mandag 29. august 2016

Turorientering

Eigentlig burde eg ha ein ny etikett her inne som heiter"vi tester"; for det har vore mange nye ting i det siste! I går prøvde vi oss på turorientering!
Her var det ingen sti!
Vi var på middagsbesøk hos nokon venner på laurdagen og da hadde de nett kjøpt tre kart for turorientering. Det ville vi også prøve, så i går la vi i veg rett inn i skauen alle åtte. Det som såg ut som ein sti utfrå hovedstien vart fort utmark de lux og heilt nye opplevingar i eit forholdsvis kjent område.
Sjå denne skjulte perla vi snubla over på veg til post 3!
Løypa vi fulgte var ikkje den enklaste, men heller ikkje den vanskeligaste. De har ulike fargekoder for turane sine. Denne var blå. Vi fant de to første postane ganske greit, men den tredje leita vi lenge etter. Hintet var "stein". Det er mange steinar! Eg er ikkje så tolmodig; men heldigvis var det enorme mengder uplukka blåbær i skogen (det er tydlegvis ikkje så mange andre som bruker å gå der), så eg fant meg ei tue. De tre andre voksne var veldig tolmodige, og det var god stemning da de to pappaene fant posten! HURRA! Ellers var det de to yngste som var knallgode å finne postar og noko som kunne likna på sti. Lillesøster sa "Fra no av kan dokke bare kalle oss for "stifinnarane"!"
Nok eit vatn vi ikkje har vore ved. Her var det også badestrand! Vi kjem tilbake!
Etter post 4 stoppa vi og åt lunch. Da hadde vi gått i ulendt terreng i to timar. Ungane hadde støvler på, medan eg og mannen hadde gjennomvåte fjellsko. Men det var så varm at det berre var deilig - heilt sant! Særleg var det fint alle de gongane vi trakka igjennom myrer - det berre sildra opp kaldt vatn mellom varme tær - herleg! Eg lært i går at stor fjellsekk ikkje er det smartaste på orientering. Det er mykje over og under trær og busker og den henger seg fort fast. Skitten blir den også. Men på den andre sida er det mykje mat som må vere med når vi skal farte rundt i skauen i timesvis! Den vart ikkje mindre, men den vart i alle fall lettare ettersom timane gjekk.
Tursnacks, kakao i kopp og orienteringskart
Post 6 var episk. No hadde vi gått så lenge og trakka i myr og mellom rotvelte at alt var morsomt! Vi gjekk nærmast rett på den, heldigvis, også skulle vi vidare gjennom noko som på kartet såg veldig vått ut.
Det var det også, men kven skulle tru at der, midt i ingenmannsland, var det satt opp stokkar til bru? Det var ikkje sti før brua, og ikkje etter. Men bru var det. Etter eit par hundre meter kom vi gjennom ei stor busk og der var vi midt i lysløypa. Eg veit ikkje kven som var mest overraska; vanlege trugåarar som ser at 8 skitne mennesker kjem ut frå ei busk, eller oss som ikkje skjønte kvar vi plutselig var havna!
På dette tidspunktet hadde lillesøster fått nok, så eg og ho sa takk for turen og gjekk tilbake til bilen. De andre tok de siste to postane og kom heim til ferdiglaga middag og to som hadde hatt tid til å dusje og fjerne flåttar. Det blir ein del flått når du svømmer gjennom busker og kratt ein heil søndag. Men det var veldig gøy, spanande, utfordrane, annleis og ikkje minst hadde vi masse å snakke om etterpå! Noko heilt anna enn nok ein topptur (men eg trur likevel at eg likar fjellturar betre)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...