torsdag 30. januar 2014

"Pappa og barn"

"Pappa" finner klemmer til "barnet" sitt hår.
De siste to ettermiddagane har ungane leika Pappa og barn frå etter middag til leggetid. Det er gull verdt i desse "jobbermedåblifriskigjen"-tidene. Eg har sitte i ro og lest eller strikka medan ungane har leika seg fint i kjellaren og på badet. Heilt fantastisk!

I dag var eg tilbake på jobb, og det var langt ifrå nokon roleg start! No er eg heilt utslitt og tungpusta igjen, så det blir godt med nok ein roleg ettermiddag. Storebror har med seg ein venn heim, medan lillesøster og mannens skal henge opp nokre hyller på rommet hennes. Da er alle opptatt med sitt - og eg kan shlække'n på sofaen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...