fredag 10. januar 2014

Ein god fredag

Midt i ein draum der eg hadde besøk av Alexander Dale Oen ringte klokka mi i dag tidleg. Da eg opna augene såg eg rett på lillesøster som smilte og sa "God morgen mamma! Eg har sove heile natta i mi eiga seng!" Snakk om å gå raskt frå det eine til det andre. Heldigvis er eg meir dreven som mamma enn som vertinne for ein død idrettsstjerne, så eg kom meg raskt og klarte å svare sakleg. Eg måtte ringe mannen for å dobbeltskjekke om det var sant, og det var det - for tredje gong på to månader altså - high five!

I barnehagen i dag såg eg eit lettelsens blikk hos alle foreldre som leverte samtidig som meg. Det er fredag! Vi har komt oss igjennom den første harde veka etter ferie! Ingen sak for meg som har oppholdt meg i sofaen sidan måndags ettermiddag, men eg gler meg med resten av befolkninga og er klar for helg!!

I kveld skal eg og mannen på førpremiere på Den Nasjonale Scene og sjå "Reksten - firmaets mann". I morgon skal vi kombinere ein tur med full bil som skal til Fretex med ein tur til IKEA for å handle nips. På søndag skal vi på danseforestilling i Grieghallen alle fire. Ei innholdsrik helg med andre ord. Etter tre rolege veker håpar eg at det skal gå bra! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...