onsdag 20. juli 2016

Lille syerske

Lillesøster er glad i kreativt arbeid og sidan ho er så interessert når eg syr eller strikker kjøpte eg eit sysett for barn til ho.
Her skal det vere korssting, men etter nokre rekker gjekk vi over til enklare - halve korssting. Og ho er så tolmodig! No er heile grisen ferdig og ho har begynt på det blå rundt. Vi hjelper ho med å feste tråden før og etter, samt finne vegen når det er detaljar som ho skal sy rundt. Vi tenkjer det skal bli ei pute når den er ferdig. Det gler eg meg til å vise! Men det er nok ei stund til. Ho har jobba med dette i rundt 8 mnd. Vi har det absolutt ikkje travalt!
Små, flittige hender!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...