onsdag 18. mars 2015

Aktivitetskrukke

Ideen til aktivitetskrukka fann eg på nettet. Der låg også mal til krukka og to ark med aktiviteter som ein kunne bruke.
Poenget er at ein trekker ein lapp frå krukka, og da skal ein gjøre det som står. Ungane var rotlause i går i 17-tida, og da lillesøster kom for å spørre om vi kunne spele Prinsesse Sofia -memo for 70. gong introduserte eg de for krukka.

Det første vi trakk var "teikn ei teikning av mamma" :)
Storebror teikna meg på stranda i raud bikini og med snakkeboble "no skal jeg snart bade". Lillesøster teikna meg med langt hår og baby i magen. Etterpå trakk de "kle deg ut", og når det var gjort var det barneTVtid. Lurt med aktivitetskrukke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...