fredag 2. juni 2017

Hus og heim

I to heile år har vi sett på eit nabohus og tenkt "der vil vi bu!". Da ryktet om at de som budde der kom til å flytte om nokon år, før eldstemann vart skulegut, nådde oss; begynte nedtellinga. Og jubelen stod i taket da de som bur der posta på facebook at de hadde kjøpt seg hus i Fana. Frå kjøkkenvindauget vårt såg vi på at de lempa ut møbler og rot før finn-annonsen kom ut på sjølvaste 36-årsdagen min! Dette måtte vere eit teikn!

Annonsa var dritlekker, men vi måtte vente i åtte lange dagar før det var visning. På den veka ordna vi oss lån i banken og begynte å klargjøre huset vårt til salg. Vi såg at naboar delte hus-til-salgs-linken, og tenkte at det var heilt unødvendig - DET huset skulle vi ha!

På visningsdagen trappa vi opp 10 minutter etter visningsstart for å "ikkje virke for interesserte". Vi møtte fullt hus og ein stressa meglar. Og vi møtte realiteten i "drømmehuset". Eg trur ikkje ein gong eg gidder å skrive ned alt som var galt, men det kan oppsummerast i "heimemekka". Alt! Til og med badene. De hadde brukt gode filter på bileta vi hadde forelska oss i og de hadde brukt vidvinkel ganger to tusen! Nei, tuuuuusen takk!

Vi gjekk heim til vårt eige hus og kjente på lettelsen av å ha store rom og eit oppussa hus. Fagfolk og investeringer.

Det viste seg at nabohuset gjekk for heile 600.000 over takst! Og det i eit husmarknad som er ganske stille og roleg. Den dagen vi fikk vite det bestilte vi takst på vårt hus. Når det huset går til den prisen er vi veldig interesserte i kva vårt hus er verdt! Ikkje for å selje, men for å presse banken.

Ei veke seinare hadde vi ein meglar på besøk. Og idet vi gjekk igjennom huset og fortalte kva som var blitt gjort, slo det oss. Vi har pussa opp heile huset. Frå tak til under grunnmur.

2010: Flytte inn
2011: Installere varmepumpe
2012: Skifte isolasjon mellom 1. og 2.etg. Delvis pusse opp begge soverommene i 1.etg. Bytte til automatsikringar. Innstallere radonutsug
2013: Pusse opp badet i 2.etg. Bytte alle rør til rør-i-rør
2014: Bytte tak, bytte kledning på sørveggen, male huset, pusse opp soverommet i 2.etg
2015: Bytte tak på tilbygg, pusse opp yttergang, pusse opp kjøkkenet
2016: Pusse opp og utvide hallen og bygge nytt bad i 1.etg

Utover dette har vi malt tak, veggar og lister i nesten alle rom.

Meglaren brukte ord som velholdt, nytt og moderne og lurte på om vi hadde gjort noko anna enn å pusse opp sidan vi flytta inn. Ehh, ja. Vil vi da selje det? Ehh, nei.

Eg var på byn med ei venninne etter den misslykka husvisninga, og etter at eg fortalte konklusjonen "eg trur ikkje vi flytter sånn heilt med det samme" sa ho "kanskje de berre skal innsjå at de faktisk bur VELDIG bra?". Kanskje vi skal innsjå det.
Den dagen meglar kom hadde vi bestilt husvask! Det var tilfeldig at det var den dagen han kom, men det gjorde nok litt til at førsteinntrykket var bra. Å komme heim frå jobb til nyvaska hus? Herleg! Det var som å komme på hotell - berre heime! Ho hadde skifta på alle sengene og dandert bamser så fint! Ho hadde vaske rullesteinsdusjen og heile kjøkkenet var nedvaska! Så reint trur eg ikkje det har vore sidan det var nytt!
Stas med helsing og litt snop på ein måndag! Det kosta litt å få huset vaska, men mmmmm det var verdt det! Og vi sparte jo ein del millioner da vi ikkje kjøpte nabohuset, ikkje sant?
Meglaren gav oss ein veldig god meglertakst på huset vi bur i, så da nyter vi den økonomiske friheten det er i å bu i eit hus som er verdt ein heil del meir enn lånet vi har på det. Fordi det har vore stor stigning i husprisane i Bergen, men også fordi vi har pussa opp alt. Men eg synas jo at det er rart at ein tomannsbustad er verdt SÅ masse! Likevel er det i vår fordel og da kan eg stå her i kjøkkenvindauget mitt og sjå bort på nabohuset og tenkje at der må de pusse opp. Heile huset må de pusse opp! Medan vi? Vi kan bruke pengar på husvask, feriar og det hjarte måtte begjære. DET er luksus! Så får eg heller lære å leve med kun ei stue.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...