torsdag 3. april 2014

Travelby

Som om ikkje denne veka lenge har stått i kalenderen som skrekk og advarsel på kor masse jobb ein klarer å presse inn på sju dagar; så ballar det på seg. Litt forsinka bursdagsgjestar som kjem langvegs frå, og som vi derfor sjølvsagt tar oss tid til å ta i mot. Dugnadsjobbing i barnehagen. Og ekstra lange jobbøkter fordi ikkje alle møter opp når de skal / teknikken bestemmer seg for å systematisk jobbe IMOT oss.
Samtidig har lillesøster vore sjuk, og særleg om natta, slik at ingen av oss har sove noko særleg. Ho gjekk til og med inn i senga til storebror natt til måndag! Mannan var heime med ho på tysdag og i går, medan eg lurte på om eg også var blitt sjuk (noko eg vart og er, men utan feber - heldigvis!). Lite søvn, ingen tid til å spise skikkelig, og altfor lite tid til å nyte finværet, ungane og mannen denne veka. Det blir eg IKKJE lykkelig av!
Men vi biter tenna saman, og tenkjer at i dag er det litt mindre jobb, og i morgon avspaserer eg før det blir jobb både laurdag og søndag - og heile neste veke. Tenkjer at energien sikkert kjem tilbake saman med ettermiddagsfri. Tenkjer at sist veke var fantastisk, og at det er ingen grunn til at også neste veke vil bli det. Tenkjer at i morgon kveld skal vi opne ei flaske vin, og sjeldan er den meir fortjent!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...