mandag 18. april 2016

Ulriken i mars

For ein søndag! For ei helg eigentlig, men det er jo ikkje alt av gøye ting eg har bileter av/kan leggje ut på internettet, så vi held oss til gårsdagen! Vi skulle på årets første fjelltur saman med ungane, og storebror og mannen ville gå Ulriken for å øve seg til 4-fjellsturen de skal vere med på i mai. Da er Ulriken fjell nummer ein, så tanken var at det er lust å kjenne på korleis det er å gå opp og ned.
Gøy med taustige!
Vi valgte å gå 7-fjellstraseen, ikkje den bratte, korte som vi vanlegvis tar. 7-fjellstraseen går først vekk frå Ulriken sin topp, også tilbake. Vi gjekk saman med ein vennefamilie og dette var den første turen deires opp Ulriken nokon sinne, så også slik sett er vegen vi gjekk betre.
Fleire flate områder på veg opp
Når vi kom oss vekk frå den mest populære vegen, den som går rett opp frå Montana, vart det også mykje mindre folk. Å gå på byfjellene ein finværssøndag er som å gå i byn på ein laurdag - fult av folk overalt!
Lillesøster viser kor stor byen er :)
På eit tidspunkt skilte vi lag, mannen og de fire gutane gjekk langs randen som er på biletet under, medan jentene gjekk den planlagte ruta vidare.
Ser du Ulriken i det fjerne?
Da vi var komt oppå fjellet var det store snødekte felt igjen som var så kjekke å gå i! Når sola gjekk bak ei sky vart det iskaldt i vinden, men når den kom fram igjen - NYT! Godt vi smørte oss med solkrem før turen!
Lillesøster i fin driv
Når ein først har komt opp i rett høgde og går mot masta på Ulriken kjennes det som om ein aldri kjem fram, haha, i alle fall var det slik i går. Vi gjekk og gjekk, men kom liksom aldri nærmare! Det gjorde vi sjølvsagt, og gutane var berre fem minutter før oss, så den vegen de gjekk var ikkje mykje raskare.
Her åt vi medbrakt lunch og varma oss med kakao før nokon av oss kjølna seg ned igjen med is i sola! På veg ned fikk vi sjå to paraglidere som tok av og susa avgårde - det var utruleg stilig å sjå så nære! Lillesøster stakkars trudde ho også skulle få prøve, så der vart det ein liten runde.
Ser du paraglideren på veg mot Fløyen?
På veg ned gjekk menn og barn ned stien som er rett under Ulriksbanen, medan de to mødrene havna litt for langt til venstre og havna på den stien eg vanlegvis går ned. Det er luksus å gå ned utan barn, så det var for så vidt heilt fint - kjekt med eigentid og tid til skikkelig samtale!

Etter mange timar på fjelltur var vi godt stolte over ungane som er knallflinke og spreke fjellfolk! Første turen i år gjekk som ein draum! Som turkameraten vår sa "Denne turen var balsam for kropp og sjel"! Hehe, trur de kjem til å ta seg fleire turar opp på Ulriken etter i går! Det er kjekt å gå på tur med gode venner!! Finfint å gå på fjelltur med 15 kg sekk på ryggen også! I dag kjenner eg turen i lårmusklane - bonus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...