søndag 21. januar 2018

Vaffler på bål

Mannen kjøpte to turvaffeljern før jul - eit til søsteren og eit til meg! Ein dag med blå himmel fikk eg melding av ei veninne - vil de bli med på båltur i kveld? JA! Sjølvsagt - da vi traff kvarandre var det jo heilt mørkt, men ok.
Vi hadde med oss pølser og kakao (prøv å helle kakao i kopper når det er heilt svart rundt deg og alle ungane med tilhøyrande hodelykter har stukket av til skogs) og vaffelrøre på flaske. Først skulle vaffeljernet varmast godt opp. Skaftet var litt kort, så vi måtte reorganisere bålet for å få det til utan å bli brent.
Når jernet etterkvart vart skikkelig varmt gjekk det fort unna! Men fram til det kombinert med at vi var litt utolmodige etter å smake bålvaffler, gjekk det litt saktare. Fat hadde vi gløymt også, så vi brukte eit sitteunderlag. De låg ikkje der så lenge - med åtte sultne munner rundt bålet!
Med god vaffelrøre og upåklagelig stemning rundt bålet smakte vafflane deilig. Venninna til storebror sa at det var de beste vafflane ho hadde smakt, og det tar vi sjølvsagt med oss! Det var i alle fall stas og godt og blir heilt sikkert brukt igjen! Må berre hugse å ta med fat...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...