mandag 29. oktober 2012

Spel for ein


Vi er så heldige at vi har ein gut i huset som synes det er heilt ok å spele med seg sjølv. Han spelar med oss også, sjølvsagt, men han kan like godt finne fram eit spel og gjennomføre det utan at han inkluderar nokon andre. Eg brukte å gjøre det eg også, da eg var barn, da vant eg jo kvar gong!:) Eg ser ikkje vekk frå at det er det som er drivkrafta her også;)

fredag 26. oktober 2012

Lykka ligger bakerst i kjøleskapet

(tenkt å bruke tid og krefter på å skrive noko som helst om dette så høgst kvardagslege temaet - er det mogleg!)
Men here it goes....
Innerst inne, heilt bakerst og øverst i kjøleskapet vårt kan ein skimpte noko deilig.

Det har stått der sidan tidleg august - og KVAR EINASTE dag ser eg på flaska langt der bak og GLER meg til den dagen eg skal drikke innholdet.


Saman meed Snapple Peach Diet er dette min absolutte favoritt"leske"drikk! Eg helte nedpå flaske etter flaske da eg budde i USA, og mitt sterkaste icetea-minne er da eg og ei venninne var på Prinston University med medbrakt lunsh og kvar vår flaske av nettopp denne typen. Det var sol, vår og kjekke studentgutter. Liver var godt!

Livet er godt framleis - men denne veka har vore tung innimellom. Da er det kanskje i kveld eg skal kose meg med denne, draume litt om korleis livet var da eg kun hadde meg sjølv å tenkje på?

Ha ei flott helg folkens!:)

torsdag 25. oktober 2012

Leikeplasslunch i haustsol

Lunch på leikeplassen der vi bruke å lunche når desse to store var små.
I dag er det skikkelig regnvær i Bergen! Slik regnvær som eg trur at andre trur at det er her heile tida.
Da er det deilig å mimre tilbake til laurdag for snart to veker sidan da været var bra:)

Vi hadde besøk av to av mine og storebror sine beste venner heile helga. Mannen min og lillesøster sine like gode venner, og de to tidlegare nevnte sin sambuar/pappa og son/lillebror, var igjen i Kongsberg. 
Bergen viste seg frå si beste side, men god varme i sola og nydlege haustfargar.
Vi kunne ta med de utflytta halv-bergensarane på gamle leikeplasstrakter og lokal park.
Mykje har skjedd i nærmiljøet, som vi før delte, de to åra som har gått sidan de flytta over fjella.
Ungane har blitt nesten dobbelt så gamle på to år:)
Lyderhorn - eller Lyderen som de ekte bergensarar seier (vi er jo sunnfjordingar både eg og mannen).


tirsdag 23. oktober 2012

Perler

Innimellom 2-årstrassen er det mengder av rolege stunder heime.
Begge ungane kan sitte lenge med perling, måling, plastelina, bøker eller puslespel. Lillesøster kan perle ei heil form med maxiperler - og det tar TID!
Det er så DEILIG!
På morgonen i dag var det trass i alle retningar - med lillesøster som ansvarleg trassunge. Ofte blir storebror veldig stor og pedagogisk når lillesøster verkleg set i gang; heldigvis! Eg håpar ho får rast litt av seg i barnehagen i dag (noko ho nok IKKJE gjør, for på foreldresamtalen i går var det berre godord å få) og at ettermiddagen blir av det rolege slaget. Det trenger vi;)

mandag 22. oktober 2012

Ein liten pianist - og andre kulturbegivenheter

Med pengar frå besta kjøpte eg i 2008 eit digitalt piano - vel anvendte pengar! Ungane spelar på det kvar dag, og mannen har blitt ein racer på enkle, små melodiar. Eg spelar ikkje like ofte; men før middag i går hadde vi songstund med meg som pianist. Eg er den einaste som kan notar (og til dels spele piano) - eg trur det er her problematikken med å få tilgang til pianoet ligger. Eg vil gjerne spele etter notar; og da kan eg ikkje ha to unger på fanget og ein mann som improviserar lystige toner like ved og rundt fingrane mine.
Vel, vel...
Helga har i alle fall vore full av kultur! Eg har fått oppleve indisk bambustverrfløyte, jazz, diktopplesing, gospelmusikk, dramatiserte dikt, fantastiske kunstutstillinger, Kazakhstansk historieforteljing og til slutt hysterisk morsomt barneteater saman med storebror; Hakkebakkeskogen som fikk oss til å skrattle og klappe spontant fleire gongar. Det er Kulturdagar i bydelen vi bur i; og det er ein del av jobben min å få med meg det eg kan av programmet. Det blir travle og spanande veker!

