fredag 27. mars 2015

Bursdagsfest for ein "snart7åring"

I går hadde vi barnebursdag for storebror som blir 7 år på søndag! Det var tryggast å gjennomføre det på ein kvardag så ikkje mange av kameratane var vekke på påskeferie, også forsvinner de fleste timane med venting på skulen :)

Kaka lagde vi på onsdag. Langpannesjokoladekake som vi delte i fire like store firekanter og satte de oppå kvarandre med sjokoladekrem mellom. Storebror ville at vi skulle lage Spiderman sitt hus, og slik vart det 15 cm høgt. Altså mykje kake! Her festar han på lysa.
 Til mat ville han ha minipizza etter forslag frå meg. Eg lagde ein stor pizzadeig som eg forma til små bunner og forsteikte i varmluftsovn på 180 grader i 6 minuttar. Da var de halvsteikte og enkle å handtere.
 På bordet hadde vi forskjellig topping i skåler. Kjøttdeig, pølser, paprika, pepperoni og ost. Ketchup til saus. Dette var veldig populært og kjekt!

 Her er de ferdige pizzaene. Nokon tok masse på, andre tok lite. Men sidan de hadde laga det sjølve åt de det også - det er ikkje alltid vi får gjestane til å spise, de er å opptatt med å komme seg frå bodet og tilbake på rommet for å leike. Medan desse steikte opna vi pakkar. Eg peika på gjestane, også sa storebror stopp; og den eg da peika på skulle gje gåva si. Det var meir effektivt enn flasketuten peikar på som vi opplever at ender i kaos sidan de som gjer gåva si tidleg i leiken ikkje klarer å sitte stille. Han fikk masse fine ting - mykje lego og pengar; akkurat som han hadde ønska seg!
 Vi hadde kostymefest, og storebror var sjølvsagt Spiderman himself! Skjekk musklane ;)
 Her er den ferdige kaka. Det grønne er fondant frå butikken - ferdig farga. Det blå er marsipan som vi har farga med konditorfarge frå cacas. Enkel og grei kake - og veldig stor!
 Spiderman parkerar ved sidan av huset sitt.
 Vi køyrte på med fyrverkeri medan vi sang bursdagssong. Det førte til at ingen sang, alle satt berre med open munn og stirra medan eg sang - hahaha :D
På bordet hadde vi pynta med ymse snop og salte fiskar. Vi hadde lånt ei popcornmaskin av ein kollega, noko som var stor stas!
Eg hadde også kledd meg ut! Eg hadde kjøpt kostyme på nettet som kom i posten dagen før. Det var så kjekt å vere klovn! Ein gjest spurte om eg var heks eller klovn; haha!
Vi køyrte på med dorullkonkurranse. To og to på lag, også var det om å gjøre å rulle den eine inn i dopapir - og førstemann ferdig med rullen sin! Etterpå delte vi ut premier til alle: påskeegg med snop! Beste lagarbeid, først ferdig, mest kreative start osv.

Vi hadde lagt opp til eit meir organisert bursdag enn tidlegare. Likevel er det nokon som blir veldig fort ferdig og springer ned på rommet og herjer.Det vart vel mykje leikeslossing og brøling for vår (og bursdagsbarnet) sin smak, og akkurat når alle hadde roa seg litt ned i situasjonen var de to timane over. Neste år trur eg vi køyrer utebursdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...