tirsdag 28. januar 2014

Sol og tulipanar

I dag skinner sola ute, og sidan eg har vore inne til no latar eg som om det er vår i lufta. Det er det sjølvsagt ikkje - eg ser på gradestokken at det er eit stykke under null. Men det er eit nydleg og reint vinterlys ute som ser deilig ut frå sofaen!
Mannen tok med ungane i barnehagen i dag, så eg fikk sove til eg vokna av meg sjølv, og slapp å få de opp og ut. Eg føler meg betre i dag, men kjenner meg framleis heilt utstlitt i kroppen.
Tulipanar er eigentlig like fine når de synger på siste verset!
Eg håper førmiddagen i sofaen gjer meg energi til å ta i eit tak her heime! Når eg er sjuk fyller det seg alltid opp på bord og på hylletopper. Her rydder eg dagleg, men når eg er utav spel blir det etterkvart haugar med ting der, og det er skikkelig ukosleg!

Men først skal eg lage meg ein ny kopp te og sjå ein gammal Friends-episode medan eg nyter at eg er heilt aleine heime!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...