tirsdag 19. juli 2016

Naturbit

Matkasser kjem i alle fasonger! No kan ein også få mat til kjæledyret sitt levert på døra! Lille Puste har bytta ut halvparten av tørrforet sitt med ferske mus - og rottebabyer; så vi har ingen behov i den retningen. Men eg bestilte ein prøvepakke frå Naturbit som tilbyr mellommåltider.
I boksen var det eit stor utvalg med ulike produkter, granola, graut, bars og nøtteblandinger! Nesten halvparten hadde hasselnøtter eller mander - de to nøttetypane eg ikkje tåler - så de fikk mannen. Resten koser eg med med! Særleg har eg nytt godt av grauten! Rett i koppen - nydleg og sunt!
Havregraut med ingefær og dadler? Skulle tru den var laga berre for meg! På biletet er havregaut med kakao og fiken - nydleg alstå!! Det er fint å ha noko småting liggande for de dagane der eit mellommåltid er på sin plass. Eg spiser ofte yoghurt eller banan da, men forandring fryder veldig! I alle fall når det smaker så godt som dette!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...