første natt i år. Det var ganske så kaldt midt på natta, men sola var så varm på dagen at no nokon dagar seinare blåser eg berre av det! Men vi kan ikkje ha det så mykje kaldare på natta eigentlig - sjølv om soveposane var gode og varme.

Få ting slår vel den tida om kvelden da ungane sover. Og det blir enda betre når den tida er ute ved bålet medan sola går ned.
Det er ein del oppakking med overnatting ute! Storebror tok ein del, men det blir likevel mykje på oss to voksne. På Tyssøy gjekk vi ein halvtimes tid frå bilen, det gjekk heilt fint. Men fjellturar trur eg faktisk vi bør vente med til ungane kan bære meir enn de gjør no. Men - for ei helg!! Så mange minner!

mandag 4. september 2017

Før regnet

Eg fikk ikkje heilt med meg at hausten var på veg da eg sa ja til fjelltur med oppstart kl.20. Vi gjekk den lange (og pratemoglege) vegen opp Lyderhorn, og da vi kom på toppen såg det slik ut! Solnedgang over Askøy og skikkelig regnvær på veg frå andre sida.
Vi var raske og tok nokon bileter før vi skunda oss ned igjen. Heldigvis bur vi på rett side av regnværet, og gjekk frå de få dråpane som kom. Men det vart så mørkt før vi kom ned at det nesten var litt skummelt! Neste gong må vi begynne tidlegare.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...