onsdag 5. februar 2025

Velkommen 2025 og januarliv

Januar var lang, men god. Vi starta året med ei periode med vintervær og sol! For eit hell! Bilete frå første tur i 2025.

Vi køyrte til Løvstien for å gå på ski med urban utsikt. 
Også gjekk vi på ski i vår eigen skog med sti. Tenk at vi har dette berre 5 minutter unna huset vårt!
Vi inviterte naboar, venner og familie på kvardagsmiddag på ein måndag. Huset vart fullt av fine folk og gode samtaler, leik og latter. Slik kan ein gjøre ein mørk januarmåndag til ein skikkelig fin dag!
Ibsen blir spelt på DNS og eg er på plass - og synas mangt og mykje om det som vart vist. Men Ibsen er god!
I stadenfor å reise heim og spise middag, går eg på kino etter jobb med medbrakt mat. Snap til venninne som synas det er veldig rart når eg spiser alternativt på kino:D
Eg er heldig på og sitter heilt tett på eit kulturelt ikon da ho besøkte Grieghallen. 
Det er uvær og farevarsel, og eg har avtale for å smake persetorsk på Bien Basar. Sidan folk skulle holde seg heime fikk vi nesten heile restauranten for oss sjølve. Og maten? Heilt fabelaktig! Vi bestemte oss raskt for at dette måtte bli ein tradisjon!
Universitetet fyller år og feirer med lysshow på Naturhistorisk museum. Skikkelig, skikkelig gøy!
Yoga i ein av middelalderkyrkjene - alltid noko heilt for seg sjølv.
Det siste halve året har eg blitt betre på å gå ut av kontoret og spise lunch på cafe saman med kolleger, eller tidlegare kollegaer. Nokon får hjarte i moccaen sin. 
Eg fullførte ein strikkavest i varmt garn, og flotta meg med den (sjølvsagt)!
Ein cafe i byn inviterte på frukost, og kan ein det seier ein jo ja! Det er ein finfin måte å starte arbeidsdagen på!
Vinterbading også i januar. Ein dag gjekk eg direkte frå jobb,til Nordnes sjøbad, og rett i Puddefjorden, som holdt nesten 4.8 grader den dagen. Men det var 32 grader i bassenget, så det gjekk veldig fint! Solnedgangen denne ettermiddagen var magisk, men da var eg mobilfri i bassenget. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...