mandag 8. januar 2018

Vinterløping

Lenge har eg trudd at jogging på vintertid ikkje var noko for meg. De gongane eg har prøvd det har eg endt opp med vond hals etterpå og kven gidder vel å trene på seg sjukdom?

Etter at 52 fjelltoppar-prosjektet mitt tok ein naturleg slutt da eg nådde fjelltopp nummer 52 i november har joggeskoene mine trippa etter å bli brukt meir. Eg jogga ein del i 2017 også, men langt frå så masse som eg normalt sett gjør - kvar veke. Derfor er eg i starten av ein ny forelskelse i joggeturar og vil ut. Så ofte som mogleg! No er det januar og det er kaldt, så da må eg jogge i kulde. På fredag avslutta eg arbeidsdagen på møte på Laksevåg, så mannen min kunne køyre meg heim. Da stod bilen vår framleis parkert ved bussholdeplassen, så ut måtte eg sjølv om eg eigentlig ville shlække på sofaen etter middag.
Lav sol på veg vestover langs Kringsjåveien.
Slik fikk eg min første joggetur i 5 minusgrader! De andre joggeturane har vore i 5-6 plussgrader og lett regn, typist Bergensvintervær. Denne gangen var det glatt og mørkt, men det gjekk fint - eg tryna ikkje ein gong! Litt vondt i lungene kanskje, men det gjekk fort over. Og ikkje nok med det - det vart ny pers på distansen! Livredd på isglatte vegar - ikkje rart det gjekk fort :D Det var finfint å jogge med stjernehimmel over seg også. I kveld skal eg ut igjen og eg gleder meg alt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...