mandag 26. mars 2018

Fanalue

Etter at det misslykka skappelgenserprosjektet gjekk i do strikka eg heller ei Fanalue til baby. Med øyreklaffer og tjukt band til under haka. Heimeputla dusk og alt.
Denne er fin nok til at eg kan gje den vekk når babyen kjem i mai!

fredag 23. mars 2018

Lys!

Ein av de tinga som er så fint med vinter er lyset! Eg har mobilen full av motlysbileter og eg synas de er så fine! Her er frå spasertur medan eg ventar på at storebror er ferdig på sjakk.
Etter at eg oppdaga at Lyderhorn hadde finfin løype i snøen har eg gått opp der kvar søndag.
To av søndagane har eg fått med meg lillesøster opp. Spaserbana er perfekt bobakebane ned igjen - det går kjempefort!
Også er det noko med snø, blå himmel og sol da!
Nesten rett under sola går dansebåten. På den sitter vi i dag - på veg til påskeferie! Det gledes!!

onsdag 21. mars 2018

x3

3 ting eg virkelig kjenner at eg gler meg til:


Påskeferien vår i år! Den kjem ikkje eit sekund for tidleg!

Våren! Og med den: mange ekstra fridagar!


                                          Å campe ute ein stad og sove natt 3 i teltet vårt!

tirsdag 20. mars 2018

Fornemmelser av vår

Sjølv om det er minusgrader i skyggen, sjølv om vi vokner opp til nok eit snødryss og sjølv vi køyrer vinterklær framleis ER det ein fornemmelse av vår i lufta.
Toulouse er ute nesten heile dagen og er heilt utslått når han legger seg nedpå på kveldinga. Han veit ikkje at dette også er normalt! Han begynte å vere ute i romjula, han veit kun om isgrader og snø.
Midterste helga i mars kunne eg sitte på verandaen med tjukk genser og teppe og lese påskekrim med varm kaffe i koppen! Både laurdagen og søndagen! Eg vart til og med litt solbrent! Herleg!

Men så ser det slik ut. Rå snø. Eg har begynt å legge joggeløypene mine der det er bar asfalt. Det er fint, men dessverre er det alltid like ved trafikk; så heilt optimalt er det ikkje.
Som i fjor har eg knabba med meg blåbærbusker som no har fått små blad i solvindauget på kjøkkenet vårt. Våren fungerer, den er lagra der ein stad, og blir snart slept fri!

mandag 19. mars 2018

Babyskappel

Da bestekompisen til storebror i all hemmelighet kviskra at han også skulle bli storebror var det berre å finne fram strikkepinnane! Med GOD tid til termin satte eg i gang med strikkagenser - babyskappel.
I god driv ein mørk januarkveld
Så langt så godt. Eg strikka til og med tre armer sidan eg gløymde å øke nok masker på den eine. Også sydde eg den saman.
Såe - DEN kan eg jo ikkje gje vekk til nokon!! Eg spurte lillesøster om ho ville ha genseren til den eine dukka si, og det ville ho jo. "Denne dukken er veldig kald. Hun har vært naken siden før jul!" Da er det på tide å få på ho nokon klær!
Og PÅ såg den ikkje så ille ut!! Men da var det blitt til kjole, så det får vere greit.
Dagen etter fikk eg snapp av mammaen med baby i magen. Ho hadde strikka ein nydleg skappelgenser! Så da driter vi i alle fall i det! Eg har strikka noko anna da :) Bileter kjem.

torsdag 8. mars 2018

Plussgrader og snart helg

Etter mange dager med iskulde vart fleire av vatna i Bergen trygge og denne veka fikk vi oss ein tur bort på nærmaste frosne vatn for å skøyte rundt! Den vart over 6 km på skøyter - og vatnet er ikkje stort; så det seier litt om gleden over å vere ute! Eg og ei mamma frå klassen til lillesøster heiv oss rundt og inviterte heile klassen på skøyter på fredag - dette vil vi utnytte! Men så kom det plutselig plussgrader og i dag meldast det om at ingen vatn er trygge lengre. Så da måtte vi avlyse!

Da vart fredagen min plutselig ein del mindre hektisk. Mannen er på guttetur frå i dag til søndag og eg hadde eigentlig dobbeltbooka meg. Tenkjer helga blir fin likevel. Varmt og godt (kanskje 5 varmegrader?)

mandag 5. mars 2018

Vår?

Etter at sibirkulda gav seg har det nesten kjennes varmt ut når vi går ut døra heime! Temperaturen har steget frå minus tretten på måndag til minus fem på fredag til ein heil varmegrad på søndag. Etter ei roleg veke med inneaktiviteter her og der var det godt med ei helg utandørs!
Joggetur på holkeføre på fredag. Solnedgang og velstand! Men også glatt og ekkelt.
Tur opp på Lyderhorn med lillesøster etter lunch på laurdag. Litt is med snø oppå nokon stader, men det gjekk heldigvis fint.
Mot toppen kom sola litt igjennom tåka - så lyst!
Vi aka ned igjen på medbrakt rumpeakebrett. Det gjekk utruleg fort og var supergøy! Lillesøster ville gå rett opp igjen og ake ned ein gong til da vi var ferdige!
Skitur på Totland på søndag. Sola steika og det var berre heilt nydleg å spise lunch og nyte varmen! Med vinterturar blir pausene litt korte, men i går kunne vi sitte ei stund å prate medan ungane susa rundt oss på ski. For ein fin dag!
Det var litt vårfølelse i oss alle på veg heim! Den kjem - sjølv om den innimellom kan virke uendelig langt vekke (brrr)!

fredag 2. mars 2018

Kulderekord

Det er satt kulderekord i Bergen, og det midt i vinterferien som seg hør og bør! Det er ikkje kvar vinterferie at ungane kan ake i parken, gå med vintertøy og kjenne at no er det faktisk vinter!
Samtidig må eg seie at det er jo forferdelig kaldt. Det går igjennom marg og bein og mot slutten av denne iskalde veka er vi litt slitne i kroppen alle fire - det tar på å fryse!
Det har vore finfin sol også. DET har vore fint! For kvar morgon kjem sola over Ulriken og inn på kontoret mitt litt tidlegare. No kjem den før klokka 9!
God morgon Bergen!
Det blir sakte litt mildare, og no skal vi snart ligge rundt null. Det er bra. For vi er i mars og vi er klare for vår alle saman!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...