torsdag 9. januar 2014

Prinsesse eller barn?

To små venner - utkledd som prinsesser.
I dag las eg dette og er så hjartens enig! Eg anbefalar at de leser det som står der, så eg skal ikkje gjenta poengene her. Unger skal prøve ut ting. De skal finne ut kven de er. De skal skjekke om reglane som er satt er heilt vanntette. De skal snakke saman, leike saman og vere aktive. De skal lage lyd og de skal lage "rot" (eg kallar det ikkje rot, med mindre de faktisk berre kastar alt rundt seg, eg kallar det leiking).

Samtidig skal de også få vere i ro. Pusle, lese, perle eller male. Leike med plastelina, sortere steinar, bygge lego eller kle av og på dukka si. Barn er allsidige og ein dag bør, i ein perfekt verden, inneholde doser av både aktiv og roleg leik.

Eg kallar ikkje ungane mine prins og prinsesse. Eg seier av og til til lillesøster "Er du ei prinsesse eller?" når ho forventer at vi skal gjøre for mykje for ho. Svaret eg bruker å få er ganske klart "NEI! Jeg er lillesøster!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...