tirsdag 21. januar 2014

Enebarn og styrketrening

I dag er vi eitt barn mindre ved middagsbordet. Storebror skal for første gong vere med ein kamerat heim frå barnehagen. Vi har titt og ofte med hans kamerater heim til oss, og det er tydleg at storebror heller vil ha besøk enn å vere på besøk. Vi prøver å utfordre han litt på det, for alle gongane han har vore på besøk hos andre har han storkosa seg! Tidlegare har han vore på besøk nokre timar i helgene, men denne gongen skal han altså vere med heim og spise middag saman med kameraten og familien hans. Spanande og veldig kjekt!
Det blir nok litt stille rundt bordet i dag når vi ikkje har to unger som snakker i munnen på kvarandre. Det blir også ok å høyre kva lillesøster seier utan å bli avbrutt.
Lillesøster liker å gå i voksenbokhyllene og hente lesestoff. Gjerne biografiane av ein eller anna grunn :)
Sjølv var eg på ein time styrketrening i går og har kjent utover dagen at gangsperren kjem snikande. Veldig godt! No har eg fått heve-senkepult på jobb også (alle vart kjemperedde da vi las artikkelen om at å sitte heile dagen var like helsefarleg som å røyke!), så eg tenkjer at vonde skuldre og rygg er eit tilbakelagt kapittel! No skal de kun vere vonde når eg har trent de! Dermed basta!Eit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...