torsdag 28. april 2016

Full trening før middag!



I dag måtte mannen ha bilen, så da gjennomfører eg det som eg gjentatte gongar har argumentert med når vi diskuterer sykling til jobb vs. køyring vs. buss. Buss har eg prøvd på tidlegare, ein gong, denne gongen sykla eg.

Først av alt brukte eg ein time og eit kvarter mellom da eg gjekk utav døra heime til eg gjekk inn døra på jobb. Kvifor? Fordi eg leverer to unger på ulike stader før eg kan begynne å sykle. I barnehagen i dag måtte eg ta opp ein sak med ein av de ansatte før eg gjekk vidare til skulen med storebror. Dette gjør eg jo ikkje kvar dag, men det tar jo alltid litt meir tid enn å berre gå dit.

Sjølve sykkelturen vidare var jo grei skuring. Det er langt (nesten ein mil) og eg har sykla opp nesten 600 høgdemeter - det er masse opp og ned og opp igjen. Da eg kom på jobb var eg svett sjølvsagt, men eg hadde med meg sekk med våtserviettar og deo, samt tørre klær (eg sykla med treningsklær).

I dag skal eg på møte i byn, så da går eg dit og tilbake = 7.5 km gange. Og da er det berre å skifte klær og hive seg på sykkelen for å sykle heim. (Eiegntlig ikkje sidan eg når eg kjem på jobb kl.08:45 ikkje skal gå frå jobb før kl. 16:15, men i dag må eg gå til vanleg tid) No vel eg å sykle ein litt anna veg sidan eg ikkje skal hente nokon, og det betyr nesten to kilometer ekstra, men litt mindre stigning.

Før middag har eg altså bevegd meg i overkant av 27 km. Det er bra trening altså!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...