fredag 29. april 2016

10 mil og sykle til jobb

I morgon er det siste dag av "10 mil i april"-utfordringa på facebook og ein dag før siste dag av april har eg tatt regnskap av månaden. Eg ser at det har blitt masse sykkel, grunnen til dette er sjølvsagt bare vegar og vårkjensle - men mest to unger som vil ut på sykkeltur nesten kvar dag! Det blir fort nokre kilometer på den måten!
Ein av kilometerene i april var i båt saman med denne flotte guten!
Samtidig som det er facebook-challenge har vi meldt på eit lag i "Sykle til jobben"-kampanjen, så her registrerer eg også kilometer og tid. På det systemet blir aktivitet rekna om til poeng, og det er maks 3 poeng om dagen - så sist søndag for eksempel; da vi sykla til fjell, gjekk opp og ned og sykla heim igjen, vart det kun 3 poeng, ikkje 6 som det ville ha fått om eg hadde sykla ein dag og gått på fjellet den neste. Men uansett - 10 mil i april reknar alle tilbakelagte kilometer utan makstall!
Eg og lillesøster på ettermiddagstur
Det er jo med ein stor grad av stolthet (stølhet) og ei forklaring på kvifor eg i dag kjenner meg som ei utbrukt vaskefille at eg kan vise fram tall for april:

GÅ 65.62 km
JOGGE 44.15 km
FJELLTURAR 9.04 km
SYKLE 62.34 km

TOTALT: 181.15 km
Eg og storebror på veg til fjellet
Det er ikkje så reint lite. Det er fokus og mange ettermiddagar der eg har sykla, gått eller jogga framfor å rydde hus eller lese bok. I dag sykler eg også til og frå jobb, og eg trur de 19.9 km det blir tilsaman er de siste tilbakelagte kilometerene i april. Men om det blir fint vær i morgon kan det vere vi tar oss ein fjelltur. Men eg er i alle fall i mål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...