torsdag 22. desember 2016

Første dagen på plussida!

I går var årets kortaste dag, og i dag er vi alt på plussida! No går det berre ein veg, og det er mot lysare tider! Hausten har vore lang og mørk, og eg har hatt fokus på å få mest mogleg dagslys, samt å trene mjukare enn vanleg. Det har vore eit fint fokus som eg har lært masse av.

På tysdag denne veka avspaserte eg ein time mellom to møter på to ulike stader, og kjørte til Kanadaskogen og gjekk ei turløype der som vi gjekk masse på mens vi hadde barnevognbarn.
No som vi har større barn som ikkje er så glade i veg, går vi mykje meir på sti. Men det var kjekt å gå denne vegen igjen etter gammalt! Klokka var 11, men det var jo ikkje så veldig lyst, dagen før den kortaste dagen i året. Det hjelper ikkje på at vi har tjukke skyer og masse vind i Bergen for tida heller.
Dagslysjakt? Dette er det du får.
Ved Tennebekk var det kraftig vindt midt mot! Her bruker vi å bade om sommaren, da er det fult av folk her. No var det folketomt og ukoselig. Likevel minner det om varme og lyse tider. Alt i februar merkar ein det jo!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...