lørdag 30. april 2016

GelliSnow



I skapet har eg hatt liggane denne pakken med GelliSnow, eller snø da altså. Her var det fire posar med pulver som kvar for seg skulle miksast med 1 liter vatn. Ein dag eg meinte at ungane burde vere litt heime (i periodar er de så masse med venner at eg må overtale de til å vere litt heime også) tok vi de fram og prøvde oss!
      
Det var kjempegøy, og det vart kjølig, mjuk "snø" som ikkje smelta. Også lukta det skikkelig godt!
   
Eg tenkte at dette kom sikkert til å vere gøy i fem minutter, men det var faktisk gøy i halvanna time!
De miksa litt mellom skålene, begravde ting i snøen, lagde køyrebane osv. Til slutt blanda de alt i ein og satte den ute under trappa med plastikk over for å sjå kva som skjedde når den stod ute i eit døgn.

Slik såg gulvet ut etter at de hadde tatt den ut. De rydda opp igjen, men eg måtte hjelpe masse til for det smuldra liksom opp når vi prøvde å tørke det vekk. Vanskelig å få skikkelig reint!
Neste dag henta de den store skåla inn igjen. Da var snøen akkurat som før, men sjølvsagt kaldare. De leika i halvanna time til, og i løpet av den tida gjekk eg frå de og satt på stua å snakka om sommarferie med mannen. Det var sikkert vår feil, vi høyrte jo den hysteriske latteren frå kjøkkenet, men vi hadde litt tid til å snakke, så da utnytta vi den.

Da vi kom inn på kjøkkenet hadde de helt snøen utover gulvet, den låg i klaser opp langs og oppå begge stokkestolane, oppover vegger og skapdører. Ungane hadde sklidd i det så de var klissete på klær og i håret. FULLSTENDIG GØYT KAOS! De hjalp til med å rydde og vaske, men det tok oss likevel ein heil time å få det reint igjen! Om ikkje anna vart kjøkkenet heilt reint, så det er ikkje så ille at det ikkje er godt for noko. Likevel tar vi de to posane ute neste gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...