mandag 15. desember 2014

Ei helg i Berlin


 I helga var eg og mannen i Berlin for å ha julebord og å feire at firmaet mannen jobbar i er 5 år! Vi kom ned midt på dagen på fredag og rakk kun å spise lunch, bratwurst, sauerkraut und kartoffeln - sjølvsagt - før vi var klare for fredagens program: Tre retters middag og showet "The wyld" på Friedrichstadt Palatz Berlin! Hummer carpaccio til forrett, den møraste kalven eg nokon gong har smakt til hovedrett (servert med svart trøffelsaus - himmelsk!) og marinert pære pynta med gullblader og "smoked coriander"iskrem til dessert. Nydleg! Showet var grandiost og kan oppsummerast med setninga "Vi har over 10 millioner euro å bruke. Kva kan vi gjøre som kostar KJEMPEMASSE?" Nokon gode løysningar og mange dyre løysningar som ikkje var verdt pengane i effekt. Men stort - det var det!
På laurdagen spaserte vi til  Gendarmenmarkt der ein av Berlin sine største og mest populære julemarknadene var plassert mellom to kyrkjer. Vi drakk Glühwein og smakte brente nøtter, tørka epler og brezels (pretzel). De hadde satt opp ei scene der eit kor sang julesongar, og det var masse folk og god stemning over alt! Dette var kjempekjekt å oppleve! 
 Vi spaserte opp Unter den Linden og til Brandenburger Tor. Både eg og mannen har vore i Berlin tidlegare, og har eigentlig sett "must see"-plassane, men denne var så nær hotellet at det var kjekt å sjå den på ny!
 På vegen stoppa vi på Einstein og åt ein deilig lunch medan vi misunte alle andre gjestar og alt det deilige de åt! Hjelpes - her kunne vi ha gått fleire gonger!
 Vi måtte sjølvsagt innom nokre kjøpesenter, og snubla over megaflotte med store designmerker, og meir vanlege med unger inni ;) Alle hadde pynta så fint med mange juletrær og stjerner og julekuler og eg veit ikkje kva!

Vi fikk til og med med oss litt glimt av sol!
Frå Berlin Mall.
 Mot slutten av laurdagen tok vi t-bana til julemarknaden på Alexanderplatz. No var det begynt å bli mørkt, og da blir jo alt så mykje meir stemningsfylt! Vi spaserte tilbake til hotellet og gjorde oss klare for julebordkveld nummer to! Denne gongen var det 5 retter - M - M - M! Maten var himmelsk her også! Etterpå gjekk vi ut og drakk øl, så søndagen var litt hard! Vi reiste heim via Oslo i går, og humpa oss veg i uværet. Men vi landa trygt (eller i alle fall så landa vi) og det var godt å komme heim til ungane som hadde kosa seg med mormor og morfar i helga!

No tel vi dagar til juleferie og tid til å spise all den gode snacksen som vi har kjøpt med oss frå Berlin. We like!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...