torsdag 13. februar 2014

NEI!

I det siste har det ljoma frå vår del av tomannsboligen 10 minutter utanfor Bergen sentrum:

NEEEIIIII!


Eg er sikker på at de høyrer det - alle de som står rundt den Blå Steinen og venter på nokon. At eit så lite menneske kan lage så mykje lyd! Og med meir pondus og krav om respekt enn de fleste eg omgås dagleg. 

Det er lillesøster som jobber med sine eigne grenser. Berre for vere sikker seier ho nei til det meste. Nei til å gå på do. Nei til å ha på bukse. Nei til å skru ned musikken. Nei til å settje seg ned ved middagsbordet. Nei til å le av vitsane til storebror og nei til å komme på fanget for ein kos (ALDRI skjedd før!). På tysdag ville ho ikkje spise pasta med laks fordi ho ville ha kylling. I går ville ho ikkje spise kylling fordi ho ville ha laks. Ho lo litt da eg påpeika mønsteret, men vart like fort sur igjen, mumla "taksjåmaten" og gjekk i stua og skrudde på Oddvar Torsheim sin "Nynorskens skog" på max volum. Storebror, veslevoksen som berre han kan vere, kikker mot stua og seier "Den musikken var da veldig høgt på." akkurat idet lillesøster kjem tilbake inn på kjøkkenet. Det lyner i augene hennes da ho ser på han og freser "No er det EG som snakker!", ho snur på hælane og tramper ut igjen i stua.

Den såkalla "trassalderen" er i full blomst, og den er ganske så annleis enn storebror sin. Kan eg seie det så enkelt at her er det meir irritasjon og sinne, medan det hos storebror var mest frustrasjon og sutring?
Til og med under besøk av ein av venninnene frå barnehagen vart det krise. Lillesøster ville ikkje dele NOKO SOM HELST, og ho ville kun leike med det venninna leika med. Ho grein i nesten to heile timar; og under heile besøket! Stakkars lille venninne og stakkars lillesøster! Dette er første gong eg har opplevd at ho har blitt så sur for at ho må dele. Lillesøster elsker å leike saman med nokon, så denne sida av ho var heilt uvandt for meg.

Heldigvis er ho også like variert i humøret som ein tenåring no medan trassen rir som verst. Like etter at ho har brølt NEI! kan ho skrattle og seie "Mamma, du er så tullete! Eg liker deg." Eit smil frå den kanten gjør at vi tåler dagesvis med eigne meiningar på ukurante tider. Ho er grådig søt den jenta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...