søndag 9. mars 2014

Hekla krage

Ungane fikk ein kjekk pakke i posten av oldemor i Ålesund! Storebror fikk strikkasokker, og lillesøster ein hekla krage som ho la si elsk på med ein gong!
Ho vil ha den på kvar dag - og aller helst i barnehagen. Da har eg sagt nei - eg vil ikkje at den skal bli skitten og kanskje til og med forsvinne. Derfor tar ho den på med ein gong ho kjem heim.
Kjempefin - overalt!

Her har ho også lånt sokkane som storebror fik. Arvebukse, tyllskjørt i str.1 år (som tydeligvis aldri blir for lite, og godt er det), strikkakjole som eg laga til ho da ho var 6 mnd - og som ho har brukt sidan (først var den for stor, så var den passlig og no begynner den å likne ein tunika), perlesmykke som ei venninne i barnehagen har laga til ho, og den nye kragen frå oldemor. Ho kan sette saman ein look denne jenta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...