onsdag 26. mars 2014

Turdag

Vi utnytter solrike dager; og sjeldan har vel ein vårfin kvardagsonsdag blitt brukt betre! Etter at vi kollektivt vart enige om at det var for dumt å vere inne heile dagen når det var så fint vær ute på jobb i går vart vi enige om å ta med oss lunchen vår på fjellet i dag. Nærmare bestemt Damsgårdsfjellet (344 moh). Litt kald vind på toppen, og isete; men ein fantastisk tur med sol og tørr og god sti det meste av vegen. Årets første fjelltur for meg! Og dagens første, men ikkje siste.
Utsikt frå Damsgårdsfjellet. Bilete lånt herfrå.

Etter at storebror og mannen har vore på fotballtrening skal eg og ei venninne gå ein tidleg kveldstur på Lyderhorn (396 moh). Dagens og årets fjelltur nummer to. I juli skal eg gå Galdhøpiggen med mamma og pappa, så med dette er opptreninga i gang! Eg er framleis øm etter styrketreninga måndags ettermiddag; det kjem med fornya kraft etter natt to! Men eg kjenner at det løyser seg godt opp når beina får jobbe litt oppetter fjellsidene. Hjelpes kor heldige vi er som har så mange flotte turmoglegheiter i umiddelbar nærleik! Og sol!

Utsikt frå Lyderhorn. Bilete lånt herfrå.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...