søndag 29. mars 2015

Bursdagsgut!

Endelig! I dag fyller storebror 7 år! Dette har han venta på sidan dagen etter deksårsdagen! Han syns mars er eviglang i vente på 29.! Vi har alt feira dagen med barnebursdag på torsdag og familiebesøk i går. I dag kjem ein vennefamilie på besøk, og bursdagsguten har ønska seg graut. Spidermannhuskaka har vi framleis 1/4 igjen av, og den er god med vaniljesaus på :)
Det siste året har han lært masse! Han er så flink å lese! Vi har begynt med vegleiande lesing saman med skulen, så no er leseleksene kjekkare! Ei stund lånte vi lesebøker på biblioteket for å spe på leseleksene som skulen gav.
I forhold til det han no får av leselekse var nok denne boka litt vanskelig, men han las den heilt fint og fikk med seg innholdet. Det er desse repetisjonane som han syns er kjedelige, men akk så viktige. Jaja; det viktigste er at han no leser masse utan at vi må be han om det - og da blir han jo berre betre og betre!

I ettermiddag pakkar vi sekken; i morgon reiser vi på ein aldri så liten påskeferie!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...