mandag 30. oktober 2017

Stoltzekleiven opp 2017

For tredje år på rad var vi med på familiedagen Stoltzen Opp! Det er eit så kjekt arrangement! I år meldte vi berre på ungane slik at de fikk tekniske t-skjorter, men vi var jo med alle saman.
Lillesøster hadde sprut i beina heile vegen opp! Eg er så imponert! Storebror var litt meir nølande baki trappa, men han var ikkje langt bak oss da vi var på toppen. Vi gjekk vidare mot Fløyen og gjorde unna rebusløpet speidarane hadde laga, før vi satte oss på ein benk og åt lunchen vår. Kakao er alltid med på hausttur! Vi var litt klimaskada etter fleire veker med knallvarme i Bergen. Denne søndagen var det vanleg hausttemperatur på rundt 10 grader, og vi var ikkje varmt nok kledde!
På Fløyen satte vi oss inn og venta på at de tok nysteikte og megasvære skillingsboller utav ovnen. Medan vi venta tok lillesøster å reiv ut den eine tanna si etter at den hadde vore laus og vond i nokon dager. Tøffare enn toget! Etter varm gjærbakst hadde vi masse energi igjen og gjekk tilbake til Sandviken der bilen vår stod. Denne runden har vi gått mange gonger, og det er spørs om ikkje bolle på Fløyen må bli eit nytt element! Turen ned igjen har i alle fall aldri gått så sutrefri!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...