mandag 19. oktober 2015

Damsgård

I går var det nok ein søndag med sol (finnes det ein anna type?) og vi hadde planer for dagen!
Heime såg det slik ut! Lang skugge no når sola er ganske lågt på himmelen. Her er klokka 10:30 - god morgon!
Dette var ein organisert tur, så vi møtte ved Damsgård Hovedgård der turen skulle gå frå. Ungane storkosa seg i den flotte hagen! I sola var det faktisk ganske lunt og fint, sjølv om vi etterkvart er eit stykke utpå hausten.
Turen gjekk frå Damsgård Hovedgård og opp på Damsgårdsfjellet som ligger rett bak. Med oss på turen hadde vi ein botaniker og ein geolog; så undervegs var det fleire stopp med lange utgreiingar - fantastisk interessant; vi stod som fjettra heile gjengen! Til og med storebror måtte fram og sjå på bileta geologen hadde med seg - dette var mat for nysgjerrige hjerner!
Storebror i striper :)
Dette er ein tur som vanlegvis ville tatt maks 1 time, men med taletrengte folk brukte vi heile 4 timar! Det kunne fort ha blitt ei utholdenhetsprøve for alle, men ungane klarte stort sett å følgje med eller finne på noko anna å gjøre medan det var forelesningar. Vi andre var storvegs imponerte og fasinerte av ein verden vi kan veldig lite om!
Det var vindstille og flott på toppen av Damsgårdsfjellet (som forresten består av knallhard stein som kun har forvitra 2-3 cm sidan istida for 11 000 år sidan) 344 moh. Her ser vi mot sørvest og Flesland.
På veg ned gjekk vi mot Melkeplassen - her ser vi Løvstakken toppe seg. Forøvrig eit område med enorme mengdar radon, noko som kjem av den sprekkete bergtypen granitt som denne delen av Bergen består av.

Tilbake på Damsgård fikk vi purre - og potetsuppe, ripssaft, eplekake og kaffi! Mmmm! Vi køyrte heim nesten seks timar etter at vi reiste; og da mannen stod der med poteter i handa for at vi skulle lage indisk gryte med 26 ulike ingrediensar tok eg ein sjefsavgjerdsle på at det vart McDonalds til middag. Generelt sett utnyttar vi oss ekstremt sjeldent av mulighetene som kommer ved å ha Mc'ern 5 minutter unna. Oh well; maten kom lett på bordet og alle vart glade og fornøyde etter nok ein fin dag på tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...