fredag 19. oktober 2012

Farger og snoping

Fredags kveld er candynight hos oss. Kvifor fredag? Fordi vi er for snopesjuke til å vente til laurdag. Kvifor ein halvklein engelsk tittel? For at ungane ikkje skal skjønne kva det er vi snakkar om.
M&M og Gourmet Jelly Beans - så godt!
Sidan vi kun spiser snop ein gong i veka nytast det i lange og seine drag. Der kjem handarbeid inn. Dei fredagskveldane eg ikkje strikker er snopeskåla tom før 21-nyhetene. Om eg derimot strikkar spiser eg mindre; og da kan det vare like lenge som Senkveld. God business med andre ord:) I kveld skal eg strikke "kuvøser" av babyullrestegarn. http://www.facebook.com/home.php#!/StrikkForLivet?fref=ts

Ha ei strålande helg folkens! Eg skal på to kulturdagsopningar i morgon, og på barneteater saman med Talel på søndag; gøy gøy!! Også er det plutselig måndag igjen. Men først - CANDYNIGHT!

torsdag 18. oktober 2012

Kaffimat

Bileter frå besøk av gode venner for nokre helger sidan...lagt ut no mest fordi helga er så langt vekke
men likevel så nær.
Og på fredagskvelden DA er det sukkerinntak i sofaen!
Deilig gjærbakst er heller ikkje å forakte...

onsdag 17. oktober 2012

Sommarfuglsmykke


På slutten av 80- begynnelsen av 90-talet budde vi i Volda. Skulen eg gjekk på der hadde eit fantastisk uteområde med masse trær og tau som var festa i alle retningar og vinklar. Ein kan med trygghet seie at eg har vore utan bakkekontakt mykje av de to åra eg gjekk der. Vi budde like ved skulen, derfor var eg der like gjerne utanom skuletid. Ein søndag, om hausten vil eg tru - eg hugsar at det var kaldt og at det var mykje laust på bakken - såg eg noko som låg halvegs gjømt under barnåler og rusk. Det var ein gul sommarfugl som var festa til eit kjede som var blitt hekta fast i seg sjølv slik at det var blitt ei einaste stor floke. Eg synes at sommerfuglen var så flott, og det hadde tydeligvis ligge der lenge, så eg la den i lomma. Vel heime la eg den i smykkeskrinet mitt, og der låg det i fleire år. Eg trur det var på vidaregåande at eg bestemte meg for å klare å knytte opp kjedet (det hadde eg prøvd på fleire gongar før utan å få det til). Kven som klarte å knytte det opp hugsar eg ikkje; eg tvilar på at det var meg for å seie det slik.

Men for å avslutte historia; no er det eit av yndlingssmykkene mine. Eg har det framleis på kjedet det var på, så det er heilt autentisk leikeplass-anno-1989:) Eg har brukt det på eksamener i fleire år, og tenkt på ein fjasete måte at det var "lykkesmykket" mitt. No brukar eg det mest på sommar og vår, men i helga var det så deilig vær at det var på sin plass å bruke det for siste gang i år. Det er ekstra kjekt med ting og tang i kvardagen som har ei historie! Som meir eller mindre nyetablert småbarnsfamilie har vi mykje nytt. Dette smykket er noko av det eldste vi har; også har det ein kosleg historie - og eit tydleg minne for meg.

