lørdag 23. april 2016

Jordskokksuppe

Eg mottar innimellom varer frå ein gard i Hardanger. Bestillinga mi er frukt og grønt, mest grønsaker - satt saman av de som jobbar der. Sist veke fikk eg denne flott saken i kassa mi:
Jordskokk. Den hadde eg aldri prøvd å lage noko med før, så sist helg fann eg oppskrift på Jordskokksuppe her og kokkelerte kveldsmat til meg og mannen-
Det passa bra at eg også hadde fått ein heil del sopp i kassa mi, det skulle også vere med i suppa! Det var ein liten jobb å skrelle alle knollane, men med hjelp frå mannen og god helgetid gjekk det fint.
Suppa stod og kokte medan vi la ungane og rydda huset. Ein stad inni der mosa eg den med stavmiksaren, og lot den puttre vidare til huset var stille og vi kunne sette oss ned. Eg veit ikkje om det er fordi den fikk koke så lenge, eller kva det var, men dette var heilt nydleg!
Eg hadde bakt brød også, så dette var verkleg kveldsmat med gode smakar! Suppa ser ut som gammalt oppvaskvatn, men lukta og smakte nydleg! Nøtteaktig og rikt - MMMM! Denne skal vi absolutt lage igjen! Det er så gøy å prøve nye ting, i alle fall når det smaker så godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...