lørdag 21. desember 2013

Pepperkakehus til Pepperkakebyen

Vi er i gang med baking til Pepperkakebyen - i november!
I år som i fjord bakte mannen og ungane eit byggverk til Pepperkakebyen i Bergen (som i år var verdens største!). Storebror hadde bestemt at de skulle lage Brannstasjon, og mannen hadde googla og funne ut at de skulle bake Brannstasjonen i Pontypandy. Brannman Sam sin arbeidsplass altså :)
Her limer vi. Det som er greit med det som skal til Pepperkakebyen er at ein kan jukse på monteringa - det er ingen som skal spise det likevel:) Inni har mannen satt gamle avkappa stolbein slik at brannstasjonen skulle holde betre.
Som i fjord var vi gnitne på snopen - men rause med melisglasuren! Vi lagde også eit skilt der det stod kven som hadde laga det. Eg synas det vart veldig fint - mannen er berre eit funn på arbeidsteikningar! For ein som ikkje har snøring på 3D-vurdering er dette veldig imponerande!
Når ein leverer til Pepperkakebyen får ein to gratisbilletter. Vi var der ein laurdag i desember og leita og leita og leita! Vi hadde nesten gitt opp da mannen fann igjen brannstasjonen oppi ein fjellandsby. Her gjekk toget rett forann, så det var ganske fint! Ser de brannstasjonen rett bak toget? Med ein brannmann i pepperkake på taket?
Like ved eit bolighus, ei kyrkje og ei borg. Ein liten landsby med ein knakandes flott brannstasjon!
Slik såg det ut frå vegen der vi kunne gå. Ikkje lett å sjå - men ein veldig stemningsfull del av Pepperkakebyen.

Neste år skal vi bygge båt. Da blir de satt på "vatnet" som er nærmare gangvegen i byen slik at vi lettare kan finne det etterpå!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...