lørdag 15. mars 2014

Kunstprosjekt: sparegris

Ungane fikk sist sommar kvar sine sparegrisar med tilhøyrande maling av mormor og morfar slik at de kunne dekorere de sjølve. Kunstprosjektet har eg spart til "a rainy day", men den dagen kom aldri, så sist helg fann eg det fram til de likevel.
Dette minner meg litt om kunstprosjektet CowParade, så eg var spent på korleis ungane ville gripe det ann! Begge smelte på auger og smilemunn før de begynte å male øyrene.
Storebror gjekk for gule øyrer og lillesøster for orange. Klare og fine fargar!

Desse småboksane fylte med, men sidan eg har hatt de liggande ei stund var storebror sine litt inntørka. Heldigvis har vi ein skuffe full av maling, så det var ingen problem.
Ferdig resultat! Storebror sin til venstre og lillesøster sin til høgre! Lillesøster fikk ein 20 kroning i sin, men så såg vi at holet i botnen ikkje var stort nok til at den kunne bli tatt ut igjen! Vi klarte å lirke den ut holet på toppen, men altså - ingen store kroner nedi desse! Kun lappar ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...