onsdag 25. mars 2015

Bursdagsforbredelser

Storebror fyller 7 år denne veka, og det betyr tre feiringar! Det er umogleg å få alt av familie og vennar inn på ein dag  (så stort hus har vi ikkje), så slik blir det alltid! Vi startar i morgon med barnebursdag etter skuletid.

Vi har mange planar til festen og vi gler oss masse alle saman! Dagen i dag går med på kakebaking og klargjering. Kl.17 i morgon blir huset fult av gjestar, så det er ikkje mykje vi rekker å gjøre før det. Vi hadde eit lite håp om at yttergangen skulle vere ferdig, men det er den ikkje. Så der må vi rydde vekk de aller synlegste teikna på oppussing.
Her er frå påskemuffinsbaking som vi lagde den helga foreldra mine var her. Muffins med sjokoladebitar og appelsin.
Supermektig sjokoladekrem og pynt i gull og sølv. Nam! Ein var meir enn nok! Storebror går for sjokoladekake i morgon; og eg trur det blir meir enn nok kake - vent og sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...