På veg mellom ulike lokasjoner på jobb stopper eg og tar meg tid til ein kaffekopp. Eg sender sjølvsagt snap til Bergensvenner som har flytta frå byen, og gleda meg stort over antall knuste hjarter som kom tilbake. Det er ikkje turistbileteplassering, men vi er midt i hjartet av byen, og det er klart at ein føler seg litt knust når ein ikkje er her lenger.
Norsk teaterhistorie vart skreven, og eg var tilstade for å kjenne på storheita. Biletet står ikkje i forhold til begivenheta, men det var det eg rakk å ta denne kvelden :)Haustfeire, og for første gong sidan eg jobba i skulen tok vi haustferie alle saman! Roma var den perfekte haustferiedestinasjon med sine 25 varmegrader, fint vær, fantastisk mat og nydlege ting å sjå på overtalt!
Dette var ungane sin første tur hit, så vi gjorde alle must-see-severdighetene, som Trevifontenen.
Her åt vi middag i kveldssola. Så! Mykje! God! Mat!
Å sjå Colosseum er like mind-blowing kvar gong. Vi budde eit steinkast unna, og vi såg den kvar dag, var inni den ein dag; men kvar einaste gong var som å sjå den første gong. For eit bygg!
Bryllupskaka i all sin prakt er monumental. Vi gjekk opp alle trappene og drakk nydleg iskaffe heilt til venstre på biletet med utsikt over byen.
Alle kyrkjene vi var inni var fulle av kunst - og vi såg fleire verk som er ikoniske, som Pietà av Michelangelo.
Forum Romanum - og så mykje meir! Vi var på rundt 20 000 skritt kvar dag, og var eigentlig ikkje klare til å reise heim, men det måtte vi jo nesten.
Eg prøvde å sjå støvelen, og dette er forsåvidt litt av den. Italia - torneremo indietro.
Heime var det haust, vatn og store skader etter årets første hauststorm. Her fra Kanadaskogen,
og her frå Lyderhorn der eit tre i full haustbekledning har falt ned over turvegen.
Midt i månaden får eg gå på skulpturvanding i byen saman med kunnskapsrike venner - og månaden er enda ikkje over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!