fredag 4. april 2014

6 år!

Sist helg feira vi storebror frå fredag til søndag! Festen på laurdag vart full av fart, og både eg og mannen var enige om at vi på 7-årsdagen må ha litt fleire felles aktiviteter. Ikkje alle kjente kvarandre, men alle hadde nokon å leike med - stort sett - men om vi hadde i alle fall ein felles aktivitet utanom måltider, pakkeleik og snopeposer hadde festen gått "jamnare".
Vi hadde laga blå spiderman-kake etter ønskje frå jubilanten - så her på det lille, søte stettfatet eg fann på ein liten butikk, la vi trilla kuler i blå og "original" marsipan, og svart fondant. Restesnop.
Når alle var komt vart det pølser i brød. Eg hadde funne Eventyrbrus på butikken som ungane kalla for julebrus, og alle 11 ville ha julebrus til pølsene! Storebror hadde skrive navnekort til alle og plassert de rundt bordet med Spidermanklistermerker bakpå. De blå glassfatene er våre, og passar perfekt med blå spidermantema. Etter mat var det pakkeleik. Eg hadde skrive kort med fakta om kvar enkelt gjest, også skulle storebror gjette kven det var. Dette fungerte eigentlig veldig bra, men dessverre vart han som var siste lapp litt trist og lei for at han var sist.



Spidermanserviettar og snører i svart (laksis) og raud (jordbær) vart lagt utover bordet før kake og gele. Minimuffins frå 1-2-3-boks der vi hadde rørt litt blå matfarge i melisglasuren, vips, så var det også blå spiderman! Kjeks, gul og raud gele og meirmeir brus! Spidermankaka vi lagde på fredag kjem i eige innlegg :) Det er absolutt gele, raude snører og minimuffins som er slagere i barnebursdag. De som vil ha kake pirkar berre i den; men det er ok (og derfor hadde eg laga ein litt "voksen" sjokoladekake med kaffekrem inni spidermantoppinga).




Snopeposer hang vi på ripsbuskene etter at gjestane var komt. Alle kledde på seg og sprang ut og fann seg ein pose. Alle vart igjen ute for å spise og leike, noko som fungerte fint i ti minutter før de var OVERALT på eigendommen slik at det var umogleg å kontrollere at alle var der de burde vere (altså ikkje i bilvegen), så vi sendte alle inn igjen. Da de fleste gjestane vart henta etter to timar var vi ganske kjøttkake i hovudet. Men storebror hadde verkleg storkosa seg med alle vennane sine - og hadde fått masse kjekke gåver!
Slik har han eigentlig vore heile veka. Sitte ved kjøkkenbordet og bygd lego. Han fikk noko lego både i barneselskapet på laurdag og av middagsbesøket på søndag som han bygde. På tysdag kom farmor på besøk med spidermandrakt (OH GLEDE! Vi får den knapt av han :)) og Laval sin borg - som storebror har ønska seg sidan i fjor haust og som han har spart pengar til sidan han såg den i eit blad. Laval sin borg er i lego og er frå 8-14 år, noko som betyr at den er ganske komplisert å bygge. Storebror klarer det, men den er 10 posar med lego i pakken, og med barnehage kvar dag rekker han kun å bygge litt kvar dag. Den tar tid, men han ELSKER det! Heldige. heldig, heldige storebror!!!

Det er stas å blir seks år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...