mandag 21. mars 2016

Marsutfordring og AFK

Nokon av oss trenger å øve oss på å fokusere på det som er positivt i kvardagen vår. Derfor tok mannen initiativ til ei marsutfordring i familien vår: kvar dag skal vi fortelje om minst ein kjekk og positiv ting som har skjedd iløpet av dagen. Vi tar dette ved middagsbordet.
Første dagen vi gjorde det nekta storebror å komme meg noko. "Jeg vet ikke" "Ingenting har skjedd" "Jeg vil ikke snakke om det". Først da mannen spurte om han hadde gått med nokon heim frå sfo kom historia om han og kameraten som hadde aka heim medan de hadde sendt papirfly avgårde ned bakkane, som de så hadde hatt kappløp med. Det var jo kjempegøy! Det er jo nettopp dette vi skal øve oss på - å hugse de kjekke tingene!
Sjølv fortalte eg ein dag om at eg, på veg til møte i sentrum, hadde gått ein liten omveg under Smørsbroen for å sjå på den nyfødte gafittikunsten som er der. Kunstverket heiter "Awakening" og er rett og slett så nydleg at eg fikk vondt av å sjå på det.
AFK er ein kjent bergensk grafittikunstner som "ingen" veit kven er. På facebooksida si skreiv han dette saman med link til BA sin omtale; Thanks to security for keeping us on our toes. Han jobber når ingen ser, og det kjennes som magi kvar gong noko nytt blir laga utan at nokon veit om det, frå ein dag til ein annan.
Det hjelper på tankegangen vår - dette prosjektet. Alt etter ei veke kjem vi fortare på noko kjekt å fortelje. Samtidig er det veldig godt for meg og mannen å høyre om de kjekke tingene som skjer på sfo, skule og i barnehage. Innimellom kan eg synas at det blir vel mykje negativt, om kven som sa kva og kven som gjorde kva. Eg vil høyre om det fine! Om den gøye leiken, om sola som skinte, om læraren som lot akkurat storebror vere først denne gongen, om turen ut berre fordi det var varmt, og om kameraten som holdt døra oppe til alle var komt ut.

Sist veke fortalte begge ungane om kjekke ting før vi starta "runden", så dette har fungert kjempebra! I dag er vi på veg på påskeferie - så det er ikkje vanskelig å finne positive opplevelsar i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...