mandag 9. oktober 2017

Rundtur

Det var  søndag og det var sol. Vi skulle på tur til tross for store protestar frå begge ungane (!) "NEI! JEG VIL IKKE" "Det er så fint vær, da må vi jo gå på tur!" "NEI! DET MÅ VI IKKE!"
Jo, det må vi! Og mannen hadde valgt seg ut ein ny tur etter at han etter sigende sa at han synas vi hadde trakka litt mykje på byfjella de siste åra. Vi køyrte til Eidsvåg og innover til vi parkerte ved vegen opp til Stølsvatnet. I følge ut.no var her ein rundtur rundt vatnet på ca 5 km.
Det var bratt med det samme, så vi kom fort opp til utsikt! Ned mot vatnet, bort til Rundemanen og ned til Eidsvåg.
Nokon sutra nesten heile vegen opp til ein av de mange haugane (toppane?) der alle fikk kjeks og ein pust i bakken.
Like etterpå, på veg opp til første topp på Stangelifjellet, 418 moh, var det så bratt at det var lagt ut eit tau. Der kom snupunktet og humøret steig på rekordtid!
Oppe på høgda såg vi klart korleis vi bevegde oss rundt vatnet frå topp til topp. Sola skein, og det var kun litt vindt på nokon utsette stader. For ein dag!
Rundt halvvegs stoppa vi og åt lunch. Tomatsuppe, kakao og kaffe. Med DENNE utsikta!

Skål!
Vi gjekk vidare etter ei god pause og kom opp på Storsåta, 434 moh. Det var litt "Vidden light" med ganske flatt terreng og tett mellom vardane.
Herfrå var det berre nedover til vi kom til demningen der vi starta nokon timar tidlegare.
Eg sa til nokon at det var ein magisk tur sidan det var surmuling til begynne med, også glade stemmer når vi var ferdige, men det var vist ikkje heilt sant.
For ein fin tur! Og så kjekt med noko nytt! Eg gjekk med sekken som vanleg, og veigde den før vi gjekk. 10 kg ekstra bærer eg med meg på turar. God sekk har eg i alle fall. Men dagen etter var eg heilt knøfta i rygg og eine hofta, så eg lurer på om eg kanskje hadde forstrekt noko på turen. Det var ganske sleipt, og om eg ikkje datt, så sklei eg fleire gongar. Med sekken på. Det er ikkje heilt risikofritt på fjellet, men åh, så deilig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...