Derfor er vi heime i dag også. Storebror ville vere med på legetimen vi hadde kl.10, så han fikk nok ein gong kose seg med frukost i sofaen. Heldigvis sov han til nærmare 8 i dag - så det var godt at vi ikkje skulle opp så tidleg. I det vi skulle gå til legen kasta lillesøster opp igjen, så vi troppa opp på legekontoret med handkle og avdvarte om mogleg oppkast til dama i skranken. Ikkje det at det gav oss noko fordel, vi måtte framleis vente i ein halv time før det var vår tur, med de andre ventande som unngjekk oss som om vi hadde med oss pest inn (omgangssjuke er vel nesten det også). Fastlegen hadde fri i dag, så vi hadde fått ein turnuslege. Eg som gjekk inn dit med eitt barn med augekatarr kom ut igjen med hovudet fult av moglege grunnar til at ho hadde feber og kasta opp: Urinvegsinfeksjon, pollenallergi (!) eller halsbetennelse. Turnuslegen spurte meg ut om alt, og kasta fram den eine diagnosen etter den andre, så mykje at ho vart overbevist sjølv om at lillesøster måtte ta blodprøve. For augekatarr var det i alle fall ikkje!! Da var det tilbake til venterommet for vår del.
Etter 20 minutter fikk vi komme inn, lillesøster fikk stikk med blodprøve som sjølvsagt viste seg å vere HEILT FIN! Ingen halsbetennelse å spore, synd for legen. Rundt kl.11 fikk vi levert storebror i barnehagen, og eg trur neppe eg har sett han vere så glad for å bli levert nokon gong.
Premie frå "stikkelegen" |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!