tirsdag 16. oktober 2012

Kuldekremmissbruk


EIN gong har eg kjøpt kuldekrem. Og det trenger eg tydlegvis ikkje å gjøre fleire gongar. Eg brukte det når ungane var heilt små og sov ute i kulden med gode babykinn som trengte litt beskyttelse for ikkje å bli raude. Men no synes eg det er klissete å bruke med hår og hue og sand og ymse andre ting som klistrar seg fast i seige kinn fulle av kuldekrem (som jo ikkje vil trekke skikkelig inn). Derfor driver eg no med kuldekremmissbruk på jobben, og ser ikkje klok ut på hendene med kvitt lag som berre ligger der. Men når eg lar det ligge ei stund å virke er huda ikkje lenger like tørr når eg vasker det av igjen. Så da er det kanskje ikkje missbruk likevel?

mandag 15. oktober 2012

Tolmodighet

Når ein er to år er det umogleg å vite kor lenge to minutter er. Derfor jubler Janna "JAAAAA" når eg roper "to minutter til mat" og kjem springande opp og inn på kjøkkenet. Det er ikkje så veldig mykje enklare å vere fire år, så det går alltid meir enn to minuttar før han kjem. Derfor sitter Janna ofte aleine ei stund og venter. Eg dekker framleis på, og i resten av huset er det hektisk aktivitet med å avslutte leiken; parkere togene, legge legomennene, finne bokmerke og lukke igjen boka osv.
Så tolmodig da! Og litt aleine.

I dag var vi to på to-årskontroll på helsestasjonen. Ho utviklar seg fint, både motorisk og språkleg. Ho vokser jamt og trutt, og hadde lagt på seg heile FIRE kilo det siste året! Frå å vere på nederste linje på vektdiagrammet er ho no like under normalen. Helsesøstra vart letta; eg lurte på om vi har vore litt for hyppige med dessertane i det siste. Alt var i alle fall bra, og ho er godkjent som to-åring av helsevesenet. Godt!











torsdag 11. oktober 2012

Nespresso. Hjerte, hjerte!

Eg er meir eller mindre i førjulsstemning for tida; dette bilete blir berre JUL for meg:)
Eg kan ikkje lage hjerter med hjelp av tastaturet, slik eg ser mange andre kan. Nei, nei.
Vi elsker Nespresso-maskina vår. Virkelig! Vi drikker ikkje masse kaffe heile dagen, men vi tar ein espresso etter middag. I dag jobber eg overtid før eg skal hente gode venner på togstasjonen, så det blir verken middag eller espresso på meg.
Fantastisk kopp som eg fikk i morsdagspresang i fjord.
Men det blir grove vafler til kvelds:) Og masse kaffekos og gode samtaler heile helga!

onsdag 10. oktober 2012

Lesehest


I dag er det derimot ikkje tid til lesing. Vi får storfint besøk frå Kongsberg frå i morgon av; så i dag må vi re opp senger, avtale sove (prompe) plass (Talel er skeptisk til at andre skal ligge i senga hans sidan "kun EG har lov å prompe i MI seng"), vaske badet og fordele arbeidsoppgåver som må bli tatt i morgon før toget tøffer inn på stasjonen. Kjekt med besøk - vi gler oss!

mandag 8. oktober 2012

Fort, fort, fort


blir ungane større, og innimellom kan eg kjenne på korleis livet var før barn, og ikkje minst korleis livet kjem til å vere når de blir så store at de har eigne gjøremål utover heimeliv.

I helga var eg aleine i 27 samanhengande timar. På den tida trena eg zumba (og gjekk heim sidan bilen var saman med mann og barn), rydda og vaska hus (innkludert badet), dansa vilt og hemningslaust til Justin Bieber sin ganske så fengande låt (samtidig som eg var redd naboane skulle komme og be meg om å skru ned musikken), spiste pai frå frysedisken på rema til middag, sove middag (deilig!), sjå både film og seriar på TV-skjermen, spise snop, skjemme bort pusen vår med masse tid til kos i eit stille hus, sove i 11 timar i strekk, drikke kaffe og te, glane på facebook, spele piano (DET var lenge sidan det!), bestilt treningsBH på TV-shop (er det mogleg????? De BØR vere bra!) og laga heimelaga fiskegrateng til søndagsmiddagen da vi var fulltallige igjen.

