søndag 17. desember 2017

Fakkeltog

I fleire år har eg fulgt Fakkeltoger på Løvstakken på facebook, men av ulike årsaker har vi ikkje komt oss ut. I år meldte eg oss på i god tid, og når det nærma seg kryssa eg fingrane for at været skulle bli bra. Å gå på fjelltur seint i november er eit sjansespel, og kan vere både hyggelig og jævlig - men alltid kaldt!
Flaksen var at etter ein våt førmiddag forsvant skyene. Her er de på veg over Ulriken :)
Vi hadde på oss turbukser og vinterjakker - med god ull under. Kakao i sekken, hansker, buffer nok til å varme opp ei skuleklasse og sitteunderlag. Og lommelykter til nedturen.
Snø var det heile vegen. Litt rå snø som er tung å gå i. Ingen av ungane var særlig lystne på å forlate huset heller. De hadde vore på overnatting begge to, og var ganske trøtte, i kombinasjon med planer om å stikke videre til andre venner på besøk. Humøret var litt av og på oppover fjellsida. Eg gjekk med lillesøster, og det er første gong ho har klaga. Det var ganske tungt å gå opp i snøen, men gøy! Månen lyste mot oss på vegen opp.

Vi skunda oss litt sidan det skulle vere fyrverkeri på toppen kl.16:30. Vi kom opp 20 minutter før det, og fant oss ein lun krok der vi satte oss og drakk kakao. Ungane leika litt i snøen, vi vart litt kalde og begynte å lure på kvifor det var så få på toppen. Det var jo fleire hundre påmeldte!

Ein rask sjekk på facebook viste at fyrverkeriet ikkje skulle skytast opp før kl.17:30! Altså om ein heil time! I mange minus og vind var ikkje det gode nyheter. Skulle vi berre gå ned igjen? Neeeiii.
Derfor brukte vi timen på å leike tikken, spise litt mat og ake. Faktisk klarte vi å ikkje bli for kalde! Når det nærma seg 17:30 begynte folk å tenne fakler.

Refleksnissen kom og delte ut reflekser til alle. Han hadde også satt opp reflekser på trær heile vegen ned. Vi gjekk litt ned frå toppen for å få god utsikt til fyrverkeriet. Det kom framleis så mange oppover at de fikk ikkje tent på. Og vi venta... :)



Utsikta er jo berre heilt magisk! Her er lillesøster med Vågen og Fløyen i bakgrunnen.
Omsider tente de på og vi kunne stå og vekselsvis nyte synet og vere litt redd for han som sprang mellom boksane der nede og tente på.
Også var det berre å skli seg veg ned igjen. Eg trur vi aldri har vore så raske ned frå eit fjell før. Ikkje fordi vi absolutt ville ned etter to timar på toppen, men fordi det var snø og vi kunne skli nedover fjellsida. Det var magisk stemning med fakler over alt. Vi gjekk langt framme i toget, og når vi snudde oss kunne vi sjå ei lang lysrekke så langt vi kunne sjå bakover. Så stemningsfult! Humøret var på topp og lillesøster jubla "dette er den beste dagen i mitt liv!" Akkurat det seier ho ganske ofte, men det betyr likevel at dette sikkert var kjekkare enn nok ein ettermiddag saman med venner!
Da vi nærma oss startområdet høyrte vi finfin julemusikk. Der stod eit korps og spela, og det var utdeling av boller og gløgg. Det var skikkelig Skomakergatenstemning da vi stod og høyrte på julemusikk og kosa oss med boller og gløgg.

For ein fantastisk ettermiddag og turdag! Og ikkje minst - ei god avslutning på mine 52 fjelltoppar i 2017!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...