onsdag 23. august 2017

Sommarferie 2017

I morgon er det alt ein månad sidan vi kom heim frå våre to veker i Paris, og det kjennes som ein evighet sidan alt! Vi bytta hus med ein familie, og fikk derfor 14 dager med hus, bil, hage og katter. Eg kunne ha skrive ein haug om ferien vår, men eg kutter ut tekst og viser fram nokon glimt i bildeform.
When in Paris.... Vi drakk deilig vin kvar kveld. Her sitter vi bak huset med utsikt mot hagen. Nokon dagar var det megagigavarmt, men nokon kvelder satt vi inne.
Vi hadde oss ein heil dag i Eurodisney. Dagen var alt frå fantastisk (slottet, figurane, paraden) til skikkelig dritt (køane, den høge musikken). Men det er jo rart med det - korleis vi no hugser (nesten) kun det som var nydlelig!

Her er vi ved Notre-Dame. Køa var kjempelang, så vi nøyde oss med å gå rundt (det var leikeplasser både bak og ved sida). Vi gjekk langs Seinen mot Eifeltårnet.
Dette altså! Så fint! Vi år middag i nærleiken, og fant oss fleire leikeplassar med utsikt hitover.
Sacre-Coeur med mulighet til flott utsikt over byn! Her stod vi i kø og gjekk inn for å nyte den på innsida også.
Palace of Versailles! Vi køyrte ned og stod lenge i kø før vi køa oss gjennom ein del av det enorme bygget. Heilt utruleg! Etterpå gjekk vi i hagen, og fikk sjå litt av det enorme parkanlegget.
Vi prøvde å leggje utfluktene på dagar med overskya vær. Når sola steika var det uutholdelig varmt! Vi gjekk på nokon smeller, men bileta ser jo bra ut! I tillegg til det eg har bilete av her gjorde vi mange mindre ting, som bade, shoppe, museum - og ikkje minst - mange dagar berre i ro i huset.
Få dagar etter at vi var komt heim gjekk vi opp Stoltzekleiven og vidare bort til Fløyen. Vi var ikkje heilt komt oss etter varmen i Paris, og nøyt at det var overskya og "normal" temperatur!

Etter nokon dagar i heimlandet køyrte vi til Bremanger for å sjå på nyehytta! Her var vi megaheldige med været og fikk litt sydenstemning på Grotlesanden.
Den siste veka heime gjekk med på å leike med venner som omsider var komt heim frå ferie, gå fjellturar og klargjøre oss mentalt til skule - og jobbstart.
Litt av ein ferie  med litt av kvart! Mange minner og mange erfaringar rikare. Vi har alt fått fleire henvendelser om husbytte sommaren 2018, men vi er ikkje heilt klare til å bestemme oss enda.

onsdag 16. august 2017

Skulestart

I dag er det første dag med skule i Bergen! Storebror skal synge for de nye førsteklassingane, og det er jo nesten så eg synas at også vi 4.klasseforeldre burde få fri i dag for å sjå kor store barn vi har! Han låg framleis å sov da eg og lillesøster gjekk i dag tidleg - ein deilig start på skuleåret! Han er heldig og får beholde den flotte læraren han har hatt sidan 1.klasse, medan lillesøster skal få ein ny lærar i år. Spanande blir det i alle fall! Da eg spurte lillesøster kva ho gleda seg mest til i 2.klasse da ho "Lekser." Haha - det var eg også så glad i! Skule er gøy - de er heldige!
Eg er heldig eg også som kjem til byn og møter denne utsikta kvar morgon! Det er ikkje alle dagane det er så bra vær, men sidan eg har kontor med utsikt denne vegen er eg nesten litt glad for akkurat det. Når sola skinner inn heile dagen blir det veldig varmt!
Her er dagen i dag sett frå kontoret mitt - bra vær for alle førsteklassinger som har den første spanande dagen på skulen!

tirsdag 8. august 2017

Nytt!

"Dette var veldig uvant!" sa lillesøster da eg og ho gjekk ut døra like før kl.07:30 i går. På veg mot ny sfo og ny jobb. Og ho har så rett! Dette er veldig uvant! Kun mannen er tilbake i gammal tralt, medan eg og ungane har ganske så nye kvardagar. Det butter litt imot - i alle fall hos meg som gjerne tenkjer litt meir fram og tilbake enn ungane gjør. De er berre her og no, stort sett, og da trur eg endringar er lettare.
Men alt i dag - på dag to - var alt enklare. Så det går seg til. Eg veit jo det. Om ikkje lenge er eg vandt med å ikkje køyre til jobb. Vandt med de nye kollegaene. Vandt med den nye arbeidsveka. Endring er alltid rart og litt vemodig.

Morgonendringane er gode! Storebror ligger framleis i senga da vi går om morgonen. Han står opp og kjem seg til sfo heilt sjølv. DET er nice!! Kun ein unge! Og til og med ein unge sim står opp når vekkerklokka ringer (enn så lenge). Det lover bra!

mandag 7. august 2017

Første dag i ny jobb

I dag trapper eg opp på ny jobb i nytt bygg og i ny bydel! Eg flytta alle sakene mine før eg begynte på ferie for fire veker sidan, så i dag er det berre å sette opp PC'en også er det rett på! Eg begynte så smått med arbeidsoppgåvene mine de stille vekene før ferien starta, eg har alt fått ein aldri på liten kick-start på hausten. Eg gler meg til å bli kjent med de nye kollegaene mine og ikkje minst den nye arbeidskvardagen min!
Biletet er frå kontoret mitt nokon dagar før eg pakka ned det meste, la frå meg dørchip'pen og forlot lokalet. Eg har minst like god utsikt frå den nye kontoret mitt!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...