Var det supert å vere aleine? Ja! Var det kjedelig å vere aleine? Ja!

Det beste ved å vere aleine var at huset var reint og ryddig i timesvis! Eg satte også pris på å kunne ha høgt volum på TV etter klokka 20.00. Det blir ok når ungane begynner å forlate redet, litt etter litt, men det er også heilt ok å ha de heime. Meir enn ok eigentlig.

fredag 5. oktober 2012

Fruktsnop

Eg elsker såkalla "eksotisk" frukt! Eg har kryssallergi, og tåler ikkje "vanleg" frukt som eple, pære, fersken, kiwi eller ehh...ja..moreller. Kanskje ikkje heilt ein frukt det siste, men pytt pytt.
Litchi - deilig! Det ser ut som eit augeeple, men det smaker snop!
Ananaskirsebær smaker syrleg og er veldig vanedannande!
 Eksotiske frukter (og druer;)) kan eg spise. Og bananer. Jadda. Mango. Meloner. La oss fokusere på det ein har moglegheit til, ikkje sant?
Nei du og du kor eksotisk - DRUER!! Men skåla er knallfin da:)
Eg vurderar om vi skal prøve oss på ein slik "levere-frukt-og-grønt-på-døra-teneste" i nokre veker. Eg synes ofte at frukten vi kjøper på butikken er dårleg. Også blir det til at vi kjøper det samme igjen og igjen. Ikkje er det så veldig dyrt å få levert heller - og ein kan velgje økologisk. Vinn, vinn!
Det føles rart å få ting på døra når vi bur i Bergen og kan handle det på butikken. Men om det er betre enn det vi får på den lokale Rema'en, økologisk, og gjerne basert på lokale råvarer, så kvifor ikkje?
Brødskive med kvitost og stjernefrukt - perfekt ettertreningsmat. Saman med eit krus med mamma sine heimetørka (og grodde) peppermynteblader og varmt vatn; det er min yndlingskveldskos for tida:)

Ha ei FLOTT helg!

torsdag 4. oktober 2012

Mariustunika - og sesongkjøp

Eg strikka ein Mariustunika til Janna i vår som vi no endelig kan ta fram igjen! Den var veldig gøy å strikke; eg elsker mønsteret! I dag har eg på meg Marius eg også, svigerinna mi har strikka ein Mariusgensar til meg med rundfelling - og den er så fin!! På kontoret var det fire andre som også ønska seg lik gensar som eg har fått - og kanskje ei snill svigerinne som er ein racer på strikkepinnane?
Tightsen kjøpte eg for 30 kr på Lindex i sommar. Det var rart å kjøpe ein varm tights med litt juleaktig mønster da, men no er den perfekt! Til tross for regn i bøtter og spann - vi er jo heldige som har fleire årstider slik at vi kan variere litt på klesfronten:)

onsdag 3. oktober 2012

Do-trening

Janna trener på å gå på do. Ho har tre og ein halv månad på seg om ho skal bli bleietørr samtidig som storebror. Ho klarer å tisse nesten kvar gong vi setter ho på do, og ho synes det er stas å sitte der, tørke seg og ikkje minst vaske hendene etterpå.
Det står og faller på oss voksne. Vi må berre bestemme oss for å ta på ho truse i stadenfor bleie. Mannen kjøpte med seg flotte prinsessetruser frå Disney Store med glitter og stas, så å få Janna med seg på laget trur eg blir ein lett sak. I alle fall til uhell nummer ein!
Vi bruker tøybleier - så ho kjenner at ho blir våt til vanleg - men det krevast jo meir av både oss og ho når bleie er bytta ut med truse. Vi skal begynne snart - vi skal det!
I mellomtida er ho verdens vakraste lille "baby" med tutt og bleie. Og varme ullsokker som mormor har strikka.

I kveld er det foreldremøte i barnehagen, og for første gong må eg dele meg mellom to avdelingar. Janna har kun gått i barnehage sidan januar i år. Eg får vere litt her og litt der, og håpe at eg får med meg det viktigste. Ellers får eg spørre. Og det er eg jo ganske god til:)

Ha ein flott midtveke!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...